Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 4. september 2013

Om formangel i Sogn Avis

 
Ikkje nok med at eg ploppa opp på framsida i dagens Sogn Avis, så "fekk eg" nettsak og:)
 
Trudde oppfølgingssaka vart ei lita spalte, men der tok eg feil:)
 

 
Jaja eg legg den vesle sjenansa eg har til side
og viser stolt fram bondeyrket på godt og vondt :)
Og tek gladelig på meg å representere vår kverdag:)
 
 
Det har allereie komme tilbakemeldingar om for til sal.
 
Eg har planen for vinteren klar, eg har meld på mange storfe til slakt.
 Med ombygging av fjøsen og formengda eg har fått hausta,
konkluderte eg med at dette er rette året å redusere ammekyrstammen.
Eg kan ha mange sau for ei kyr, så vaksne dyr og ungdyr eg ikkje vil avle på vidare får fare.
- etter planen kjem bussen alt neste veke.
Så med desse endringane i driftsplanen trur, og håpar eg at eg skal klare meg gjennom vinteren.
 
 
.. MEN eg kan hjelpe å knytte kontakt....
som sagt snakkar eg ikkje berre for meg sjølv når eg er i avisa:)
naboar og kollegar i nabobygder har også hatt mindre avling enn håp, ynskjer og behov.
Så det er berre å gi ein lyd, om du treng grovfor eller har til sal.
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar