Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

søndag 11. desember 2011

Bondevennen nr 44


Eg har jammen fått æra å være framsidepike og :D

Full jubel:) (og raude kjakar)



I Bondevennen nr 44 i 2011
fekk eg ein lang artikkel på 3!!!! Sider + framsida:)

Eg skal høyre om eg kan få det i PDF
- ellers kan scannaren min få jobbe litt til:)


Firda - purka som ridehest

2. Desember 2011
vart det trykt eit flott intervju av meg i Firda:)
Ei heilside hehehe


lørdag 10. desember 2011

mandag 28. november 2011

SF Bondelag på nett

Har snakka med ein kjekke journalist frå Firda no, Sigurd Løseth heitte han vist :)

Takka være dette innlegget til Sogn og Fjordane bondelag får eg æra av å komme i avisa :)

Sogn og Fjordane Bondelag

lørdag 17. september 2011

Sauesank

No er alle sauene komne heim igjen - det er godt det :)
Den siste tvillingsauen kom trippande på Langehaugen i går.

onsdag 14. september 2011

Haustens jaktkolleksjon :)


Bildene talar for seg :)

Slaktebilhelsing

Først ei forsinka bursdagshelsing til slaktebilsjåfør Kåre Olav :)

I den forbindelse tenkte eg at eg kunne servere noken gode nyheiter.
Neste veke er det vel me har meldt på ein okse og ei kvige til slakt
- dei gode nyheitene kjem her;

mandag 5. september 2011

fredag 15. juli 2011

Reklame

Jobben min - Landbrukstenester Sogn har laga reklameanimasjon :)

Der har eg fått bidrege med bilete! :)

Landbrukstenester Sogn sine heimesider

tirsdag 26. april 2011

Balestrand Boka

hihihi utruleg vittig!!!

No har eg fått oversendt bilder og tekst om meg og heile Rendedal gard som skal være med i Balestrand boka.
Den vert gjeven ut av Skald forlag 20. Juni

Blir utruleg spennande å sjå det ferdige resultatet :)
Gledar meg!

Eg heng og litt etter med bloggskriving for tida - har teke heilt data-påskeferie.
Men meir kjem! Har mykje artlig å fortelje :)

Då vert både Downs, Labbi og Tommy kjendisar :) Kun Labbi som får nyte den statusen :S

søndag 17. april 2011

HUMØRBONDEN

FANTASTISK!!!!! 


TYSDAG 19.04.11 kl 14.30 


KJEM HUMØRBONDEN 
TIL VETLEFJORDEN GRENDEHUS


Utruleg at han set av tid til oss i påska! :) 


"Sjølv om han verken er prest eller psykolog har han interessante erfaringar og observasjonar frå vår eigen kvardag til å dele med forsamlinga. "








Åpent for alle! Kr 100,- per person


VEL VERDT EIT BESØK

søndag 10. april 2011

Midtsidepike i Sogn Avis

Laurdag 9. April 2011 (ellers ein historisk dag!)

Pitle deg så kom eg i avisa :)

fredag 8. april 2011

Eg og Doris i media :)

Akk Doris får jammen hedra minnet sitt lenge :) så søtt!!!

Står om Bondekurset på heimesidene til Sogn og Fjordane Bondelag :)

Sogn og Fjordane Bondelag sine heimesider

Får legge til linkar til blogging om Doris og - Bondekurset er vorte meir lest enn ho :)

DORIS
Doris 2

torsdag 7. april 2011

Ildsjel :)

hahahaha genialt! :)

utklipp frå; www.livsverkene.no


En Ildsjel   En ildsjel er en person som ikke har vett på å telle timer, ikke får med seg at akkurat den kvelden er det en "viktig"   fotballkamp på TV. Ikke tar ildsjelen hensyn til slitasje på eget utstyr, egne muskefester eller egen familie. De bruker heller ikke et sekund på tanken at en del av oss andre framstår i noen grad av forlegenhet fordi   alt var i orden da vi kom - 5 minutter for sent til arrangementet eller forestilingen. - er en person som bryr seg lite om tiltaket er rotfestet i kommunens handlingsplan eller at naboen møter en   med sitt aller tommeste blikk når de entusiastisk legger ut om planer om massiv frivillig innsats. - er en persom som ikke har fått med seg at takken av og til kommer i en enspalter post mortem; "Takk for alt" - Konklusjonen er:Ildsjeler vet heldigvis ikke helt hva de driver med, de bare driver på.

onsdag 6. april 2011

Fjøsstell :)

Eg blir så skrekkelig glad når eg går inn fjøsdøra :) Det er ei fantastisk følelse:) 
KVAR GONG! 

Helse på alle dyra, og dei helsar meg hjarteleg velkommen inn :) 
Eit raskt overblikk for å sjå at alt er som det skal og at alle er friske! 


Gråpus og Mælinda koser seg i flisen :) 

søndag 3. april 2011

Spennande helg

No vart det egentlig så seint at eg burde lagt meg, men er så boblande rar at eg får skrive ut litt :)
Samtidig som eg er for trøtt til å være skikkelig fornuftig med budsjett og sånt!

I kveld har vore ein tornado av følelsesspekter - kjent på alt mulig på samme tid! :D
Har vore glad og engasjert og oppglødd, og stressa og avslappa, og samtidig "har kontroll" følelse og ligger etter - på ein og samme gang:)

Her er eiin god grunn til å være glad; 


Søte vetle Mælinda :) 

mandag 28. mars 2011

BONDEKURS

EIGARSKIFTE I LANDBRUKET
18. - 19. APRIL 2011
VETLEFJORDEN GRENDAHUS
Arr: Balestrand Bondelag


Sist oppdatert: 17.04.11

Kontakt info: 
Renate Rendedal 47 23 77 14
rendedal.renate@gmail.com



Sponsa av; 
Vetlefjorden Bygdekvinnelag

Takkar for støtte! 
Både økonomisk, praktisk hjelp og motiverande til kursplanlegging! 
Det er inspirerande å prate med så mykje engasjerte og positive folk!



PROGRAM

18. April

10.00          Skivemat, kaffi/te

10.30          Kurs start; Per Hilleren, Sogn og Fjordane Bondelag                  


11.00           Olav Eikenes - Nordfjord familievernkontor
                  Tema:Kommunikasjon/konflikløysing/kommunikasjon framføre 
                  eigarskifte. Familien på ein gard. 

12.30          Kakepause med svinlande gode kaker frå Mæland og Rendedal gard

13.00          Kurs fortset; Olav Eikenes


15.00          Felleskjøpet informerar om medlemsfordelar

15.30          Arne Skeie, Vik Kommune
                  Tema; Kort om samdrifter, erfaringar i Vik. 
                  Kort om Innovasjon Norge 
                  - kva støtte kan ein søke på som nyetablert bonde. 

16.15          Kurs slutt, Middag om me får det til. 
                  Så får me prate og være litt sosiale før me går heim til 
                  eventuelt fjøsstell. 


19. April 

10.00         Skivemat, kaffi/te

10.30         Kurs start
                 Jostein Angedal, Rekneskapskontoret Fjordane AS
                 Tema; Den praktiske gjennomføringa av eit 
                 eigarsifte i landbruket

12.30         Kakepause med svinlande gode kaker frå Mæland og Rendedal gard  

13.00         Kurs fortset, Jostein Angedal


14.30         Humørbonden kjem til oss:) (åpent for alle - kr 100,- per pers)  


16.00         Kurs slutt 




Pris; 
For 1. deltagar i familien               kr; 500,-
For øvrige deltagarar i familien     kr; 300,- per pers
Deltaking 1 dag                             kr; 300,- per pers


Kan setjast inn på Balestrand Bondelag sin konto i førkant;  3705.07.33697
Eller ein mottek faktura under kurset


Fjordlos 4H vil ha aktivitetar/ barnepass 
- DETTE UTGÅR DÅ INGEN HAR MELDT PÅ BORN! 


Litt om kurset

* Det er nyttig for alle søsken i odelsrekkefølga - alle søsken vert meir informert. 
Det kan minke sjansen for konfliktar ved overdragingar 
om alle veit kva berekningar som ligg til grunn ved eit eigarskifte i landbruket td.

* Ein startar ein tankeprosess rundt eigarskifte som 
med fordel begge foreldre og søsken kan delta i.

* Ein får ei gjennomgang om korleis ein praktisk 
gjennomfører eit eigarskifte i landbruket

* Motiverande for undom i alle aldrar?! :) 

* Ungdom heilt ned i ungdomsskulealder kan gjerne delta på kurset
Ungdom i vidaregåande alder og oppover vil ha stor nytte av kurset! :) 
Ein vert informert og veit kva som skal til når ein i framtida skal verte bonde. 

Bakgrunn for kurset

På bakgrunn av at eg er i ein prosess med å ta over garden i Vetlefjorden eg har odel på, har eg lenge tenkt på at det burde vore eit kurs for alle oss bondeungar og foreldre.

Å få eit kurs ut i lokalmiljøet vert det enklare å møte og få det med seg.

Eg og pappa var på kurs på Mo Jordbruksskule; Eigarskifte i Landbruket, med føredragshaldar Jostein Angedal frå Rekneskapskontoret Fjordane AS. Då tenkte eg at detta skulle alle fått høyre, 
og vart eg endå meir inspirert til å få til eit kurs i kommunen, med Jostein Angedal og andre føredragshaldarar som kunne fylle ut tema eg sakna.
Med inspirasjonen i bakhand og tanken på at det er mange vaksne og unge ungdommar i kommunen i same situasjon som meg så satte eg i gang med planlegginga.
Eg har og lyst at kommunen i framtida skal være ei aktiv landbruksbygd, eg vil ha kollegaer i nærleiken og at grenda eg bur i skal være enda meir levande.
Eg er ikkje missnøgd med slik me har det i dag. Me har godt samhald, mykje aktivitetar og stort sett ei ”alt er mogeleg” haldning.
Men eg vert litt betenkt når eg ser kollegaene eg har i dag begynnar å halta – ikkje spring like fort over tunet, og dreg fram brillene J

Landbruket er ikkje det mest høgaktuelle yrket å ville basere si framtid på i dag.
På tross av at me er den mest livsviktige produsenten av produkta mat, er det å være bonde likestilt med tankar om hard arbeid og lite inntekt. Då kan det kanskje hjelpe at nokon går føre og visar at ein kan være ”gal” nok å hoppe i det med begge føter.
Og er me fleire kan me kanskje samarbeide for å kutte utgifter og auke inntekter??
Kan me samarbeide om tilleggsnæringar?? Eit miljø og ei samling er engasjerande og motiverande! Få til eit fagmiljø - sjølv om me ofte føler oss åleine, så er det mange av oss med interesser innan gard og landbruk og skogbruk. 

Ein kan heller ikkje sette seg ned å vente på endring, ein må handle!! Eg håpar dette kan, om ikkje anna, gje nokre få ringverknadar til grenda, kommunen og landbruket. 




Presentasjon føredragshaldarar 

Jostein Angedal, Rekneskapskontoret Fjordane AS
Rekneskapskontoret Fjordane AS har om lag 600 landbruksrekneskap og utfører også arv/skifte og kan bidra med driftsplanlegging.

Jostein Angedal har lang erfaring innan rekneskapsføring og gjennomføring av eigarskifte i landbruket i Rekneskapskontoret Fjordane AS (tidlegare Sparebanken Sogn og Fjordane). Han har halde fleire kurs med dette temaet og er ein veldig flink føredragshaldar, han gjer innhaldet svært interessant og levande.
Han har også praktisk erfaring som odelsgut, bonde og overdragar av garden sin.
Tema på kurset; Den praktiske gjennomføringa av overdraging av ein gard.

Olav Eikenes, Nordfjord Familievernkontor
Nordfjord Familievernkontor ligg under Bufetat,
med Barne,- Ungdoms-, og Familiedirektoratet som høgaste organ.
Nordfjord Familievernkontor tilbyr som andre lokale Familiekontor; parterapi, familieterapi og mekling ved samlivsbrudd.

Olav Eikenes har svært mykje kunnskap og erfaring innan kommunikasjon og konfliktløysing, også med utfordringar innan livet på gard og eigarskifte i landbruket.

Han har ved fleire anledningar halde føredrag med ulike landbrukstema.
Blant anna: ”Korleis er det å være gift med ein bonde” og ”Fleire generasjonar i eit tun”
Han har samarbeida med både internasjonale og nasjonale ekspertar innan kommunikasjon.
Eg gledar meg veldig til å høyre på denne kunnskapsrike mannen med mykje engasjement!  
Temaet på kurset; Kommunikasjon og konfliktløysing, Livet på ein gard…. Han jobbar med å få innhaldet til å passa oss!

Arne Skeie, Vik kommune
Er tilsett i Vik kommune som landbruksrådgjevar, har i nærmare 30 år vore tilsett som Landbrukssjef i kommunen. Har mykje kunnskap og erfaring innan landbruk og har følgt utviklinga sidan 70-talet. Han har vore ein stor motivator innan landbruk og næringsutvikling .
Eg har blitt fortald at han gav Vikjabøndene hjelp og rådgjevning, og stod bak den positive utviklinga i landbruket i Vik på 1970-1980 talet.

Per Hilleren, Sogn og Fjordane Bondelag
Per Hilleren er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag og bonde i Sogndal. Han har også, som andre bønder, variert arbeidserfaring. Han er utruleg positiv og engasjert for lokalt, nasjonalt og internasjonalt landbruk og matproduksjon.
Ein motiverande mann som jobbar hardt for å forbetre vilkåra for oss framtidige bønder! 

  

Marsoppdatering

No er det jammen lenge sidan eg har blogga!
Har verkeleg savna det og har tenkt mykje på alt det aktuelle stoffet eg kan legge ut, men har ikkje prioritert tid til det gitt!!
Men no er eg ufokusert og litt småkaotisk i topploket, så eg fant ut at eg fekk avkoble litt med med rendalsbudeia for å komme inn på rett spor att :)

Eg har nok så mykje på hjartet at eg får begynne på nærmaste fortid og sjå kor langt bak eg kjem før eg må jobbe med "orntlige" kontorting igjen :)

Får begynne med

MIA MÆLAND RENDEDAL 


lørdag 19. februar 2011

Måneskinn

Jammen kom vi oss ut i det fantastiske måneskinnet :)
Fullmåne og greier :) Stjerneklart, ikkje ei sky på himmelen. 2 meter snø og skare som bærer oss med litt pudder oppå. 6 minus - friskt og godt :)

torsdag 17. februar 2011

Grisebilder

Katrine sitter med foten høgt og har endelig hatt tid å sende meg bilder :) 


Mens vi ventar på vår kan vi kose oss med fjordåret :) 


Budeie på trykk

No vart eg jammen publisert:D

Er ikkje hjelp i å gøyme meg langt inn i fjorden når eg stadig sprett opp her og der :)
Men ka gjer ein ikkje for å vise kor bra arbeidsplass ein har som tek vare på sine ansatte :)

søndag 13. februar 2011

Åh herlige vinterland



Når snøkaven har roa seg, dagane vert lenger lyse og SOLA kike fram - då må ein berre nyte det :)
DÅ fer folk og hundar på Rendedal gard ut av tunet og til Langehaugen:)

fredag 4. februar 2011

NEI dagen

Henger meg på vipsis og skriver om IKKJE ting idag!
Har litt behov for å syte litt på ein sånn NEI dag :) så vis du ikkje vil lese eit innlegg som ber preg av meir innhald på undersida av den nøytrale streken - så stopp her!!!

Men på den andre sida, så har eg ein tendens til å få andre til å le når eg forteller om NEI ting - så vis du har lyst å bli i godt humør av andre sin vrede - så FORTSETT!!! :)


onsdag 2. februar 2011

Resultat av dagens spenning

JIPPIKAYEAY!!!! :D 

Det er ein så fantastisk følelse å klaske igjen 
slaktebil grinda bak siste dyret! 

Spennande dag

Idag er eg skrekkelig spent!
Blanda med med vemod og trist.

lørdag 29. januar 2011

Nytt år nye mogelegheiter

Hei igjen! :)

No er det jammen lenge sidan eg har skrive blogginnlegg - eg har tenkt på det lenge,
men har liksom komme ut at treninga :) No er det nesten like skummelt som fyrste gongen :)
Eg hadde planar om å skrive ein oppsummering av 2010 - som mange har gjort, eg hoppar over det og begynner rett på dagen idag :)