Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 24. september 2010

Landbruksvikar, kusignal og kattungar



Igår kom eg heim ifrå kurs med Landbrukstenester på Vossestølen Hotel. Ein innhaldsrik 2 dagerstur med mykje sosialt, lærerikt og engasjerande innhald.
Hadde ikkje med meg kameraet beklagelegvis! Æsj - ja det var dumt! Hadde fått noken kjekke fotografiske minner då :) jaja
Er det forresten nokre av kursdeltagarane som har bilete tek eg gjerne i mot på mail: rendedal.renate@gmail.com :) 

Eg skulle absolutt hatt bilete av verten og eigaren av hotellet! Han Halvard - ein utruleg serviceminded mann full av karisma :) Han var fyllt til randen av gode historiar - og han las dikt til oss :) Det var ei pærle av eit hotell å bu på!
Halvard var i hine hårde dagar maskinentrepenør - og skulle i banken å låne peng til gravemaskin, ut att kom han som eigar av hotellet ! Fantastisk!
Og han lydde stort sett namnet sitt! :)

Ein potensiell avløysar:)


Landbrukstenester er firmaet eg jobbar i.
Eg er ansatt hjå Landbrukstenester Sogn - med ho Aud i spissen. Eg er landbruksvikar og avløysar.
Begge deler er mykje likt - eg går under begge "titlane" i fjøs.
Men er eg landbruksvikar er eg sjukevikar for ein sjuk bonde - det kan være akutt sjukdom hjå bonden eller forutsatt sjukdom som operasjon for eksempel. Og avløysar er på godt norsk det same som budeie eller taus... eg avlastar bonden så han eller ho kan ta seg fri (eller gjere andre ting på garden:) !

Mange lurar på kvifor eg ikkje startar opp for meg sjølv og jobbar som avløysar - eg hadde tent meir og bøndene hadde betalt "mindre". Ser ein så enkelt på det - så ja!
Meeeeen......
Før det første så er det veldig lett å berre jobbe, skrive timar og få betalt for det. (medan ho Aud styrer med rekneskapet, sender rekningar og den administrative biten)
Men i tillegg til løna får både eg og bonden gode forsikringar me slepp å kjøpe om eg hadde vore sjølvstendig. Eg får lovpålagd yrkesskade forsikring og ulukkesforsikring - så i verste fall om eg hadde vorte invalid (og sjansen er jo der så "uheldig" eller klønete som eg kan være:) så slepp bonden å legge ut dei sei 3 millionane for uhellet mitt:)
I tillegg får vi ansvarsforsikring - så skulle eg være så uheldig og drukne traktoren eller sende penecilin mjølk til meieriet - så betalar bonden berre ein eigenandel medan forsikringa til landbrukstenester dekkar resten.
Og DET er jo veldig godt å vite! :)
Ikkje nok med det så har eg nokon å henvende meg til på kontoret når eg treng nokon å prate med eller drøfte noko med  OG eg får reise på kurs med kollegaer i regionane rundt her. Oppdatere med fagleg og ha sosiale samkomme! Ja Landbrukstenester er absolutt ein trygg og kjekk arbeidsgjevar :) Eg står nok og litt sterkare i ei landsdekkande bedrift enn åleine når til dømes lønnsforhandlingar står på trappene:)

Ein avløysar frå Landbruksenester klarar til og med å handtere ei brunstig purke :) 

KUSIGNAL - eller kyrasignal som blir mest naturlig for meg å sei :) Utruleg kjekt kurs!
Det var Landbrukstenester Hordaland som arrangerte kurset for oss denne gongen - dei "inviterte" blandt anna Felleskjøpet til å halde kurset kusignal. Ein suksess! Mange av "signala" ein kan sjå på kyrne eller omgivnaden rundt er ting ein gjerne veit - men ein vert meir oppmerksam på det! Og handlar gjerne før ein ville gjort ellers!
Viste du :
*at ei kyr berre søv i 20 min i døgnet?? (og når då det å sove er for å kvile hjernen.....så seier det kanskje noke om hjenekapasitet.....nei fy meg! :) OG det trøstar meg med at eg treng minst 7-8 timar søvn:D )
*Men ho treng 14 timar kvile:)
*Og at hasesår (gnagsår på beina) gjer at det vert fleire kvite blodceller i blodbanen for å hindre infeksjon i såret - det kan og auke celletalet i mjølka (det er ikkje bra med mjølk med mykje celler i :)
*at det går med 22000 liter vatn for å produsere 1 kg kjøt (det er eit godt miljøvennleg argument for å produsere kjøt på vestlandet:)

Når eg er på kurs tenkjer eg alltid at: detta skulle bøndene "mine" fått vore med på og! Ikkje fordi dei er dårlige bønder - tvert i mot! Men det er alltid interessant å lære meir, åpne augene for ting ein ikkje ofte tenkjer på, få ein engasjemangsboost - i det heile - det er kjekt! :)

Så endelig PUS - eller KATTUNGA :D 


Har som eg har nemnt før 4 sjønne pusungar i hus! Mammaen gjømte seg og føda ungane ein lur plass - men vi fant dei til slutt :) Dei er ca 4-5 vekner no. Og utrulig tamme til å ikkje ha sett folk før! Dei var litt redde første kvelden - men no får eg knapt være i fred. Akkurat no ligger ein å søv på fanget mitt :) Han fekk ikkje plass i lag med dei 3 andre oppå internettdingsen :)

Kattemamman eller Kjetta som vi kaller ho, er ei utruleg god avslkatte :) Ikkje berre får ho 2 kull i sesongen (JIPPI:) men ho får alltid mange forskjellige mønster og fargar :)


Eg skulle ha sjekka kjønna på dei no, men dei søv så søt så vil ikkje forstyrre. :) FORDI - eg kan jo ikkje ha 4 kattar! Så har noken lyst på ein pus  er det berre å gi beskjed! Vi gir gladelig vekk så ikkje styggemannen må få dei :p


Dei eter tørrfor (og våtfor - men gir dei berre litt av og til så dei ikkje får ilt i magen) Og er allerede veldig flinke å gå på do - I dokassen! :) Dei bommar berre bittelitt :) Og det har berre sjedd rundt kassen - dei rakk nok ikkje fram :D


Han her kalla eg for Tuner :) (eg veit det ikkje er ein tuner han ligg på - men er kulare med tuner enn Internetboks - for eg kjem ikkje på det orntlige navnet :) Men no har dei andre sjønt at det er digg å ligge der og! :) Dei ender sikkert på tuneren til slutt når dei blir voksne :)


Dei er veldig leikne og aktive - om no det er positivt :) 
Dei klatrar opp i sofaen som om det skulle vore ein dørstokk, og hoppar nedigjen lett som berre det :)



Godt lynne, flotte eksteriør, god motorikk - som sagt : ei bra avlskatte med gode linjer :) 



Men har du aldri hatt pus før må du tenke deg godt om før du bestemmer deg for å ha ein! Det er ikkje berre å få ein pus i hus - det er nett som ein baby som trenger stell og mat og tilrettelagde omgivelsar - men det får eg ta ein anna dag, for no skal avløysaren ansett i Landbrukstenester Sogn på jobb :)

Ha ein fortreffelig helg :)

mandag 20. september 2010

Tullungen Linda

Detta har vore ein mandag uten det alt for høge aktivitetsnivået - men har lagt mykje planar for morgondagen då :)

I morgon i morgon men ikkje idag :)     

Jaja smådyra har fått masse godt stell da - lille kaninga Tussi fekk kamba pelsen sin til og med :) 


cf5zag< - vetle pusen fekk skrive:) Har fått 4 alldeles nydelige nøster i hus, i den perfekte sjarmerer i senk alderen :) Skal ta bilder og legge ut i morgon :) Eg kan ikkje ha  alle - så håpar nokon har lyst på pus:) Kjetta er ei bra avlskatte - ho får alltid masse kattungar i forskjellige mønster og fargar :)
Eg er ikkje heilt vand med pusungar enda, tok dei inn til meg lørdagskvelden. Dei er ca 4-5 veker og mora fekk dei på hemmelig plass, så dei var småredde. Det var Karoline og Miriam som var på kattungejakt i helga og fant dei.
Dei får bu i gangen min i eit stort hundebur, så dei har det fint:) Når eg har vore heime idag fekk døra til buret stå ope så dei fekk springe i gangen. Og bli kjend der.
Etter leiking og springing i gangen (for noken herlige lydar potane deiras lagar på parketten:) la dei seg til å sove, eg gjekk forbi inn på badet. På veg tilbake holdt eg på å trakke på ein - med kloggar på :/ Søtingen hadde sprunge etter meg og stod med søte auger å såg opp på meg :) naaaaaaaaaaaaaaw :)

Var på kurs i partering av hjort igår, det var lærerikt og spennande! Det var Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortesenter på Svanøy som underviste! No gjenstår det berre masse trening  - så har meldt meg frivillig til å bistå i haust :) Og at det vert skote ;)



DAGENS DYR: 

TULLUNGEN LINDA
Tullungen vart fødd på Mæland, og Linda Beate var jordmor. Mamman til tullungen heiter Tulla :) 
Vi trengte sårt ei ammehjelp - så då var det godt med gode naboar som kunne selgje oss ein kalv:) 
Tullungen vart fødd seint i mars eller tidlig i april i år - ei fantastisk lita jente! Gledar meg MASSE til mange gode år med ho! 
Når eg kjem i skogen møøøar ho så nusselig - og kjem springande for å få kos og mjøl :)


Her var Tullungen på flyttefot :) Det syns ho var litt skummelt og kaldt - så ho fekk låna jakka til anders :)


Tullungen på sin første springtur på Rendedal gard :) Pleier sleppe kalvane ut å springe nesten kver dag frå dei er eit par veker til dei får gå ute på sommarbeite:) Det har dei så godt av, blir mykje lettare å handere når vert store - og syns ikkje det er så skummelt å gå inn og ut. Og så storkosar dei seg når dei får ut å springe da - det er ein fryd å sjå på :)


Tullungen i full firsprang med vennane sine tidlig i mai :)

Jøyemeg så tida går! No ventar jobb og mjølking :)


fredag 17. september 2010

Fredagskos

Ja då var plutselig fredagen her igjen :)
Har hatt ein fin fin dag med masse jobbing og jabbing :)
Vaska fjøs på jobb idag så har uante mengda saumøk i augene - ja eg ønsker meg vernebriller med spyleveske og vindusviskarar :) Ja når eg var ferdig på jobb så var eg ferdig for å sei det sånn :) Men det hjelp ikkje å legge seg på latsida for det :)
Det skulle bli jentetur på Langehaugen for å sjå etter kyrne - men vi vart jaga der i frå av ein jegar som var på villspor :) hehe




På veg heim møtte vi ein sau :)
"Godag" sa sauen :) "Eg leitar etter Rendedal gard men eg trur eg har gått meg vill :) "
"Eg går no berre i klogga...." sa eg ".... og Malene her tripper rundt i kvite tøysko - men vi kan no vise deg vegen fordi! .. Neeeeeei vent spring no ikkje ned i det våte graset då 8050! Eg er så glad for å sjå deg, du er den siste sauen vi manglar"
"bææææææææ eg er redd!!! Eg er åleine, og har mista det eine lammet mitt - og sjølv om du ser snill ut med den blå bøtta og luktar godt sau - så er eg skeptisk" :D

Fortellerstemma: Etter eit par rundar på bøen gjekk sauen på vegen og Renate etter - i klogga. Men der kom det sjølvsagt ein bil å skremde sauen som var på leit etter flokken sin - opp i ei ur det bar - og så tilbake i vegen. Jammen gjekk ferden heimover dalen mot Rendedal gard. Det gjekk i eit forrykande tempo - utruleg at budeia klarte å halde farten i dei skoa :D Sikkert dei våte tjukkesokkane som gjorde susen.
humre humre. Når vi kom til Langeteig var det så mange sauer der at sauen ville parkere - kanskje er familien min her tenkte sauen! Karoline og mamma Rendedal kom også til for å hjelpe og Leif Magne skrudde av strømmen så budeia kunne krysse gjerdet og springe litt ekstra :) For ein stil :D
Sauen ville ikkje forlate artsfrendane - ho vart så glad for å sjå likesinna :)
Ein forbipasserande potensiell jegar stoppa "Da e da eg saie - saue e domme dyr!" Fekk endeleg Narve bevist.
Narve kunne det å møte for sau, med svikt i knea og lange armar frykta sauen å passere - men ho ville no likevel prøve - han såg tross alt ikkje så spretten ut.
Sauen tok ei finte og la på sprang - men sauen feilberekna mannen - han spratt etter og fata sauen. Med slik innlevelse at treskoen flaksa :) Mamma Rendedal hoppa til og la all si tyngde på - sauen skulle ikkje få sleppe:) Også ho hadde kloggtrøbbel :) hehehehe ........... men lammet freista å teste elektriskgjerdet - balla seg godt inn nettingen. Då såg rendalsbudeia sitt snitt og la inn ein sluttspurt "got ya! " :)
Me fekk dyra i hus - og på tross av litt ekstratrim står 8050 fortsatt med grøn skrift på sauelista:) Ho ættar nemlig etter ei god slekt
Snipp snapp snute - 8050 får mange flotte år til ute! 




Hahaha IGJEN manglar eg filmkamera - trur eg ønsker det til jul :) Bak ryggen min driv Malene med vanvittig dansing - alt fra breakdancing til ass shaking :) hehe Karoline som er litt meir urban enn oss lærer vekk - få flis i rumpa, hånda og håret dans :) hehe trur eg satte fram for mykje brus, chips og sjokolade i kveld :) HAHAHAHAHAHA KOR ER KAMERAET NÅR EG TRENGER DET???!!!!!!

Ja det var litt om dagen idag! Har jammen hatt mykje "fagprat" i kveld og. Det er så artig å diskutere og veksle erfaringar og tankar :) Sjølv om eg kjem litt til kort når vi kjem til traktor og utstyrbiten :) Igår kveld og fekk eg slik ein trivelig telefon :) Nei no er det kø på dataen her :)
Me talast ved! :)

Ein kjapp ein! :)

Først vil eg takke for masse hyggelige tilbakemeldingar:) Kjekt at de liker det eg skriv! :)
Så i kveld skriv eg faktisk til ære for min faste lesarskare (skriv ei som skriver blogg på 4. dagen :D )

Eg er vel ikkje så kjent for å fatte meg i kortheit :)
tenker ofte på Pål og Rune (faktisk!) som eg jobba fast med i 2 år på MS Prinsesse Ragnhild - dei vart jo drittlei av dei lange avhandlingane mine eg skreiv i vaktskifteboka:)
Så når læraren min på Mo jordbruksskule fint kommenterte innleveringsoppgava om grisungar: 
"fyldig og bra oppgåve, men du kan gjerne korte mykje ned - slitsomt å lese så masse...." Vart det applaudert av kollegane mine :)

Eg får prøve å ta ein kortversjon i dag, sidan det er over leggetid og alt :)

Så i dag er dagens dyr eit lite dyr :)

DAGENS DYR: 
 
Kjetta - som ho heiter :)
 Ho vart vel faktisk fødd på trappa heime hos meg, med Katrine som jordmor :D hahaha skulle hatt skjult kamera der da og ja! Katrine og dyr er liksom alltid komisk:) Og så oppdaterte ho meg flittig på SMS - eg var på sjøen på jobb:) Karrierekvinne som ikkje passa på "barna" sine :) 
Det var vel derfor ho fant ut det var mest stabilt å bu på garden når ho vart stor nok til å bestemme sjøl:) 

Det er Kjetta som er kattunge produsenten på garden - i lag med tante Bjarne. Han er på bildet over som kattunge:) 



Tante Bjarne og Kjetta et med alle fjordårets kattungar rundt:) 
Vi vart litt overraska i fjord når Hannkatten (som han heitte da:) kom å la seg i buret til Kjetta og ungane - og føda! to kattungar:) Derfor fekk han/ho navnebytte:) 

Dei var utrulig søte, mødrene låg i lag i eit lite reisebur med 6 kattungar:) Bytta på å gi suge og passe på dei! 
I år har begge vore i overkant produktive, no steller dei 2. kullet kver for sesongen. Og vi veit ikkje kor 
- så det vert nok noken redde kattar. Kattane har sjønt at trappa ikkje lenger er ei fullt så roleg fødestove med 2 smågutar springande forbi (og krabbande inni bura:) 

 
Men gutane er og kjekke å ha når dei har noko godt på lur :)

Eller når dei trenger barnevakt :)



Det er fortsatt over leggetid :) så får avslutte no så eg får kose meg litt med tal og klassar og rekne litt og sjå på slektskap - med slakteresultata :)
Tilskot/inntekts formel/reknearket mitt får vente til ein anna kveld:) 

GOD NATT GODT FOLK! :)

onsdag 15. september 2010

Ein HEIL dag med latterkrampe

Eg hadde på følelsen at detta kom til å bli ein superduper dag :) Og det vart det! :) 
Skulle gjerne hatt kamera opp til fleire gonger :D 

Idag var dagen for å samle inn alle sauene vi har henta frå fjellet, vege kor tunge lamma er og sette dei som er tunge nok i ein eigen binge 
- klar til å bli henta av slaktebilen i løpet av dagen. 

Eg hadde avtala med Katrine om å komme å hjelpe meg hahahahha
Då er det stor fare for masse latter når vi held på - vi har i allefall arva same humoren :) 

DAGENS DYR: 

SAU :)
 Hehe ja ka kan ein sei om sau da:) 
Først kan eg avkrefte ryktet om at sauer er dumme! Det er dei IKKJE! 
Dei er flokkdyr! Jobber ein MED deiras instinkt - så går det så fint så:)
(og slakter dei som er umulige:) Det er jo sånn med dei som med...oss?! Noken er meir redde enn andre, og blir ikkje like fortrolige med oss menneske.... Phu no er eg fryktelig sauesnill her:) 
Eg syns iallefall det er veldig greit med ei rolig og fortrolig sauestamme - bruker som regel første levevinteren på å jobbe litt ekstra med det. 



Eit par år hadde eg det morro med å lære dei minste i sauefjøsen litt "sirkustriks" - mens eg gjekk blandt saulamma for å få dei vand med meg:) Når eg klappa meg på bringa hoppa dei så fint med frambeina opp på låra mine - og stod der - så fekk dei godis:) Men dei vart store etterkvert, og hugste fortsatt trikset - då sjønte eg at det kanskje var greit å slutte å lære dei det :)

Det fekk Katrine erfare idag :D HAHAHAHA
Vi hadde samla heile flokken på i underkant av 80 dyr, Katrine stod med mjølbøtta og alle sauene så fint samla rundt. Utenom eit lam som var laaaaaaangt av gårde. Eg sprang for å hente det. 
Når eg var på veg tilbake til flokken med lammet såg eg ikkje Katrine:) hehehe
Eg såg berre den store klumpen med sauer - akkurat idet eg nesten vart redd for.... 
Så stakk hove til Katrine opp midt blandt sauene - og så kom resten av kroppen :D 


Ho hadde no stått der med mjølbøtta - prøvde å verne den så godt ho kunne (og ho var veldig flink).
Sauene var galne etter å få tak i det, og dei yngste hoppa på ho i fra alle kantar:) Spesielt ei holdt rundt hoftene hennar med frambeina, holdt seg fast når Katrine prøvde å flytte seg. Når det da kom ei til fra sida så knakk Katrine sammen som ein sekk :) 
Låg på alle 4, med ein sau på ryggen, ein stod på beina hennas - og hadde masse mjøl framfor fjeset sitt :)
Ho testa ut sauelivet :D
Vi skulle såååå hatt det på film!!! :D 

Daniel med sauen sin :)

Vi fekk no inn sauene til slutt:) Med god hjelp frå Susanne:) Og så satte vi oss ned for å le ferdig :) 
Godt med gode naboa, Leif magne kom og - så eg og Katrine klarte oss ikkje heilt sjøl :) 
(og godt var vel kanskje det:) 

Mange store fine lam! Fornøgd med årets saueavling! Er ikkje alltid like lett å stå der å bestemme kem som skal dø og kem som skal leve. Men sånn er livet - om det er sauelivet eller bondelivet:) 

Så no blir det VELDIG spennande å sjå på nettet i morgon når dei vert slakta korleis resultatet blir :)
Det er eit skikkelig rush faktisk :) Spent på om ein har sendt dei rette, om det blir bra klasse på kjøtet, om dei er tunge nok og om ein har teke rette valga. Så kan ein lære til året etter - planlegge kva slekter ein skal satse vidare på og kva ein skal gjere annleis. Eg har nokon planar til endring allereie:) 
Gledar meg spesielt til den dag kjem når vi skal bygge om fjøsen, har mange planar der for korleis vi skal få det meir lettvindt i sauehandteringa:) 


Her er eit bilde av lam 00030 - Tommy - fra i vår:) Det var nabo Tommy som ar jordmor til sjarmøren:) 
Han var gigastor i vår og kjempestor i haust 66 kg:) Sukk! Han var utrulig menneskekjær og rolig! :) 




Ein søt liten familie i vår :) Lamma bruker mamman som madrass :) Ho vart litt skalla av behandlinga stakkar:) 
Håper dei slutta med det i løpet av sommaren :) 


Det får være nok for i dag, i morgon er ein ny dag, med nye prosjekter og utfordringar:)


tirsdag 14. september 2010

Innedag

Fins vel ikkje meir sjølvpining enn å stenge seg sjølv inne ein dag, spesielt med visjon om å kvitte seg med hybelkaniner og edderkoppspinn - er ein sorgtung dag med slik slakting av dyr! :)
Som om det ikkje er nok laga eg plana om å OMMØBLERE!!! Himmel og hav, ser jo ut som ting formeirar seg når ein begynner å flytte på dei:) Trur snart eg og tingfamilien treng større hus enn huset på prærien :)

Idag passar det med DAGENS DYR: 


DORIS

Doris kom til Rendedal gard våren 2008 i lag med 2 søsken - ho hadde som visjon for livet å bli slakta 6 mnd seinare - ho ville bli slaktegris når ho vart stor! :) Akk men sjebnen ville noke anna - i detta tilfellet var sjebnen meg:)


Med heile sommaren til hjelp vart heile familien Rendedal einige om at vi trengte berre kjøt frå 2 griser, og det hadde vore kjekt å prøve med grisunge produksjon.:)  Det vart haust og søsknane hennas forsvant, ho sjønte ikkje koffor dei hadde gått i fra busta og tærne uttafor fjøsen hehe fy meg!


Men griser er jo som oss mennesker - veldig sosiale dyr.
Doris trengte ein venn:) Det vart meg:)
Hehe vi tilbrakte MAAAAAAAAAAAANGE tima i lag første vinteren.
Når eg var heime fra sjøen gjekk vi lange turar i skog og mark nesten kvar dag:)



 Doris fekk knaske hasselnøtter og grave i jorda, vi trimma og helt kverandre med selskap :) hihi ja vi sprang! Sprang så vi så vi var galne! Og lo så tårene trilla :D Eg satte igang å spurte og ho etter hahahahah så morsomt det var! :) Vis ho ville leike så grynta ho og dytta til meg i beina og hoppa fram og tilbake til eg begynte å springe:) Skal sjå om eg har film i fra det :D

 

 

Hehehe ja det var tider det:) Eit par hysterisk galne brunstar seinare fekk vi ho endelig drektig :)Det var spennande å få til, både eg, Doris og dyrlegen var like uerfarne:) Men vi klarte det til slutt. Spørst om det hadde med at ho klarte å kle litt av dyrlegen :) Fødselen skulle komme i gang i juni, ventetida var lang :D 







Og jula var jo før det :) hehe da fekk ho jo komme inn å få pepperkake :)





I mellom tida kom våren med iseting og vedkløyving, Doris var med på det meste:)




Doris fekk nytt hus ute, med gjørmedam uttafor:)
 Hold dikka fast, vart skikkelig mimring her - og eg har skikkelig masse bilder :) For å være ærlig så er eg litt sentimental her eg sitter. Sukk!
http://www.dailymotion.com/video/x28eaj_whitney-houston-i-will-always-love_music

Viser godt at ho er drektig:)
:)
Heite sommardagar før fødselen

 

Ser sprekkferdig ut, ei par daga før. Jiiiizes vi er spent :)
My boobs my boob my boobs are okey :D
Hehehehe det var gris som var temaet dei dagane for å sei det sånn :) Ho skulle føde på bursdagen min, eg overnatta i lag med ho natta før det sjedde :) 
Eg slenger med eit par videoar til, fra ei sliten høggravid dame og fra at ho lagar klart reiret :) 





6.juni kom det 14 sjønne nøster:) Får slenge med noken søte beibi bilder :D

Heilt nyfødte:) 


I år fekk ho tilsammen 20 stykker, 14 av dei lever enda - enn så lenge.
Og i forsøk på å være ein "fornuftig bonde" :D hahahhahaha har eg bestemt meg for ikkje å ha nokon gris på overvintring i vinter - tjener meir på å ha 3 oksar i staden.
Men jammen sa pappa han skulle lage til plass til ho..... så no begynner eg å tvile igjen


Hehehe detta vart ei lang histoie om eit dyr :) Men det er meir der det kjem i frå:) De får gi beskjed vis de vil ha resten av Doris historien ein dag :) Får vel gi meg i denna omgang:) hehehe eg kan ikkje få nok bilder og videoar av ho og ungane :D Dei er så fantastisk fasinerande! :)
Ååååååe like før eg begynner å grine her eg sitter - vart skikkelig lei meg. Enten må eg ombestemme meg eller så må eg tøffe meg skikkelig opp !

Må berre fortelle frå idag - forar grisene med traktor, dei får så masse mat den store gjengen :) Dei flytter seg nesten ikkje når eg kjem :) Hehehe eg gjekk ut til dei, og Doris mor kjefta på meg - kosa så sjelden med ho no! Men eg gjorde litt godt igjen idag, klødde ho masse på ryggen :)
Ho har skifta bust i sommar, i vår var sikkert busta 10 cm lang :D Men no har ho mista alt det og ny bust er på veg ut - skikkelig stiv 1 cm lang bust. Eit skikkelig mannfolk med 3 dagers skjegg er barnemat i forhold:) Så det er soooooooo ekkelt å ta på! Med flate hender gnikka eg fram og tilbake alt eg hadde på Doris sin rygg:) (trur ikkje eg blir kresen på hårete mannerygga heretter :D )
Store flassflak spruta og det prikka i hendene mine mens eg holdt på :D Men måtte berre fortsette for ho likte det så godt :) heheeh var faktisk kvitt belegg på bakken etterpå :D

neineineinei!!! No måååååååååå eg gi meg :) Får avslutte no!!!
Får slenge med ein passande sang
http://www.youtube.com/watch?v=m9Ur5ck-8DA

mandag 13. september 2010

Skravlesjuk:)


Koffor i all verden er all reklama på sida her mynta mot mage og tarmsjukdommer/plagar?? :D Eller fettforbrenning :D Trur eg skal slutte å skrive om at eg ete - eller vis eg skriv om "for" på nynorsk vil kanskje ikkje google oppfatte ka eg skriv om :)


Dagens dyr er kyra ; 

Den særeigna kyra "Downs"

God mandag morgen :)

Tid for kaffi og røyk og surfing på nettet,
med heimebakt brød er magen mettet ( det vart faktisk ikkje så verst, var saftig og smakte fremdeles ferskt:)
Er ivrig og har futt i kroppen, treng vel engentlig ikkje meir kaffi i koppen.
Pønsker og tenkjer dagen lang
no har gardspipa fått ein anna klang.
Kiker på løysningar for ulike fjøs
no skal kyrne få gå løs :)
Tenkjer og på å bygge slakteri
så kan grisene bli slakta bra skal eg si:)


Apropo slakeri så er detta bøddelens veka
skumlebilen kjem og hentar alle lamma - eg e ein svekar.
Klarar ikkje finne ein unnskyldning for værlammet Tommy
han e so fin og snill og utrulig tam - eg seier til meg sjøl "han er berre eit lam"
usj! :P

Nei no må eg begynne å reagere
dagen er i emning og har ting å gjere:)

Ha ein strålande dag - alle i lag :)
Hei og hopp livet er topp :D

lørdag 11. september 2010

Jomfrutur!

Jau då har piskandeg eg og hive meg på bloggingen:) Så får vi sjå om eg får det her til og får tid til det :)
Så kan eg heller bable laust om budeietilværelsen her i stadenfor å plage alle uinteresserte facere :)

Det var i jakta på griseslaktprisar og diverse småplanlegging møtte eg Virgenes gård på nettet:) Dei har gøy grisedrift dei :)

http://virgenesbloggen.blogspot.com/

Spennande:) slang med eit bilde av dei søte lamma i vår. Halve spæl sau og halve Norsk Kvit Sau. Nønningane.  Så har eg prøvd deg og :D