Heimestølen Langehaugen er eit eldorado av eit turområde,
om eg vil ha kort eller lang tur, 
flatt eller bratt :) 
Om eg vil på "kosetur" eller jobbetur 
(mangt ein kan gjere mens ein er på tur som er nyttig :) 
I kveld var det berre tusletur for å sjå etter kyrne :) 
Sidan eg ikkje hadde fyllt opp hendene med redskap vart det ein del bilder :) 
Avlsoksen Vetleguten ville helse på :) 
Spent på kor mykje han sper på kontoen med om ein månads tid:) 
Kyrkalven Toralill på 4 mnd er skikkelig kosete :) 
Eline poserer for fotografen :) 
50% NRF (Norsk Rødt Fe) og 50% Hereford 
Må jammen bestille nye øyremerker til ho og, 
kor har ho vimsa seg fast skal tru! 
Tullungen helsar på avstand :) 
Og jammen kan tistel være litt fint og når ein legg godvilja til :) 
Revebjelle i tåkehav heite detta bilder :D 





 
 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar