Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 3. desember 2014

KOMMUNEBUDSJETT OG MÅLFOTO


Når bygda mi si framtid vert avgjort over målfoto i budsjettforhandlingar, då mister eg nattesøvnen.

Først vil eg sei at eg tykkjer det er trist at dette, nok ein gong, har vorte ein debatt som utfordrar Sagatun mot grendaskulane (eller motsett). Det kan ha komme av den gode gamle, splitt og hersk
– kanskje smart?!
Men lite fruktbar og gagnar ingen av ungane/grendene/skulane. Og eg er sikker på at når alt kjem til alt så vil ikkje eg og du sei at mine ungar skal ha det betre på bekostning av dine ungar – det vart eit resultat av panikk og forsvarsmekanisme – det er uansett lite rasjonelt for alle partar.

 

SÅ:
Alle kjenner begrepet snøblind, eg vil introdusera begrepet «tal-blind»;
Ein leser og skriver tal, pluss og minus – budsjettet går i balanse. Ein tek nødvendige prioriteringar. Og ein er nøgd.
Men ein gløymer å løfte hovudet frå skriveblokka, sjå på ringverknader og konsekvensar.

Eg vil – kanskje ikkje overraskande – fokusere på grendaskuleposten i kommunebudsjettet.
Eg og ser klart å tydeleg at det kostar meir for kommunen å ha sonen min i grendaskule enn i sentrumsskulen – på papiret.

 Men så kjem det store MEN, eg er 100 prosent sikker på at dei ekstra kostnadane fører til at
·         Sonen min får ein kortare og tryggare skuleveg og fleire timar til kvile og leik i løpet av veka.
·         Det er litt færre skred å passere på skulevegen
·         Foreldre og besteforeldre slepp bekymre seg i timar kvar dag pga skulevegen.

Ja dette er punkt som er vorte nemnd kvart år  før, det er gode argument, difor «går dei gjennom» gong på gong… Men i dag er det ikkje så mange born det går ut over, så dei kan me «ofre»?? …

Så kjem eg til poenget mitt; MORGONDAGEN!
For Balestrand kommune, og alle innbyggarar i sentrum som i grendene,  så er også grendene eit potensial. Menneska og familiane som bur i grendene – tilfører også kommunen tilskot.
I grendene våre er det mange sjølvstendig næringsdrivande som driftar eigne arbeidsplasser – RESSURSAR! Gardane er nokre av dei – og dei kan ikkje flyttast – her må familiane velje om ein vil busette seg og drifte gardane.

 Når ein vel å bu og investere i Vetlefjorden td, vel ein det på langsiktig perspektiv – eller med faktum at investeringane får ein ikkje att om ein vil selje. Og i det augneblinken grendeskulane vert nedlagt vil salsprisane verte skammeleg billege i grendene. Vert ein no tvungen til å bu?

 Eg og mange med meg, invisterar meir enn me eiger og har  i hus, gardar, arbeidsplassar  i utkantane av kommunen vår, eg tykkjer at me fortener såpass respekt at ikkje heile grunnsteinen i grenda (som grendaskulane er) vert riven vekk etter eit kveldsmøte i kommunehuset.

Eg trur nok at følelsen av mangel på respekt, ein føler seg mindreverdig – gjer at truslane kjem; me flyttar frå bygda. Når ein sit i kommunestyresalen kan ein kalle det truslar, men for forelderen er det realitet.

For det første vil ein vise at ein faktisk betyr noko, for flyttar ein – då merkar kommunen det. Første åra ved minkande tilskotsinntekter, 5- 10 år etter minkar tilflyttinga, 15-20 år husa i grenda er enten feriehus, eller stort sett ein spøkelsesby?! Eg ser ingen motargument mot at nedlegging av grendaskular fører til negativ utvikling av grenda. Og negativ utvikling av grenda fører til negativ utvikling av kommunen grenda ligg i.

 For min eigen del har eg nettopp teke over farsgarden, min store draum. Eg er bonde – i Vetlefjorden, her skal eg alltid bu. Ingenting kan lausrive meg her i frå – trudde eg. Det var før eg vart mor, no kjenner eg at alt dette betyr ingenting, når eg set det opp i mot morsrolla - det einaste målet eg har er at vesle Trygve skal være trygg og god, koste kva det koste vil….

 Alle kjenner ein 6 åring, sjå for deg 6 åringen ta bussen 2 timar for dagen, alt dei må forsake.
Kven som helst hadde fått ein spent mage for å sende ein 6 åring på bussen for kor liten tur som helst.
For ikkje å snakke om usikkerheitsmomentet for 6 åringen, spente, redde, usikre, bilsjuke, leikne -  kor fort dei må verte store?!
Når eg tok same skulebussen tykte eg det var hardt, og eg begynte ikkje før UNGDOMSSKULEN.  

 Eg vil også minne om at alle partia hadde eit partiprogram for 4 år sidan (dei gjeld vel kanskje ikkje lenger sidan nye program er i emming?! ) Sjølv om desse 4-års perspektiva er korte i familieplanlegging/bygge og bu-planlegging/for ikkje å snakke om gardsplanlegging – der 4 år er eit skifte på graset, ein kyrkalv før ho er i drift som kyr… osv..

Så er 4 år betre enn 1, desse stadige kampane KVART ÅR. Det er så motsett av forutsigbart og trygt som ein kan komme. Ein kan ha så stort lokalt engasjement og ve kor stor eldsjel som helst . Og eg kan skrive under på at det kan ete ein opp innanifrå og ut, det å bestandig være positiv og optimistisk for å få fleire heim for så å istadenfor å jobbe med den positive utviklinga må bruke alle kreftene mot det negative, kvar førjul. Det er feil!

 Gje oss ein klapp på skuldra for det lokale engasjementet, lat oss i det minste fullføre tilflyttinsprosjektet (som «ungdommen» driv på dugnad i tillegg til familie..jobb..) før føtene vert slegne unna oss…

Og for all del, lag ein langsiktig skulebruksplan – SOM VERT FØLGD.
Har me grendaskule eller ikkje, då kan i alle fall kvar enkelt ta avgjerder deretter. Skal me ta over eller ikkje, ferie eller fulltidshus….

 Og ha også i bakhovudet at grendaskulane er ikkje berre skular, det er limet i lokalsamfunnet. Fjordtun til dømes er ikkje berre 3 elevar, det er staden 70 personar møtest til julegrantenning, entrepenørskapen på skulen arrangerar bygdakafe for pensjonistane og innbyggarane. Grendaskulane ER hjørnesteinen i grendane, og grendane ER viktige for kommunen.

 For ikkje at det skal verte nokre misforståingar ( blunkefjes ) så er dette skrive av
Renate Rendedal – eine og aleine (med Trygve på armen) – som har hive alle hattar, stupar inn i kommunebudsjettdebatten på målstreken – ikkje berre for å komme i mål, men for å vinne! (og for ikkje å missforstå det, så er ikkje den sigeren personleg – men det vert ein seier som gagnar HEILE kommunen)
Takk for merksemda!

........

Ved linken under visar eg og til noko av det me HAR gjort for å få positiv omtale og tilflyttarar, og det har virka. Det er både fleire menn og babyar her sidan då :)

vårsprell i Balestrand


  

mandag 9. september 2013

Septemberdagar

Den siste veka har gått så fort, med mykje utført og mange opplevelsar
-at no er det på tide å ta ein roleg morgonkaffi og sjå tilbake:)
 
 
Veka starta med venting, egentlig den hardaste jobben med ombygginga.
Innreiinga skulle komme forrige veke, forrige veke kom og gjekk.
Mandag vart eg garantert innreiing på tunet tirsdags formiddag, tirsdag kom og gjekk
Tirsdag var lang!
 
 
Slik såg eg ut på tirsdag, sliten, pottesur, frustrert og venta (venting er gruff)
 
Då er det om å gjerde å få seg ein oppmuntrande klem av dyra,
ikkje tenke på ka eg kunne ha gjort denne bortkasta tida,
men legge nye planar framover.
 
Så gjekk det slag i slag :)
 
Første pulje med slaktelam vart send til slakteriet
(veging og sortering utan fjøs og lettgrinder er ei historie eg helst vil gløyme:)
Fine lam, men jammen vart det med eit par små luringar som burde vore heime
-men utan fjøs og lettgrindar og berre ei budeie - så vart dei slengd med:)
 
 
Såååååå kom endelig lasta, ein heil semi med varer:)
Perfekt, eg elsker jo å pakke ut varer hehehe

 
No var det berre å fortsette å rive, er "berre" elementa om skal opp og ut no.
 
 


Byggebasen i drift :)
 
 
Første golv er lagd, er jammen glad me riv og bygger etter kvart.
Hadde vore bale utan å ha noko stablit å gå på:)
 
Men no for morgonen i frå meg, og det er tid for å komme seg ut i drift:)
 
Ha ein strålande dag!
Hugs å stemme ;)
 
 
 
 
 


onsdag 4. september 2013

Om formangel i Sogn Avis

 
Ikkje nok med at eg ploppa opp på framsida i dagens Sogn Avis, så "fekk eg" nettsak og:)
 
Trudde oppfølgingssaka vart ei lita spalte, men der tok eg feil:)
 

onsdag 31. juli 2013

Kveldstur på stølen :)

Heimestølen Langehaugen er eit eldorado av eit turområde,
om eg vil ha kort eller lang tur,
flatt eller bratt :)
Om eg vil på "kosetur" eller jobbetur
(mangt ein kan gjere mens ein er på tur som er nyttig :)
 
I kveld var det berre tusletur for å sjå etter kyrne :)
Sidan eg ikkje hadde fyllt opp hendene med redskap vart det ein del bilder :)
 
Avlsoksen Vetleguten ville helse på :)
Spent på kor mykje han sper på kontoen med om ein månads tid:)