Hjelpes til regntung dag, noken av byene har vore voldsomme :)
Eg var optimist eit augeblink å gjekk ut uten regnjakka,
eit par arbeidsoppdrag seinare kunne eg returnere - kliss klass :)
Måtte berre dokumentere litt på veg tilbake til hus og varme (les: vedovn:)
Grisemamma Dora, likar at det er litt grisete :)
Grisegutten derimot, trekker inn i hønsehuset - graver seg ei grop i tallen
Her er grunnen til den lange uteøkta utan rette klær på.
Rømlingar på rømmen:)
Stakkar sauen var sjuk i vår, så bestemde at ho skulle
gå heime i sommar i lag med heimelamma.
Ho har hatt lengsel til fjellet. Merkelig kor dei veit det...
Så ho drog med seg væren og 3 av heimelamma.
Grøndalen var neste stopp - hadde ikkje eg hanka dei inn igjen :)
Elva på Mel vaska med seg mykje i dag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar