Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 1. februar 2013

torsdag 29. november 2012

Hausthelsing

Himmel og hav så mange besøkande eg har hatt sidan sist eg var her:)
Kanskje på tide å ta hintet og fortsette å skrive :)

Og når eg ser på facebook-profilen min, så er det all grunn til å ta opp igjen skrivinga her.
Bloggen vart igrunn oppretta for at eg skulle bable uhemma - uten å være plagsom facebookvenn hehe.

fredag 23. mars 2012

Vårsprell i Balestrand - bonderomantikk i ny vri

Her er resultatet etter 7 dagar med hjarteleg mottagelse av media til Vetlefjorden, Sværefjorden og Balestrand:)

så ventar me enda spent på VG oppslag:)
FørKveld

Både God morgen Norge på TV2 og Morgennytt på NRK viste fram
VG oppslaget vårt og fortalte at Balestrand er plassen å flytte til :) 

mandag 9. januar 2012

Rendalsbudeia vert rørt:)

Ein heilt vanleg mandag,
kjem inn om ettermiddagen og åpnar mailen min.

Der har eg fått ein mail frå Miriam, ("tantejenta" mi - og blandt verdens flinkaste assistentbudeier:) )
mailen har eit vedlegg som eg åpnar.
Eg vert heilt overraska når det begynner musikk, og kjente bilete dukkar opp:)

Detta er den finaste gåva, og så overraskande, eg nokon sinne har fått!


tårene triller og eg smiler:)
5. gongen eg ser filmsnutten tørkar eg snørr og tårer og klarar å summe meg:)
Ser snutten noken gonger til medan eg smiler:)
humrer over at budeia har blitt rørt tårevåt:)
Å så koselig det var å sjå igjen noken av dyra som ikkje er meir:)

Tusen takk Miriam - du er verdens søtaste!!!
For ein gledesspredar! :)

søndag 11. desember 2011

Bondevennen nr 44


Eg har jammen fått æra å være framsidepike og :D

Full jubel:) (og raude kjakar)



I Bondevennen nr 44 i 2011
fekk eg ein lang artikkel på 3!!!! Sider + framsida:)

Eg skal høyre om eg kan få det i PDF
- ellers kan scannaren min få jobbe litt til:)


Firda - purka som ridehest

2. Desember 2011
vart det trykt eit flott intervju av meg i Firda:)
Ei heilside hehehe


lørdag 10. desember 2011