Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 29. januar 2011

Nytt år nye mogelegheiter

Hei igjen! :)

No er det jammen lenge sidan eg har skrive blogginnlegg - eg har tenkt på det lenge,
men har liksom komme ut at treninga :) No er det nesten like skummelt som fyrste gongen :)
Eg hadde planar om å skrive ein oppsummering av 2010 - som mange har gjort, eg hoppar over det og begynner rett på dagen idag :)



Passar egentlig å sitte inne å skrive no, regnet piskar mot vindusruta i takt med vinden. Då er det ikkje verst å sitte inne ved peisvarmen, med lukta av nykokt kaffi og nyvaska klede :)
Kan nok gjere seg å få ut litt skrivekløe på bloggen, eg har hatt ein del lange mail eg har sendt av garde i det siste
- har ikkje med det å fatte meg i kortheit :)

Eg har lurt litt på kva eg kan fortelje om frå REndedal gard no - det er jo vinter og lite som skjer.
Ein går i fjøsen om morgonen, gir dyra mjøl og silofor, måker møk, kostar litt, strør sagflis, ser til at sauene har vatn - og så gjentek ein det om kvelden.
Og dagen etter. Og dagen etter der .........

........ men neida det er berre tilsynelatande slik det er. Der det er dyr (og der eg er) der skjer det alltid noko.

Kan begynne å fortelle om Làrus - oksekalven som vart fødd i Oktober. På bursdagen til Laura.
Han er sonen til Downs.


Her ligg rakkaren så uskuldig :) Men han er ein stor rampegut!!! Nesten kver gang eg kjem i fjøsen seier eg:
"ååååååå Làrus - ka er det no du har gjort???? Du må være snill gut"

Før eg fortsetter må eg berre nett nemne den flotte bakgrunnen bak Làrus, dei kunstneriske veggane i
mint grønt og raudt - med brune flekker :) Fjøsen vart måla mintgrøn i 1982 - seinare måla vi over med burgunderraudt. Dette har vi enda seinare vaska flekkvis vekk - og så har det seg slik at i kyrafjøs så vert det brune flekkar oppetter veggane. Eg for min del er ikkje så begeistra over desse grøne og raude sjablongane på veggane - har kvart år ein tanke om å måle om att. Men SÅ kom det ein anerkjent fotograf inn i fjøsen og skraut veggane opp i skyene - så no syns eg dei er kule :D

Tilbake til Làrus. Han har ein lei tendens til å bryte seg fram i forgangen. Og av og til må han på do når han fer der å lurer - så da gjer han i frå seg - i maten til dei andre. Då vert tante nate sint :) DET er ikkje lov altso!!!
Og så syns den vetle karen at det er soooo kjekt å erte på Tullungen Linda. Då og får han beskjed :)

Når eg er i fjøsen får han lov å gå laus over alt. Syns det er greit at han blir vand med ut og inngangane i fjøsen, og at eg går å skubbar og kontrollerar han. Eg innbiller meg det at den dagen vi skal ta inn att dyra går det mykje greiare om ikkje dyra berre har gått ut døra ein gong før. Då vert dei ikkje så redde. Ikkje minst den dagen dyrebussen kjem og Làrus er 500 kg tyngre. Så hjelper det veldig at han ikkje er redd utgangsdøra :D Og når ein er tøff vert dei andre tøffe og :)
Når Làrus skal tilbake på plass - der han må være innestengd når eg ikkje er der - så klarar eg enda å være den sterkaste. Han sjønner lunta og prøver å komme seg unna - men eg grip fatt i guten og geleider han dit han skal. Eg er sjefen - så håper eg han trur det når han er 500 kg tyngre og :)
Håper han lærer det snart, for no er han ca 100 kg og begynner å bli sterk, så eg begynner å få litt småproblem med å være "den sterkaste sjefen" :)


Her har Làrus lagt seg godt til rette midt i matfatet - til sauene :) 
Eg må berre le og (sånn uten at han ser det :) 

Eg manglar og ein hanske - eg finn den ikkje noken plass 
- gjekk å leita og leita - lurte på om Làrus hadde gøymt den. 
No lurer eg på om han har ete den :/ 

Ein dag eg kom i fjøsen stod Viksdølen som vi kallar han (faren hans er Viksdøl) 
ein smule fast. Han hadde leika og herja så godt han kunne på båsen. 
Vi klarte å få opp den floka og :) 

Av og til når andre tek fjøsen venter dei med mjølservering til eg kjem 
- alle får så ulik mengde så ikkje like enkelt å vite kem som skal ha ka.. :) 

Likar Katrine si løysing 
"eg såg lista di over kraftforet, 1 kg her og 2 kg der..... HALLO!!! 
Så eg berre ga dei det eg følte for :) " 
FANTASTISK LØYSING!!! :) 
Igår gjekk eg innom fjøsen når eg var ferdig på jobb, tenkte å helse på og gjere litt småtteri. 
Pappa hadde teke sjølve fjøsstellet og tenkt at mjølet kunne vente til eg kom. 
Han trenger ikkje sei det til meg - for DET gjer dyra. 
I det eg åpnar fjøsdøra var det eit vannvittig brøl av eit MØØØØØ - alle gaulte ut av full hals. 
Den klagekonserten! "vi har ikkje fått mjøl vi har ikkje fått mjøl" hehehehe
Eg høyrer det på dei med ein gong kva dei klager over:) 

Hetleguten og Eina :) 
Gårsdagens Kjærestepar

Når mjølserveringen var gjort og roen atter senka seg i fjøsen. Var ho Eina enda ikkje heilt fornøgd. 
Ho stod å ropte på mannfolk. :) 
Det er ein anna type møing :) 
Når kyrne ikkje har baby i magen har dei lyst å lage baby ein gang i månaden. 
Av og til har dei eit veldig tydelig kroppsspråk - frustrasjonen iler gjennom heile kyrekroppen :) 
Augene er store og ville, "er det ein mann her til meg her", dei går nesten rundt. 
Voldsomt urolige, klarar nesten ikkje stå i ro, 
vil gjene ha kos men vil ikkje alikavel og får heller lyst å stange oss ned 

Eina løfta på halen, eg gjekk opp i båsen for å sleppe ho inn til oksen. 
Eg fekk ho nesten ikkje laus, ho hadde mest lyst å denge laus på meg :) 
Etter litt skumping fekk eg av ho halsbandet og forta meg å få litt avstand til kyra :) 
Jaga ho rett veg - slimtråden hang i bakken i det ho satt fart og spant bortetter sementgolvet :) 
ALL tvil forsvant. Eg stod å gapskratta for meg sjølv og såg på den mannegalne kyra. 
Stakkar - men no skulle ho få hjelp. 

Men der og skulle jo Làrus bølle seg - han hadde snike seg inn i bingen der Hetleguten stod bunnen. 
Eina kom der i full galopp, spinn vill full av hormonar og klara ikkje kontrollere seg sjølv. 
Eg har respekt for kyr i brunst, sjølv om dei er "menneskekjær" så trur eg ikkje dei alltid klarar å kontrollere seg sjølv og kroppen sin - så då er det best å halde avstand. Dei er jo ganske store :) 

Eina angreip Hetleguten - "DU er mann for meg" :D 
Mens vetle Làrus stod forskrekka å såg på, Eina og Hetleguten stod/herje/flørta/slost imellom meg og Làrus. 
Det var litt kaos ei stund :) Når eg slepp laus ei kyr sånn vert alle andre dyra ville - gauler og sprett på båsane sine :) Så det var litt av eit spetakkel. Eg holdt på ei stor tung grind eg måtte binde fast for å stenge dei på plass. Men burde få ut Làrus så ikkje han vart skada i alt styret:) 

....... nei no er klokka så masse og eg klør etter å helse på gjengen i fjøset igjen. ¨
Eg får fortelle meir om Eina og Hetleguten seinare. 
Vi, dyra og eg altso, har avtale om at i helgane tek vi det litt roligare:) 
Dei får sove litt lenger før eg kjem å gir dei frukost :) 
Eg gir dei ekstra med mat fredagskvelden, så kan eg kose meg med kaffi utover laurdagsmorgonen :) 
Vi likar helg hehe

Ha ein strålande dag! 
HISTORIEN OM EINA OG HETLEGUTEN FORTSETTER...... :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar