Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

torsdag 25. november 2010

Vinterdraumar



Det er friskt, det er kaldt, det er kvite snøkledde fjell.
Det blinkar på bakken av frosne snøkrystallar.
Det er stjerneklart og måneskinn.
Eller noken magiske minutt med sol midt på dagen.
Det er klart!
Det er vinter - og eg elskar det! :)



Og då å komme inn i ein lunken fjøs, svak eim av ammoniakk og sau og kyr - og silo. Mmmmmh!
Alle dyra snur seg mot deg og ynskjer deg velkommen.
Nyte synet av fornøgde dyr som kosar seg og brukar dagen på å ete og slappe av, drøvtygge og drøyme om sommar. Få litt klapp og kos.
Ein har daglige mål som å fore og gjere reint og følgje med at dei har det bra og er friske - registrerer at dei veks og trives - tilrettelegge forplanar til kvar enkelt så ein får best resultat.
Klappar seg sjølv på skuldra når det ser bra ut og ein ligg godt an - kanskje leggje eit høgare mål?! :) 

Og om ein da tilføyer lukta av flis, bensin og lyden av motorsag:)
Kaffi og rullings og svette. Og SJOKOLADE og søtakaker :) Fyttigrisen då kan ein ikkje ha det bedre!
Snøen klinger som perler når ein trakkar igjennom den, eller knitrar ein herlig frosen lyd. 
Det småstikk i nasen når ein pustar - og kitler i kjakane:) Frostrøyk:)
Den grumsomme og gode følelsen når neglespretten slepp taket i fingrane.
Gleden over å karre seg opp av eit orahol (bokmål: ur hull :D ) som gjorde at ein følte seg ALT anna enn vektlaus noken sekund.

Budeia i paradis :)

Og SÅ heim å fyre noke kaldigt i ovnen, knitring av ved som brenn,
tusle rundt i ullundertøyet til det er varmt nok til å ta ein dusj, koke ein kopp te og synke salig i hop :)
Bli overoppheta, tung på augeloka og kjenne at ein har gjort noke før på dagen. Ikkje bevege ein muskel (anna enn fingrane - når ein bloggar eller facer:)

Akk!!! :) Og det beste av alt er at det er ikkje ein draum - det er slik eg har det :)

Og eg skal forresten love å aldri meir bli fornærma på mamma for å permittere meg frå fjøsen heime :)
Hadde ho ikkje gjort det hadde eg ikkje satt så pris på den fantastiske vinterkvardagen :)
Unnskyld mamma! Av og til bør ein høyre på gamle hundar gøy :)
Kjempekos å dele på fjøsen! Og gjer det i lag av og til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar