Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

søndag 7. november 2010

Stemning :)



Ein sånn husleg herleg laurdagskveldstemning :)
Levande lys, åpen peis med masse god bjørkeved (eg har hogge sjøl:), 
slobrok, SOFA!!!!!, TV!! Og kake! :)Te og solobrus:)
Kan det bli bedre??? 
Og verkeleg kjenne at kroppen bearbeidar dei støle musklane! 
Synke i hop i den pent brukte sofaen :) 




........så langt kom bloggskrivinga den herlege laurdagskvelden etter ein flott arbeidslaurdag....:) 

Før eg rigga meg ned i dessa: :) 


Eg gleda meg skikkelig til idag 
- ta ein roleg søndag, stå seint opp, kose meg lenge i fjøsen med dyra og dille. 
Berre gjere forefallande ting som som tilfeldigvis fell inn - uten å planlegge noke:) 

Og det svarte skikkelig til forventningane :) 
Strigla og snakka med dyra 
- og så kom Robin å var på besøk til meg idag. 
Er så kjekt med selskap slike rolige fjøsdagar :) 

Ein herleg stemning det og :) 
Jobbe, kose, leike, lære vekk ord og skravle og høyre morsomme barnetankar 
og sjå sjarmerande dyrefakter:)

Robin ville strø sagflis (eller plagplis så han seier:) 
Hehe han hadde ikkje så fornøgd mine akkurat :) 
Det er ypperlig for han å strø til kalven 
- litt tryggare der enn bak beina til dei kyrne som er litt større:)
Han fekk styre og stelle på eigenhand mens eg gjorde andre ting, 
når eg kom att hadde han vore flittig :) 

Hehehe :D 

Alle dyra fekk klapp idag og kanina Rori fekk ut å ete i sola, 
sauene fekk tegningar i fjeset og Robin lærte at oksane har tissen under magen:) 

Robin var til og med på kveldsstellet, eg og han trilla inn kver vår trillebår med silofor til dyra
-fram og tilbake. Så kikka Katrine inn til oss
"mamma du må måka no" :D 
hahaha ikkje berre er han flittig i oppgåva han held på med, 
men han veit ka som skal skje etterpå og setter andre i arbeid :D

Vart mykje Robin prat idag 
- vert så fasinert og får mange historiar etter ein dag med ein 2,5 åring :)

Litt meir dyrebilder må vi få inn :) 

"uuuuuuuuuuuuuuuuuuuurettferdig!!!" 
Knøttet (eller nøttet som Roin seier:) er svært missnøgd med overflytting til båsplass
- roper høglytt, til og med med munnen full i mat :)


Line :) 
hehe ho har så morsom sveis:) og sååå mjuk under halsen - elskar å bli klødd!
(Panneluggen til kyrne kallar eg for sveis
- alle har ulike krøllar og former og vridningar:) 

jajaja det var litt om helgas slaraffenliv og fjøslege gleder :)

1 kommentar: