Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

søndag 28. juli 2013

Riving - innredning og betong skal ut

Rivinga satte i gang 11. juli
Innovasjon Norge sa dette var eit prosjekt dei ville støtte med tilskot
-til mi store glede.
Eg trur ikkje eg hadde turd å sette i gong heilt for eigne midlar :)
 
Fjøsen vart bygd i 1982, flott båsfjøs for 20 mjølkekyr, ungdyr og kalvar.
Siste åra har me hatt nokre ammyekyr på bås her, og sauebingar over båsane.
 
No skal det verte drenerande golv til sau, møkakjellaren er under fjøsen.
Store bingar, fri foring av grovfor og kraftforautomat.
 
Slik ser det ut undervegs;
 

 
saueinnreiinga er på veg ut
 
 
Inngangen i fotograf-enden, forsentralen i andre enden.
No har me nesten fått ut all innreiing.
Det var ei FANTASTISK følelse å måke sauemøk for SISTE gang :)
 
 
Klart til å gyve laus på golvet.
Båsrekka til kyr er på høgre sida med mjølkerom bak veggen,
ungdyr på venstre sida med toalett og kontor bak veggen.
Mjølkerom og toalett har også møkakjellar under seg, så også her skal eg ha drenerande golv, men det vert i fase 2 :)
 
Forbrett, gangvegar og båsar ligg det betong, med element under alt.
Møkarennene er berre element.


Det første byggebasen paps gjorde
var å skjære den støypte betongen i terningar.
 
 
 
               Robin båra hol til boltane i betongterningane :)
   
 
 
Så var det å sette i gang å meisle laust:)
Dei hadde gjort ein god støypejobb når fjøsen vart satt opp,
for betongen sat godt :)

Provisorisk kran for å løfte blokkene laus
 

Med ei 90 cm lang jekketralle var det lett å manøvrere på trange plassar i fjøsen,
blokkene på jekketralla.....

....parkerte dei i fjøsinngangen....


....og tok dei att med traktor og la dei i skuffa :)

 
 
Søsters var steike flink å meisle og :)
 
 
Og Marcus fekk hjelpe onkel å meisle :)
DET var gøy! :)
 
 
Av meisling vert det mykje oppsop å skuffe opp :)
Har vel komme til 15 trillebårer med betongsmular til no :)
 
 
Har fått ut gangvegen bak kyrebåsane,
båsane er klar i terningar:)
 
 
 
Gangvegen bak ungdyra er vekk :)
 
På denne rampa var det ikkje hjelp i
60 kg motvekt for å få opp betongbitane:)
 

 
Bitane ligg lause og klar til frakt :)


Og så kom dagen då eg fekk være bas for ein dag :D
Tante Siv, Tor Egil og Onkel Rolf ville hjelpe i fjøsen :)
(paps var på jobb så då fekk eg kommandere :) 





Onkel Rolf i aksjon:)

Det grønne lynet Martinius på sykkelpause :)
 
 
Søte Nora gjekk heile dagen å lurte på om eg var ferdig å jobbe,
tok pause i lag med meg når eg tok pause.
Så ho fann ut det var like lurt å verte med å jobbe :)
Og det var stas :)

 



No er me komne så langt at betongdekket er vekk oppå elementa,
berre forbrettet står køyresterkt att.
Så no har nederste del av veggene fått i seg puss.
 
Og veggene har eg pussa klar til måling :)
 
Så no har me komne så langt at me tok oss kosedag på Langehaugen i går,
eg tok matlagingsansvar for alle arbeidande gjestar
(til alles felles glede/skepsis/overrasking/once in a Lifetime experiance :)
Og jammen har me søndag i dag og :)

1 kommentar: