Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

søndag 3. april 2011

Spennande helg

No vart det egentlig så seint at eg burde lagt meg, men er så boblande rar at eg får skrive ut litt :)
Samtidig som eg er for trøtt til å være skikkelig fornuftig med budsjett og sånt!

I kveld har vore ein tornado av følelsesspekter - kjent på alt mulig på samme tid! :D
Har vore glad og engasjert og oppglødd, og stressa og avslappa, og samtidig "har kontroll" følelse og ligger etter - på ein og samme gang:)

Her er eiin god grunn til å være glad; 


Søte vetle Mælinda :) 


Ho er så kul, og tøff og morsom - akkurat som ei ekte Mælanding :) 
Ho har vorte så utforskande og tøff no at ho går å svinsar på forbrettet:) 
Og så spring ho fram og tilbake i ei susande fart, med halen i ein fin svai over ryggen, med dei søte kalvbeinte OG breibeinte beina sine - før ho bråskrensar med stive frambein når ho nærmar seg hindring i vegen :) 

Ho har begynt å ete gras no. Stod å tygde og tygde på ein lang grasdott, 
fekk den tydeligvis verken ut eller inn - prøvde å hjelpe til med bakfoten :) 
hehehe sånne morsomme bilder som får meg til å fnise og sette enda meir pris på fjøskverdagen :) 


Har hatt den store puppeklemme dagen i kveld! 
Er så spent på lamminga og gleder meg sånn! 
Går å ser på sauemagane som veks, og no er jura godt i gang og. 
Så gjekk ein runde å grafsa på alle sauepuppane eg fekk tak i :) 
Men er ca 2 veker til lamma kjem enda, så jura er berre på fastheit med ein godt brukt damepupp:D 

Robin var på overnattingsbesøk i Rendalen i helga:)
Han og besten var aleine heime - det var TØFT! :) 
Stakk innom i går kveld og helste på gutane, hehe han minste var ein smule overtrøtt :) 

Hahhaaha hysterisk morsomt :D 


På fredag tok eg og Anna oss ein nattlig tur til Tørvis hotell i Marifjøra:) 
Fantastisk flott hotell med nydelige omgivelsar! 
Flash studio var der å viste fram Oppdrag Sognefjord episode 6, i lag med Lasse Kjus. 
Så då måtte eg jo berre spørre Kjusern om å få eit bilde i lag med han :D 


Kjempekjekk kveld med kjempekjekke folk! 
Synd eg ikkje fekk treft Gry Anita og Erik!!! 
Og så var ansvarsbudeia i Rendalen berre kjempeflink! Alle dyra var strålande fornøgd med oppvartninga:) 

I dag var eg på utrykning for å hjelpe med kalving 
- ei kvige (førstegangsfødande kyr:) 
som fekk kalv BAKFRAM!!! (= ille) 
Trangt og vanskelig å få ut! Og det bør skje fort! 

Foto: Linda Beate:) 
Her satt eg å lirka og lura med BEGGE armane inni musa på kua 
(som Oppdrag Sognefjord ville beskrive det :) 
Hadde heilt glømt det før eg fekk bildet:) 

Når kyr får kalv kan det bli eit plask då og. 
Vis kyrne står når kalven kjem, klaskar dei i bakken med litt høgare plask-lyd enn hos sau:) 
Men denne kalven var ikkje like kjapp og plaskete. 
Så då var det å stappe heile armen inn, vri og vende og dra av all si kraft. 
Armen blir skvist av riene til kyra, så etter ei stund blir handa litt nummen:) 
- men helder varmen da:) 
Ja det var denna galgenhumoren da!!! :) 


Nok om det, vi var ein liten tur på Langehaugen idag og. 
Då vart det enda meir spenning!!!

Det har gått 6 hjortar der i heile vinter - sånn passelig langt ned i fjellsida. 
Men i dag såg vi noke vi aldri trudde vi skulle få sjå! 
For det første er det mykje våt snø no, så hjorten held seg som regel mest mogeleg i ro. 
Det er ikkje så mykje mattilgang no på vinteren, så dei held seg og i ro av den grunn
- sparar krefter! 

Men desse karane var tydeligvis bitt av ekstremsport basillen dei og! 
I full fart bar det rett opp fjellsida, kryssa skred og ryggar og sva og isdekte fjellsider! 

Tok bilde, men hadde jo berre med mobilkamera:(
Tegna inn dagens hjorte-søndagstur :) 


Ja skreiv litt på og, men det vart vel litt smått og uleselig :) 

Ja, tja... Det var vel alt som har hendt denne helga:)
Vore supersosial og nesten berre slappa av og teke helg - nesten heile helga:) 

Ja forresten, igår satte eg jammen santen ein verdensrekord! 
Eg var på besøk i 8!!!! timar :) 
Åt mat, såg TV, snopa, lo, slappa av i sofaen, råna, i laaaaaaaaange stunder:)
Nesten uten å tenke på ting som skulle vore gjort :)
Det var koselig og ei uvanlig oplevelse :D 


HA EI FLOTT VEKE FOLKENS! :)  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar