Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 1. desember 2010

Gullfunn.....

......er eit anna ord for alkymist :)
Og det heiter etablerarkurset eg går på i haust, med siste samlinga på Kviknes Hotel neste veke.

Kurset Alkymisten vert halde av Innovasjon Norge og dei har leigd inn ein handfull fantastiske rådgjevarar til å hjelpe oss.
Eg fekk i oppdrag frå nettavisa driftig.no å skrive om mine erfaringar frå kurset, tenkte eg kunne legge det ut her
- så får de sjå litt meir kva det egentlig er eg driv med når eg tek meg fri og masar om at eg reknar og pønskar og skriv :)







No kjem det svar omsider - eg beklagar eg ikkje er kjapp!

Mitt namn er Renate Rendedal, eg er 30 år og bur i Vetlefjorden, Balestrand Kommune.
Eg jobbar som avløysar og er odelsjente så brukar mykje av fritida på garden til foreldra mine.

Eg søkte på Alkymisten for eg står på trappane å overta garden.
Det er eit gardsbruk som per dags dato er eit hobbybruk attmed fast arbeid.
Eg har som mål å kunne leve av garden, og har på Alkymisten sett på mogelegheitene for tillegsnæring til den tradisjonelle gardsdrifta.

Det å være på Alkymisten, ei slik intensiv opplæring av etablerarverksemd, har vore veldig nyttig.
Ikkje berre går ein djupt inn i tema som er viktig for meg som etablerar men det skapar og viktige relasjonar til rådgjevarar, godt etablerte etablerarar som har driftige bedrifter idag, ein får eit nettverk med mogelege kundar og samarbeidspartnarar, samtidig som ein får eit nettverk med personar som går igjennom dei same utfordringane som meg sjølv.

Me har gått grundig gjennom tema som mine sterke/svake sidar som etablerar, tilbod og marknad, økonomi med alt det inneber
- blandt anna investeringskalkylar til dekningsgrad og avskrivingar, så vidare med marknadsføring - alle temane botnar ut i ein ferdig forretningsplan med presentasjon på siste samlinga. Ein skal no være klar til å legge fram forretningsplanen til investorar og samarbeidspartnarar ein treng for å starte bedrifta.
Dette inneber mykje jobbing i periodane mellom dei tre samlingane med oppfølging av rådgjevar.
Det hjelper meg som etablerar veldig mykje - eg får hjelp til å sjå om planane mine er økonomisk forsvarleg å setje i gang med, eg får eit spark bak til å få den store snøballen til å rulle - det kan i seg sjølv være eit veldig stort steg, samtidig som eg får grundigare innføring i det å lede ei bedrift.

Bedrifta mi; Rendedal gard har eg planar om å endre frå eit hobbybruk til ein full arbeidsplass. Nytte alle markene maksimalt og bygge opp dyretalet på garden for å bruke alt foret garden kan produsere. I tillegg har garden mange ressursar - eg har sett spesielt på ei tilleggsnæring i arbeidet mitt i alkymisten. Det ser ut som det er liv laga og eg kan jobbe vidare med det, men har framleis nokre lause trådar eg må jobbe med.
Det ser eg som eit stort pluss med Alkymisten, sjølv om eg har sett spesielt på ein liten del av garden i prosessen i Alkymisten - så kan eg bruke arbeidsverktøya og det eg har lært i alt arbeidet med å planlegge drifta på garden.

Eg har ei spanande tid i møte - med mykje arbeid og utfordringar bak dataen og ute i felten for å nå målet mitt. Då er Alkymisten god å ha i ryggen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar