Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

tirsdag 16. november 2010

DORIS


Med fare for å virke ..... eh meir rar enn du trudde eg var....
eg er nok ein smule rar og, men mest av alt veldig glad i grisen Doris :) 

Takk for alt du sa, Doris
Takk for alt du ga, Doris
Takk for alle gledan vi har hatt med deg
Norge gråter no, Doris
Det må du forstå Doris
Vi vil aldri gløyme
Vi vil aldri gløyme deg




Fytti grisen ......så forferdelig grusomt! Skal aldri meir sende ein Doris (godgris som ein er ekstra glad i) med dyrebussen til "opplevelsessenteret" Nortura. Eg har ikkje noko i mot Nortura - ho får nok førsteklasses behandling - men eg er ikkje der sjølv å passar på ho. Ser for meg at ho er redd og stressa og savna Rendedal gard. Og meg:)
Sukk!!!
Ikkje nok med at avgjereldsen om avvikling av Doris og grisehald vart teke - men så sender eg ho på ein slik heisatur i tillegg! Stakkar vetle vennen! Skulle vore med å halde ho i syltelabben :/ 

Hadde vore betre å slakta ho heime, så hadde ho tusla glad og lukkeleg over tunet - i håp om ein ny spasertur i Vetlefjordalens fantastiske omgivnader - og uten å ane noko - vips så var ho i dyrehimmelen!


Eg trudde faktisk at eg skulle "takle" avskjeden med Doris like bra som alle andre dyra på garden.
Men i den trua gløymde eg å ta med viten om at Doris var meir enn eit dyr.... hehe veit ikkje kva eg skal kalle ho, meir ei venninde hihihi:) Om det no set meg i eit dårleg lys :D


Eg og Doris! :) 
Vi har hatt mykje morro ilag! :) 




Vi plukka georginer - og tok opp georgineløk 
(Doris bomma litt på blomsterbeddet) 















 1 ting en nesten ikkje kjem til å savne er å møte Doris som har vert på rampetokt. 
Mange gangar hadde ho bryte seg inn på fjøskontoret, rive og røska i alt ho fekk tak i. 
Alt i frå klæ, sko, papir på skrivepulten. 
Slengt det rundt om kring og tissa og bæsja i det, før ho la seg oppå ovnen. 
Har faktisk eit par varmovnar som vi har måtta kassert etter at Doris har varma seg OPPÅ dei :)



Første vårturen er alltid kjekk :) 






Doris velger BMW å klø seg på :)



Kvil i vårsola:) 



Såååååå nærma første fødsel seg :) 
Liten film snutt fra natta før grisungane skulle komme :) 






Nyfødte babisar, og ein sliten mamma med kaldt omslag :)










Doris er veldig vand med oppmerksomheit :) 
Elska det! Fekk masse besøk! 
I fjord kom sikkert minst eit 60 talls personar for å sjå ho og ungane :) 
Og det var vel ikkje så mykje mindre besøk i år heller. 
Men yndlingsbesøket var Narve:) Nest etter meg likte ho Narve best :) 
(uff skulle høyrt på Narve (igjen) 
Han var den einaste som verkeleg kjempa for Doris! 
"E de galne??? Skal vel ikkje slak... ho vel???"



Hehe Daniel var ikkje så verst han heller:) 
Den guten har dyretekke:) 
Einaste guten som fekk "snakke" med Doris når ho var nybakt mamma :)



Men det var kjempegøy å få besøk av Markus og Thea og :) 


Og med besøk vanker det ofte godis :) 
Som nybakte kaker, is og middagsrestar:)




Eg hugsa ikkje heilt unnskyldninga for å gi Doris masse egg :) 
hehe men det var sikkert det at eg syns ho var tynn :)
Og ho melka jo så masse stakkar! 


Men kjekkaste besøket er alikavel av dyrlegane:)
Her er bilde av "pappa" Lise som kom med masse masse masse
små grisebabyar og putta dei inn i magen til Doris. (2,5 dl faktisk:)
Lise vart pappa til årets kull, mens Jan var pappa til fjordårets kull :)
Eg står å "leiker" pappa gris, dunker borti Doris og lager pappagris lydar :)

Mens pappan min står å er brydd og hjelper oss med ekte testosteron i lufta :)





Lykkelige uteåande gris, med beitemarker så langt auga kan sjå :) 
Fantastisk at dei er superfornøgd med ugraset sølvbunke:)




Alltid like kjekt å utvide område deiras :) 
Dei elskar å utforske og bli kjend og grave i den nye jorda - og lage nye doplassar :) 

 Hausthuset:)

 Hausthuset er plasta inn så dei slepp trekk

Eg har vore flisleggar og flislagt soverommet

Ja og så liker dei å utforske plassar eg ikkje har gitt dei lov å utforske :) 
Men blir latter ut av det og - berre det ikkje blir for ofte :) 


Når Doris er i brunst - eller på mannejakt :)
Så er ho fullstendig GAL! :) Er skrekkblanda fryd å være i nærheten da:)
Nesten som å leike tikken - berre at Doris stoppar ikkje med det første :)
Einaste som "hjelper" er å sette seg på ho - då er det "fri" :)



Føremiddagsslapp :) 

 Doris har mange vennar:)

Trur forresten kalven Hjerteknuseren var meir skrekkslagen enn glad for å snakke med Doris :)


Hehe og mest fantasiske av alt!!!
Doris har musikksmak :D

Så no håpar eg at alle som et juleribbe, sylteflesk, syltelabbar, svinekotelettar osv osv
håpar at det er Doris de får nyte
- eg kan garantere ho har prima kjøt etter noken fantastiske år på Rendedal gard :)
Og så får alle nemne at det burde vore mykje dyrare med kjøt
- då hadde Doris kunna levd lykkelig mange år til!
No slaktar me ho og barna med eit ørlite underskot,men shit au!
Ho og vi har vore glade i lag! Men det måtte ende her!

Det var forferdelig å lokke ho siste gang på søndag.
Tårane rant mens eg lokka: "kom da vennen"
Og tenkte innerst inne - ikkje høyr på meg!.
Uff! Hikstande klappa og kosa eg på ho og bøygde meg ned og ga klem
- men den hersens grisen har jo så stiv bust så det er ikkje godt å få trøstekos av ho heller!

Fyttigrisen så eg angra!
Etter dyrebussen hadde vore her satt eg berre å grein og angra!
Og hadde mest lyst å køyre til Førde å hente ho!
(HALLO!!! Det er ein GRIS!!!! :D )
Verdens beste gris!

Akk når dyrebilen var her kom Narve til for å hjelpe.
Først fekk han kjenne ka Doris er god for - han prøvde å stoppe ho når ho ville stikke av.
Men det er IKKJE hjelp i måle krefter med Tøffe Doris :)
Så stod Narve å mimra og fortalde bussjåføren:

" da e kjelegrisen hinnas!
I fjord når eg grov med gravemaskin høgt oppe i Rendalsjilja (elva ned fjellsida her)
 So kom ho! Det var vinter og snø - med Purkao diltande itte.
Dei gjekk tur nesten kår dag!
Men ikkje no leinger"

Eg gjekk opp på rampen og heiv inn ein pakke med Mors Flatbrød
- hadet Doris! God tur!

Men no er det overstått og eg er modig!
Og har mange gode minner:)

Om de vil lese meir historie om Doris kan de finne det her: Innedag

Før eg heilt avsluttar!
Eg fant ut noke morsomt igår og!
Det var ikkje berre trist :)
I vår og sommar hadde eg besøk på Rendedal gard av ein fotograf.
Han ville fotografere i Balestrand og gi ut ei bok.
Skald forlag skal gje den ut og Idun Husabø er skribent :)
Eg er ikkje så veldig med i fotoverden - tydeligvis - :)
Fotografen heiter Knut Bry (klapp klapp klapp klapp!!! :)
Han er jo ein av norges mest profilerte fotografar jo!!! :)
Himmel og hav, og han har vore på Rendedal gard :)
Hadde eg no vore såpass forberedt på førehand at eg viste det
-og kunne nyte momentet av å ha ein kjendis til gards :)
hehehe
Gledar meg i alle fall til boka kjem ut!
Den skal være klar til Balejazz!

Og ikkje minst for ein fantastisk reklame det vert for kommunen vår! :)

Lurer meg på om eg skal bry han Knut med å spør etter eit bilde av Doris.
Tenk å kjøpe eit fotografi med modellen Doris på - teke av fotografen Knut Bry!!! :)
Det må bli årets julegåve - til meg sjølv :)

6 kommentarer:

  1. Ja, du e galen! Sende bestevenninda på slakt. Kven blir den neste du ofrar?

    SvarSlett
  2. Uff ja du har heilt rett! Hmmmmm den neste må vel bli søstersen - men fare for større fett trekk på ho:)

    SvarSlett
  3. Svært underhaldande lesnad. Eg har lese historia fleire gonger. Vert glad og optimistisk av entusiasmen din! Godt formidla, underhaldande. Skulle vore med i julevedlegget til Firda eller i Jul i Sogn/Sunnfjord. Formatter historia til avisbruk. Du kan sikkert tjene nokre kroner på å publisere dette.

    SvarSlett
  4. Tusen hjarteleg for så hyggeleg tilbakemelding!
    Ja kanskje eg skal utnytte mitt godt sjulte skribent talent som tilleggsnæring og tene litt pengar på det :)
    Det var ein god ide!!!

    SvarSlett
  5. Du er så flink å skrive Renate :) eg får tårer i augene av å lese det.. Å du er ikkje gal, du er bare menneskli;) Fine fine Doris !

    SvarSlett
  6. Tusen takk Mette:) Godt å høyre at eg er menneskelig :) Tviler av og til :D
    Eg gløymte å svare meldinga di igår! Ja eg har glasa dine! Are skal plukke dei opp i morgon! Du er vel i distriktet av og til?!
    Såg det rett etter du hadde reist....
    Når eg tenker meg om så er det vel egentlig dumt å belemre Are og Anne med dei :D Eg kan jo svinge dei til Høyanger når du er der.. Vis ikkje du skal inn hit i da..
    :)

    SvarSlett