Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 10. august 2013

Stor byggeaktivitet

 


 
Omsider fekk Robin hjelp til å bygge trehytta han har hatt så lyst på:)
Det mangla ikkje på takknemlige lovord frå den
glade og lykkelige guten :)
Han starta planlegginga i vinter, i vår begynte intensiviteten på planen
- den helga eg gylla sat han heile helga i det utvalde treet og ropte på plank :)
Og i påvente av plank og hjelpande hender vart treet pepra med spiker:)
 
 
 
 
All venting er gløymd, no er drøymeboligen på plass :)
-takke være besten og pappan :)
Tanten har til og med lova å SY gardiner HAHAHAH
 

1 kommentar:

  1. Så kul trehytte! Så flink Robin er:-) klem Sigvor!

    SvarSlett