Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 6. april 2011

Fjøsstell :)

Eg blir så skrekkelig glad når eg går inn fjøsdøra :) Det er ei fantastisk følelse:) 
KVAR GONG! 

Helse på alle dyra, og dei helsar meg hjarteleg velkommen inn :) 
Eit raskt overblikk for å sjå at alt er som det skal og at alle er friske! 


Gråpus og Mælinda koser seg i flisen :) 



Og uttrykket
"stille i fjøset" 
Det er den mest fantastiske lyden som fins!!!

Når alle dyra har fått maten dei ventar på, står fornøgde å et
- då er det stille då! 
Ein fornøgd, glad lyd!
Eg elskar å gå å dille i fjøset med den lyden på øyra:) 
Når eg går forbi dei løftar dei helsande på hovudet og tek gladeleg mot ein kjærlig klapp! 

Knøttet helser på:) Søte vetle klumpete unyttige dyret :) 

I føremiddag tok eg meg ei god økt og høyrde på den lyden og kosa meg og stella i fjøset!
Hadde litt ekstra ryddings på gang. 
Køyrde ut rusk og rask som ein kostar i små dungar til daglig. 
Strødde klart babybingen til dei komande kalvane. 
Og så snakka eg med alle sauene:) 
Og tok på alle sauepuppane:) (Jura:) 

Lamminga nærmar seg! 
Det er så spennande!!! 
Eg gledar meg sånn:)
(eller grugledar meg)
Blir nokre veker med mangel på søvn - men det er så stas og! 

Sprekkfulle magar:) Her tippar eg det ligg 3 små spreke lam:) 

Eg flytte om på nokre sauer. 
Ei fekk komme opp i "trillingbingen" 
ilag med dei andre damene med store magar og litt tynnare kropp:)
-dei får litt meir mat. 

Og så var det jammen 2 som eg mistenker for ikkje å ha lam. 
Eg har vore skeptisk på 6011 lenge
- sauen som har vore mest omtala i familien trur eg:) 
6011 er veldig tjukk og rund - i fjord produserte ho ikkje meir enn eit lam. 
Det er for dårlig til vaksen sau å være:) 
I tillegg så var ho blandt dei siste som lamma og stod lengst inne
- ho stod å gaula og remja og breka dagen lang. 
Eg trudde eg skulle bli sprø :)
Då fekk eg ikkje stille i fjøset lyden :) 

6011:) Ho var meir oppteken av å ete i staden for å posere:)
Tjukke dama - ser ut som ho har ein haug med ungar i magen
- men den manglande mjølkeproduksjonen avslører noko anna:) 

Ikkje nok med det så er ho ei pest og ei plage å få ned igjen frå fjellet
- kvart år! 
Ho har mange forbrent mange kaloriar på. 
Og kvart år går ho på same fjellsida (er jo greit å vite kor vi finn ho da) 
Men når vi kjem opp for å hente ho stikk ho høgare og høgare. 
Eg har jammen utfordra meg sjøl i brattlent terreng og glatte svaberg i jakta på ho nokre gonger. 

Når vi endelig kjem over ho, stikker ho heim dalen i susande fart!
Spring ned til Grøndalsselet, kryssar elva og står på elvevollen og blåser i nasen til oss:) 
Kvart år! :) 
Plutselig finner ho ut at ho kan komme å smake på mjølet vårt og vere vennar:) 
Og så går ho fint nedigjen med resten av flokken. 
Kvart år:) 

Vis ho ikkje kjem med lam no - noko eg er ganske sikker på. 
Så vert det siste året hennas på fjellet - og det uten barn å passe på:) 
Så kan vi ete kaloriar i staden for å brenne dei! 

Og eg og Katrine får vilja vår med å ikkje ha den dama lenger. 
Huff stakkar!
Det er pappa som har snakka hennas sak dei siste åra! 
"Det er bra at ho lever og lærer lamma sine å gå i den fjellsida" seier han
Ei bra fjellside for sauene å gå i om sommaren - masse mat og lett å finne dei att :) 

Tilbake til fjøset :) 
 Eg flytta litt rundt på sauene. 
Merka dei som kjem til å lamme først. 
Og jammen trur eg første mann er litt tidlig ute 
- trur vi får første lam i løpet av denna veka :) 
Wiiiiiii!!

Her er småjentene:) Som var lam i fjord og skal bli mamma i år:)
hehe ei står å tissar :)
Den nærmaste er den som skal bli mamma først, ho kjenner nok det skjer noko rart med kroppen hennar:) 


Og det blir så stas for gutane! :) Nevøane Robin og Martinius :)  

Raudkollejentene - det er ein kyrerase (altså Vestlandsk Raudkolle)
- Jannicke og Prinsessanærmar seg og nedkomst :) 
Eit par veker til så vert dei mamma for første gang, og det med ein Belties pappa :) 
Dei kalvane kjem jo berre til å bli så utrulig søte!!! :D

Nei no må eg jobbe meir med å få kurset på gli og gjere HMS kurs lekser,
så kan eg drøyme meg vidare i fjøsen seinare :) 

Tja .... berre eit par fjøsbilder til frå dagen i dag :)




Pusar skal ikkje være inne i fjøset!
Men dei kosar seg sånn, og i lag med alle dyra.
Eg klarar ikkje hive dei ut : S :) 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar