Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 10. desember 2011

Morro med dyr

.... og ekstra morro med dyr som har det morro:)



Her er vetle Trulte jenta ute på luftetur:)

Dei 2 små kalvane får gå ut kvar dag om dei vil,
medan eg tek fjøsstellet.

Det er ingenting som sler å sjå kalvehalane i høgste lufta,
medan dei spring i full firsprang.

Før dei er trygge på å gå ut snuser dei nyskjerring rundt om kring,
står berre i døråpninga å kiker ut.
Kanskje tørr dei ta noken steg ut - og piler inn att.
Etter nokre dagar vert dei tøffare - syns det er kjekt å få meir boltreplass.
Spring ein liten runde før dei hoppar trygt inn att i fjøsen.
Stripa er på vegen langs fjøsvegen - av og til får dei så stor fart at dei nesten ikkje klarar å stoppe om eg har plassert noko i vegen når dei skal inn att:)

Rappo og Trulte :)

Eg ventar til dei er 5 dagar før dei får ta sin første tur ut,
før den tid er dei berre baby - er klønete og uforsiktige.
Dei berre går og går og veit ikkje kor dei skal tilbake.
Ikkje sjønnar dei skikkelig at dei kan rygge, er det ein kant så klumsar dei gjerne utføre:)
Men som regel når dei er ca 5 dagar er dei store nok.
Då har dei fått litt skepsis i seg, passelig nyskjerrige men og passelig redde.
Då går dei ikkje langt før dei snur tilbake.

Men rundane blir lenger og lenger til større og tøffare og tryggare dei vert.
No tek dei gjerne lange turar på bøane.
Etter det kom snø er det lettast å springe på vegen,
så no fer dei bort til postkassane før dei snur tilbake.
Tenker på å hive på dei ein refleksvest når dei pilar rundt i mørket:)

Men jammen er det morro med snø og,
men får ikkje like stor fart då:)

Ekstremt dårlig kvalitet på detta bildet
-ikkje berre er det dårlig mobilkamera,
men eg spring det eg klarar etter for å få morrobilde av dei:)

Her er hanefar ute å kosar seg i snøen:)
Dei likar å ta seg ein tur sjølv om det blir kaldt på beina:)
Hanefar vart fødd i vår, ruga fram av høna Anna:)
Stakkars hanefar var hønekylling veldig lenge:)
Heilt til eg i haust sjønte kva den rare lyden eg ofte har høyrt var,
det var hønekyllingen som prøvde på ungdommelig vis å gale:)
Då vart den hane:D

Kalvane, hønene og pusane får lov ut kvar dag i snøen
å tulle seg litt,
men i dag var det jammen fleire som fekk den gleda:)


Alle saulamma og:)
Eg skulle skufle møk under ristene
- då er det litt upraktisk å ha dei tuflande rundt meg:)
Sia det var så fint vær og sia dei er så snille å ha med å gjer
så fekk dei ut i snøen å trimme seg litt:)

Det var herleg å sjå kor dei kosa seg:)
Hoppa og spratt og sprang med dei klarte.
Vårslepp - midt på vinteren - STAS!
Til og med være virka som han virka enda bedre ute i frisk luft:)
Det var så morro å sjå på dei
at eg hadde nesten ikkje tid å gå inn i fjøsen å ta møkajobben:)

Her ville heile flokken leike med katten:)
- kattungen vart litt skeptisk stakkar:)

Hanen og hadde eit panisk hyl og flaksa avgarde når saueflokken ville leike med han:)


Her stasjonerte dei seg når dei venta på at eg skulle verte ferdig.
Artig å sjå, dei sprang rundt og kosa seg
- men returnerte alltid til fjøsen.
Så det var berre å rope på dei, så kom dei trippande
- glad for å få inn å legge seg.
Jammen skulle dei fått ut å gå ein tur kvar dag
- blir vertfall ikkje siste gang før våren:)

Har lyst å sleppe ut storfea på tur og, vertfall ungdyra.
Men det kan bli litt meir jobb:)
Kven veit;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar