Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 17. september 2011

Sauesank

No er alle sauene komne heim igjen - det er godt det :)
Den siste tvillingsauen kom trippande på Langehaugen i går.

Det ser ut som at 4 lam har gått tapt i sommar - håpar enda vi skal finne dei
- men 2 av dei tyder alt på er vekke.
"Heimelammet" blandt anna, han søtingen som gjekk i lag med kyrne og fekk mjølk av dei.
Han såg eg to dagar før me tok dei heim, men kan ikkje finne han :(


Eit uklart mobilbilde av "heimelammet" med Raudkolla:)
Her driv dei med klatring :)


I historia om sauesank burde eg delt mykje flotte fjellbilder;
 sauer, utsikt, flott fjellterreng og haustglede.
Men for det første så var eg ikkje med i fjellet å henta sauene, og for det andre så kom over halvparten av sauene ned av fjellet sjølv :)

Her er eit bilde frå min sauesank;



Hadde ei fin morgenstund idag :)
Sauene er herlige! Dei går på beite attmed huset mitt.
Eg gjekk ut for å hente ved, ein sau bræka eit lite "god morgen" til meg :)
Klarte ikkje dy meg, satte frå meg vedkorga og gjekk inn til sauen i inngjeringa.



Sauen kom glad mot meg og ville ha klapp:)
Eg satte meg på huk og helste på sauen, klødde den bak øyra og fortalte kor fin og god den er.
Fleire sauer såg meg og begynte å komme mot meg.
Dei fleste i saueflokken låg og kvilte i andre enden av beitet.

Plutseleg var alle på veg mot meg, nokon sprang og nokon jogga lett og bræka koselege bæææ.
Bjøllene klinga
Eg pludra og lo der eg satt på huk,
prata med sauene og klødde dei ein etter ein der dei kom mot meg.


 Det er herleg å sitte midt i ein flokk med sauer som er glad for å sjå deg :)
Artig å sjå lamma som nesten ikkje har sett folk i løpet av sommaren på fjellet,
dei kiker nyskjerrig på meg.
Sjønner ikkje heilt kvifor dei vaksne sauene skal bort til meg,
dei har lyst å komme å lukte på meg,
men er samtidige litt redd:)


Eg fekk litt dårlig samvittigheit for å forstyrre morgonkvilen deira :)
Men vi hadde det så koseleg så trur ikkje dei hadde noko i mot det hehe

Morgonsamling på Rendedal Gard :)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar