Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 4. desember 2010

Veke 48:)

God laurdag morgen Norge :)
Eg har egentlig ikkje skrivekløe idag - men tenkte eg fekk fortelle alt eg har hatt lyst å fortelle i det siste :)
Og bruke bloggen som avsatsbrett for å komme i gang med alt papirarbeidet eg har planar om å pløye igjennom i helga :)



Hahahahaha har egentlig mest lyst å berre sitte å sjå ut i lufta - har kobla heilt ut :)

Mmmmmm litt iskaffi no - så begynner hjernecellene å boble tenker eg :) Og den rare lattermaskina i magen setter igang og  får meg til å fnise for meg sjøl :)

Eg får begynne med søte besta - ho har eg tenkt å skrive noken ord om lenge! Ei meir fantastisk dame skal ein leite lenge etter.


Eg fant ikkje noke bilde av ho i farta, men eg fant eit bilde fra eit av dei mange familiemiddagane (som ho elskar å stelle istand) Her fekk me kaffi i nusselige koppar :)

Men grunnen til at eg ville skrive noken ord om vår fantastiske trestamme, er at ho er så omsorgsfull og hjelpsom. Men til hennas store frustrasjon så er ho ikkje 30 år lenger og klarar ikkje sånne tunge tak som då - men ho har så lyst.
For litt sida så kom vi på at ho kunne hjelpe meg med den gedigne skittentøyshaugen eg hadde liggande :)
Akk så genial plan! Ho fekk gleda av å hjelpe, og eg fekk gleden av å få reine klede og ein kopp kaffi når eg plukka dei opp.
Men ikkje berre det, sjå her :



Ho hadde lagt alt fint i hop - OG skrive lappar på kva som var kva!! 
Til og med lagt undertøy i posar for seg sjølv! 



For litt sidan kom eg på eit julegåveynskje eg kunne ønske frå besta :) 
Eg slit av og til med stive skuldre - har blitt så gammal at eg treng halsklut :D 
Så eg kom på eg hadde lyst på ein god hals, med ull nedover ryggen. 
(Det er noko besta passar på heile tida, og prøver å prente i oss, 
at det er viktig med noko heitt i nakken og ned på bringa - eg har ENDELIG lært:) 

1 veke seinare ringte ho og sa eg måtte komme innom. 
Der venta ein julepresang, som eg fekk lov å ÅPNE :) 
Der låg det ein kjempest hals, med lange stykker nedover bringa og ryggen :) 
Ho hadde laga knappar i halsen så eg kunne knappe opp vis eg var varm. 
Og ikkje nok med det, så hadde ho laga machande handleddvarmarar! :) 
Og enda ikkje nok med det - handleddvarmarane hadde 2?! hol!! 
GENIALT!!! Handleddvarmarane er halvvottar, i 2 ulike lengder :) 
Dei har vorte eit must etter det - eg har dei på meg frå eg går ut om morgonen til eg kjem inn att om kvelden:) 


Ja æsj, handleddsvarmarane er litt ekkelt skitne blitt - så eg har bestilt eit par til :) 
Det er jo ikkje akkurat noke finarbeid eg held på med :) 



Denna veka har eg vore litt rundt om kring overalt å jobba. 
Har faktisk vore hjå alle i avløysarringen, utanom ein. 
Så det har vore ei variert veke :) 

Har vore mest av alt med på vedaskogen, det likar eg godt :) 
Av ein eller anna merkelig grunn så frigjer det ein haug med endorfina :D 

hehe for å være sikker i min sak så googla eg endrofiner:) 
På wikipedia står det; 
"Endorfiner er biokjemiske signalstoffer som lindrer smerte og påvirker viljen til å sovespise og drikke. De blir også skilt ut i kroppen når man skader seg, trener eller blir forelsket, og kunstig gjennom akupunktur."

Så ja; når eg er på skogen frigir kroppen min ein HAUG med endrofina... merkelig egentlig!!! 
Hmmmm ein sak å tenke på... koffor det egentlig??!!! 

Innimellom jobbinga blir det latter 
(jaja eg kan no finne på å gå å le for meg sjølv og rundt i skogen :D ) 
fjasing og tørre vitsar som er hysterisk morsomme:) 

"Renate, no er du på tynn is" - når eg faktisk står på tynn is HAHAHAHA


FØR og ETTER bilde


Den svarte prikken nedi der er traktoren og vinsjen:) 
Detta var etter 2 dagar, dei har hogge eit langt stykke meir enn detta... 



Fredagskvelden når mørket kom på oss - det er litt synd at det blir så fort mørkt... 
Her er karane som gjer eit nummer av at dei er MENN :D 

Nei no får eg ta steget her og åpne forretningsplandokumentet mitt igjen! 
Ha ei god helg folkens :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar