Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 4. desember 2010

Veke 48:)

God laurdag morgen Norge :)
Eg har egentlig ikkje skrivekløe idag - men tenkte eg fekk fortelle alt eg har hatt lyst å fortelle i det siste :)
Og bruke bloggen som avsatsbrett for å komme i gang med alt papirarbeidet eg har planar om å pløye igjennom i helga :)

onsdag 1. desember 2010

Eg er publisert :)

Driftig.no er jammen driftige - no har teksten eg skreiv i går kveld komme på nettavisa :)

Odelsjente og Alkymist

Jammen morro å sjå seg sjølv i media hahahaha

Gullfunn.....

......er eit anna ord for alkymist :)
Og det heiter etablerarkurset eg går på i haust, med siste samlinga på Kviknes Hotel neste veke.

Kurset Alkymisten vert halde av Innovasjon Norge og dei har leigd inn ein handfull fantastiske rådgjevarar til å hjelpe oss.
Eg fekk i oppdrag frå nettavisa driftig.no å skrive om mine erfaringar frå kurset, tenkte eg kunne legge det ut her
- så får de sjå litt meir kva det egentlig er eg driv med når eg tek meg fri og masar om at eg reknar og pønskar og skriv :)