Det har jammen vore ein trist vår, som kom øye seint.
Og når våren først kom så var mykje av graset daudt.
Så vårbeitet til sauene har ikkje vore noke å snakke om.
Blir spennande å sjå til hausten når lamma skal slaktast
kor mykje det har hatt å sei for tilveksten på lamma.
Her jaga eg sauene og lamma opp på Rabbane,
i liane vert det fortare grønt enn nede på flatmarka.
Det er fordi snøen smeltar fortare her, kan du tenke deg koffor?
Fersk blåbærlyng er snacks:)
Søtingane kviler kvelds :)
Full jubel og glede når eg kjem med traktoren,
lasta opp med silo og kraftfor:)
Sauene har ikkje funne nok mat ute i vår, så då forar eg dei i tillegg.
Men dei får no være ute i store områder, istaden for å stå trangt inne:)
Saueblomst :)
Sånn ser det ut når sauene får mat ute
Omsider fekk dei komme på Langehaugen, heimestølen.
Herifra beitar dei seg opp lia og opp på fjellet:)
Heilt opp i Grøndalen som er fjellstølen, og i fjella rundt:)
Lamma flokkar seg og leikar og undersøker alt:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar