Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 10. august 2013

Vi maler og vi maler....

Årets heite sommertips;
Male fjøstaket kvitt :)
Det ser ut til å verte ein lys flott fjøs no.

 
Taket er i granpanel, lakka - så den trekvite fargen har no vore litt mørk i taket.
Eg ville lyse opp og teste kvitt.
 
Her er me i gang:)
 
For å vise forskjellen av inntrykket taket gir med dei forskjellige;
 
 
    
 
Eg er spent på om eg syns resultatet vert bra :)
Kanskje det er ein anelse for mykje glans i den.
I dag skal eg male ferdig taket, så då får vil resultatet snart vise seg:)
 
Ein ting alle er einige om;
det vart stor forskjell - romfølelsen er heilt noko anna.
 
Etter kvart som malingen rulla på, kom strofane;
"jøyemeg for ein forskjell"
ganske så hyppig.
 
Ein ting eg oppdaga mens målinga held på,
måling syns alle var kjekt.
Alle ville hjelpe :)
 
Eg begynte å putle som smått på eigenhand seint ein laurdagskveld,
mamma og pappa kom innom for å sjå
- og berre klarde ikkje la være å fate tak i pensel og rulle og sette i gang.
(etter å ha gitt masse gode råd fyrst sjølvsagt :)
 
Første målingsstrøket er ferdig i taket.
Etter anbefaling frå Farsund Bygg i Førde
har eg brukt vanleg utemåling for hus i taket.
 

Onkelen med dårlig tommel kunne bruke god tid på å
lære minsten korleis ein skal male :)
Det var kjekt!
(istadenfor å høyre;
ikkje ta så mykje maling på, ikkje gjer sånn og ikkje gjer slik :)
Og med grundig opplæring, lov til å bruke stige
-så vart arbeidsgleda på topp :)
 
 
 
 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar