Når bygda mi si framtid vert avgjort over målfoto i budsjettforhandlingar, då mister eg nattesøvnen.
Først vil eg sei at eg tykkjer det er trist at dette, nok ein gong, har
vorte ein debatt som utfordrar Sagatun mot grendaskulane (eller motsett). Det
kan ha komme av den gode gamle, splitt og hersk
– kanskje smart?! Men lite fruktbar og gagnar ingen av ungane/grendene/skulane. Og eg er sikker på at når alt kjem til alt så vil ikkje eg og du sei at mine ungar skal ha det betre på bekostning av dine ungar – det vart eit resultat av panikk og forsvarsmekanisme – det er uansett lite rasjonelt for alle partar.
SÅ:
Alle kjenner begrepet snøblind, eg vil introdusera begrepet «tal-blind»;Ein leser og skriver tal, pluss og minus – budsjettet går i balanse. Ein tek nødvendige prioriteringar. Og ein er nøgd.
Men ein gløymer å løfte hovudet frå skriveblokka, sjå på ringverknader og konsekvensar.
Eg vil – kanskje ikkje overraskande – fokusere på grendaskuleposten i kommunebudsjettet.
Eg og ser klart å tydeleg at det kostar meir for kommunen å ha sonen min i grendaskule enn i sentrumsskulen – på papiret.
· Det er litt færre skred å passere på skulevegen
· Foreldre og besteforeldre slepp bekymre seg i timar kvar dag pga skulevegen.
Ja dette er punkt som er vorte nemnd kvart år før, det er gode argument, difor «går dei
gjennom» gong på gong… Men i dag er det ikkje så mange born det går ut over, så
dei kan me «ofre»?? …
Så kjem eg til poenget mitt; MORGONDAGEN!
For Balestrand kommune, og alle innbyggarar i sentrum som i
grendene, så er også grendene eit
potensial. Menneska og familiane som bur i grendene – tilfører også kommunen
tilskot. I grendene våre er det mange sjølvstendig næringsdrivande som driftar eigne arbeidsplasser – RESSURSAR! Gardane er nokre av dei – og dei kan ikkje flyttast – her må familiane velje om ein vil busette seg og drifte gardane.
Eg trur nok at følelsen av mangel på respekt, ein føler seg
mindreverdig – gjer at truslane kjem; me flyttar frå bygda. Når ein sit i
kommunestyresalen kan ein kalle det truslar, men for forelderen er det
realitet.
For det første vil ein vise at ein faktisk betyr noko, for flyttar ein –
då merkar kommunen det. Første åra ved minkande tilskotsinntekter, 5- 10 år
etter minkar tilflyttinga, 15-20 år husa i grenda er enten feriehus, eller
stort sett ein spøkelsesby?! Eg ser ingen motargument mot at nedlegging av
grendaskular fører til negativ utvikling av grenda. Og negativ utvikling av
grenda fører til negativ utvikling av kommunen grenda ligg i.
For ikkje å snakke om usikkerheitsmomentet for 6 åringen, spente, redde, usikre, bilsjuke, leikne - kor fort dei må verte store?!
Når eg tok same skulebussen tykte eg det var hardt, og eg begynte ikkje før UNGDOMSSKULEN.
Så er 4 år betre enn 1, desse stadige kampane KVART ÅR. Det er så
motsett av forutsigbart og trygt som ein kan komme. Ein kan ha så stort lokalt
engasjement og ve kor stor eldsjel som helst . Og eg kan skrive under på at det
kan ete ein opp innanifrå og ut, det å bestandig være positiv og optimistisk
for å få fleire heim for så å istadenfor å jobbe med den positive utviklinga må
bruke alle kreftene mot det negative, kvar førjul. Det er feil!
Og for all del, lag ein langsiktig skulebruksplan – SOM VERT FØLGD.
Har me grendaskule eller ikkje, då kan i alle fall kvar enkelt ta avgjerder deretter. Skal me ta over eller ikkje, ferie eller fulltidshus….
Takk for merksemda!
........
Ved linken under visar eg og til noko av det me HAR gjort for å få positiv omtale og tilflyttarar, og det har virka. Det er både fleire menn og babyar her sidan då :)
vårsprell i Balestrand