Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 14. juni 2013

Dyr i drift - av Ragnar Aalbu


Ein vakker vårdag, sikkert i begynnelsen av Mai.
Den dagen me køyrde sauer ut på Kvalheim.
Då stoppa me ved postkassen og tok med posten den eine runden.
 
Der låg det ein liten pakke med handskrift på - til meg :)
Er ikkje ofte ein får sånne spennande pakkar no til dags.
 

fredag 7. juni 2013

Årets lamming

Det er såå spennande å sitte å vente på at lamma skal komme :)
Kjekt tante har litt nødproviant til ventetida:)

Sauene på vårbeite

Det har jammen vore ein trist vår, som kom øye seint.
Og når våren først kom så var mykje av graset daudt.
Så vårbeitet til sauene har ikkje vore noke å snakke om.
Blir spennande å sjå til hausten når lamma skal slaktast
kor mykje det har hatt å sei for tilveksten på lamma.
 
 
 
Her jaga eg sauene og lamma opp på Rabbane,
i liane vert det fortare grønt enn nede på flatmarka.
Det er fordi snøen smeltar fortare her, kan du tenke deg koffor?
Fersk blåbærlyng er snacks:)

onsdag 5. juni 2013

Tantedag

Idag lokka eg Robin fri fra barnehagen for å bli med på kalving, kyra står å trippar enda. Men vi har hatt ein kjempekos dag, godt å stoppe opp litt og ha det kjekt med dei minste. 
Tanten har ikkje vore heilt supertante siste månedane:-)
Vi kosa med kyrne, klatra på steinar og tre, skravla, satte opp elektrisk gjerde og slapp ut lamma. Robin er blitt ein reser på å jage sau, nesten like flink som mamman sin:-)
 

tirsdag 23. april 2013

Skulle berre nett

Idag har eg vore utsending for kommunen på generalforsmling.
Så då brusa eg fjøra og lukta blomster til og med
(noke som er unormalt på denna tida av året:) )
 
Kom heim i frå møte og tenkte når eg først hadde blafrande flott hår, smykke,
var godluktnde, hadde møtekleda på og generelt tolte dagens lys
- så skulle eg på møtet på Grendahuset.
 
Skulle berre nett....

søndag 21. april 2013

Bondelunsj

forrige veke hadde me Bondelunsj på Fjordtun oppvestsenter
Eit samarbeid mellom Balestrand Bondelag, Sværefjorden Bygdekvinnelag og Vetlefjorden Bygdekvinnelag.
 
Heimelaga rundstyker, kjøtpålegg, ostar, kokt egg, grønsaker og kakao.
Og sist men ikkje minst; Gerd si gullerotkake:)
NYDELIG!!!!