Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

Ombygging av fjøs



Har tenkt på å bygge om fjøsen i mange år no, siste året med intensiv planlegging.
Ikkje minst rekning.
Eg vil satse på bondelivet, og då må ein satse - og eg vil ha det praktisk så eg slepp å slite meg ut for nokre få dyr og det skal være godt for dyra å bu hjå meg :)

- Men det kostar. Takke være positivt svar frå Innovasjon Norge på tilskotssøknad kan eg sette i gang med ombygging så eg kan få oppfyllt ynskjene :)

Fjøsen vart bygd i 1982, båsfjøs til 20 mjølkekyr og ungdyr.
Så stor og flott fjøs.

Etter at mjølkedrifta vart avvikla har me hatt litt sauer og ammekyr,
Me har siste åra auka antallet på begge produksjonane - og det har vanka mykje tungt manuelt arbeid i fjøsen slik den har vore no.
Det har vore grei oppstalling for kyrne på båsane og sauer i bingar.
Men dei som har jobba i fjøsen har hatt det tyngre.

Noko av det eg gler meg mest til å sleppe er å løfte på saueristene og fjerne sauemøka med greip annankvar månad :) Eller å bære vatn - spesielt i lamminga når dei drikk mykje.

Det er sau eg vil satse på, med ei lita stamme ammekyr attot.
Betonggolvet skal vekk og eg skal ha drenerande golv til sau i store frittgåande bingar, med fri foring av grovfor og kraftforautomat til sauene.
Gledar meg til å sjå sauene får styre seg heilt sjølv, med god plass og naturlege rytmar med eting både av grovfor og kraftfor. Ikkje styrtete når eg bestemmer fjøstida, for ikkje å snakke om kor dei stressar og kavar og slost for å få tak i kraftforet.


Eg lagar oppdateringar på bloggen og legg linkar her, så vert ikkje det så skrekkelig mange bilder å bla igjennom på denna sida :)
For bildedokumentering - DET er eg god på (mindre god på sortere vekk :)








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar