Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

mandag 28. mars 2011

BONDEKURS

EIGARSKIFTE I LANDBRUKET
18. - 19. APRIL 2011
VETLEFJORDEN GRENDAHUS
Arr: Balestrand Bondelag


Sist oppdatert: 17.04.11

Kontakt info: 
Renate Rendedal 47 23 77 14
rendedal.renate@gmail.com



Sponsa av; 
Vetlefjorden Bygdekvinnelag

Takkar for støtte! 
Både økonomisk, praktisk hjelp og motiverande til kursplanlegging! 
Det er inspirerande å prate med så mykje engasjerte og positive folk!



PROGRAM

18. April

10.00          Skivemat, kaffi/te

10.30          Kurs start; Per Hilleren, Sogn og Fjordane Bondelag                  


11.00           Olav Eikenes - Nordfjord familievernkontor
                  Tema:Kommunikasjon/konflikløysing/kommunikasjon framføre 
                  eigarskifte. Familien på ein gard. 

12.30          Kakepause med svinlande gode kaker frå Mæland og Rendedal gard

13.00          Kurs fortset; Olav Eikenes


15.00          Felleskjøpet informerar om medlemsfordelar

15.30          Arne Skeie, Vik Kommune
                  Tema; Kort om samdrifter, erfaringar i Vik. 
                  Kort om Innovasjon Norge 
                  - kva støtte kan ein søke på som nyetablert bonde. 

16.15          Kurs slutt, Middag om me får det til. 
                  Så får me prate og være litt sosiale før me går heim til 
                  eventuelt fjøsstell. 


19. April 

10.00         Skivemat, kaffi/te

10.30         Kurs start
                 Jostein Angedal, Rekneskapskontoret Fjordane AS
                 Tema; Den praktiske gjennomføringa av eit 
                 eigarsifte i landbruket

12.30         Kakepause med svinlande gode kaker frå Mæland og Rendedal gard  

13.00         Kurs fortset, Jostein Angedal


14.30         Humørbonden kjem til oss:) (åpent for alle - kr 100,- per pers)  


16.00         Kurs slutt 




Pris; 
For 1. deltagar i familien               kr; 500,-
For øvrige deltagarar i familien     kr; 300,- per pers
Deltaking 1 dag                             kr; 300,- per pers


Kan setjast inn på Balestrand Bondelag sin konto i førkant;  3705.07.33697
Eller ein mottek faktura under kurset


Fjordlos 4H vil ha aktivitetar/ barnepass 
- DETTE UTGÅR DÅ INGEN HAR MELDT PÅ BORN! 


Litt om kurset

* Det er nyttig for alle søsken i odelsrekkefølga - alle søsken vert meir informert. 
Det kan minke sjansen for konfliktar ved overdragingar 
om alle veit kva berekningar som ligg til grunn ved eit eigarskifte i landbruket td.

* Ein startar ein tankeprosess rundt eigarskifte som 
med fordel begge foreldre og søsken kan delta i.

* Ein får ei gjennomgang om korleis ein praktisk 
gjennomfører eit eigarskifte i landbruket

* Motiverande for undom i alle aldrar?! :) 

* Ungdom heilt ned i ungdomsskulealder kan gjerne delta på kurset
Ungdom i vidaregåande alder og oppover vil ha stor nytte av kurset! :) 
Ein vert informert og veit kva som skal til når ein i framtida skal verte bonde. 

Bakgrunn for kurset

På bakgrunn av at eg er i ein prosess med å ta over garden i Vetlefjorden eg har odel på, har eg lenge tenkt på at det burde vore eit kurs for alle oss bondeungar og foreldre.

Å få eit kurs ut i lokalmiljøet vert det enklare å møte og få det med seg.

Eg og pappa var på kurs på Mo Jordbruksskule; Eigarskifte i Landbruket, med føredragshaldar Jostein Angedal frå Rekneskapskontoret Fjordane AS. Då tenkte eg at detta skulle alle fått høyre, 
og vart eg endå meir inspirert til å få til eit kurs i kommunen, med Jostein Angedal og andre føredragshaldarar som kunne fylle ut tema eg sakna.
Med inspirasjonen i bakhand og tanken på at det er mange vaksne og unge ungdommar i kommunen i same situasjon som meg så satte eg i gang med planlegginga.
Eg har og lyst at kommunen i framtida skal være ei aktiv landbruksbygd, eg vil ha kollegaer i nærleiken og at grenda eg bur i skal være enda meir levande.
Eg er ikkje missnøgd med slik me har det i dag. Me har godt samhald, mykje aktivitetar og stort sett ei ”alt er mogeleg” haldning.
Men eg vert litt betenkt når eg ser kollegaene eg har i dag begynnar å halta – ikkje spring like fort over tunet, og dreg fram brillene J

Landbruket er ikkje det mest høgaktuelle yrket å ville basere si framtid på i dag.
På tross av at me er den mest livsviktige produsenten av produkta mat, er det å være bonde likestilt med tankar om hard arbeid og lite inntekt. Då kan det kanskje hjelpe at nokon går føre og visar at ein kan være ”gal” nok å hoppe i det med begge føter.
Og er me fleire kan me kanskje samarbeide for å kutte utgifter og auke inntekter??
Kan me samarbeide om tilleggsnæringar?? Eit miljø og ei samling er engasjerande og motiverande! Få til eit fagmiljø - sjølv om me ofte føler oss åleine, så er det mange av oss med interesser innan gard og landbruk og skogbruk. 

Ein kan heller ikkje sette seg ned å vente på endring, ein må handle!! Eg håpar dette kan, om ikkje anna, gje nokre få ringverknadar til grenda, kommunen og landbruket. 




Presentasjon føredragshaldarar 

Jostein Angedal, Rekneskapskontoret Fjordane AS
Rekneskapskontoret Fjordane AS har om lag 600 landbruksrekneskap og utfører også arv/skifte og kan bidra med driftsplanlegging.

Jostein Angedal har lang erfaring innan rekneskapsføring og gjennomføring av eigarskifte i landbruket i Rekneskapskontoret Fjordane AS (tidlegare Sparebanken Sogn og Fjordane). Han har halde fleire kurs med dette temaet og er ein veldig flink føredragshaldar, han gjer innhaldet svært interessant og levande.
Han har også praktisk erfaring som odelsgut, bonde og overdragar av garden sin.
Tema på kurset; Den praktiske gjennomføringa av overdraging av ein gard.

Olav Eikenes, Nordfjord Familievernkontor
Nordfjord Familievernkontor ligg under Bufetat,
med Barne,- Ungdoms-, og Familiedirektoratet som høgaste organ.
Nordfjord Familievernkontor tilbyr som andre lokale Familiekontor; parterapi, familieterapi og mekling ved samlivsbrudd.

Olav Eikenes har svært mykje kunnskap og erfaring innan kommunikasjon og konfliktløysing, også med utfordringar innan livet på gard og eigarskifte i landbruket.

Han har ved fleire anledningar halde føredrag med ulike landbrukstema.
Blant anna: ”Korleis er det å være gift med ein bonde” og ”Fleire generasjonar i eit tun”
Han har samarbeida med både internasjonale og nasjonale ekspertar innan kommunikasjon.
Eg gledar meg veldig til å høyre på denne kunnskapsrike mannen med mykje engasjement!  
Temaet på kurset; Kommunikasjon og konfliktløysing, Livet på ein gard…. Han jobbar med å få innhaldet til å passa oss!

Arne Skeie, Vik kommune
Er tilsett i Vik kommune som landbruksrådgjevar, har i nærmare 30 år vore tilsett som Landbrukssjef i kommunen. Har mykje kunnskap og erfaring innan landbruk og har følgt utviklinga sidan 70-talet. Han har vore ein stor motivator innan landbruk og næringsutvikling .
Eg har blitt fortald at han gav Vikjabøndene hjelp og rådgjevning, og stod bak den positive utviklinga i landbruket i Vik på 1970-1980 talet.

Per Hilleren, Sogn og Fjordane Bondelag
Per Hilleren er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag og bonde i Sogndal. Han har også, som andre bønder, variert arbeidserfaring. Han er utruleg positiv og engasjert for lokalt, nasjonalt og internasjonalt landbruk og matproduksjon.
Ein motiverande mann som jobbar hardt for å forbetre vilkåra for oss framtidige bønder! 

  

5 kommentarer:

  1. Ros til eit flott tiltak og til ein flott Blogg frå Bondelagskontoret

    SvarSlett
  2. Tusen takk! :) Både Balestrand Bondelag og dikka frå Sogn og Fjordane Bondelag skal ha all ære for ekstra motivasjon og inspirasjon for at det verkeleg vart realisert :)
    No gjenstår det berre å gjennomføra det!

    SvarSlett
  3. Janine E Gulbrandsen8. april 2011 kl. 18:06

    Skulle så gjerne ha vært på dette kurset siden jeg tok over familiegården 01.01.2011 i Kongsvinger. Det er mange spørsmål som dukker opp, og dette kurset hadde vært midt i blinken:)
    Desverre blir dette litt for langt unna med tanke på jobb og gård.

    Bra tiltak Renate:)Klem fra tidligere kollega i Landbrukstenester Sogn

    SvarSlett
  4. Gratulerer som bonde J:)
    Synd det blir lant unna - løsningen er; lag eit kurs i Kongsvinger :)
    Du skal få alle telefonnummer og ferdige planer av meg :)
    Ellers så har vi internet og telefon :)
    Vi kan jo ta ein telefonsamtale etter kurset er over, kjekt å prate med "likesinna" :) Og det eg ikkje kan hjelpe med kan eg kanskje sei kem du kan spør, har eg fått kontaktinfo til mange flinke folk som eg kan henvise deg til!
    Ein ting er vertfall sikkert; Det er berre å spørre! VELDIG MANGE hjelpsomme og flinke folk rundt om, som igjen kjenner andre flinke folk på andre områder :)
    Snakkes!

    SvarSlett
  5. Janine E Gulbrandsen9. april 2011 kl. 20:40

    Det høres bra ut. Lykke til med kurset:)

    SvarSlett