Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 14. september 2011

Slaktebilhelsing

Først ei forsinka bursdagshelsing til slaktebilsjåfør Kåre Olav :)

I den forbindelse tenkte eg at eg kunne servere noken gode nyheiter.
Neste veke er det vel me har meldt på ein okse og ei kvige til slakt
- dei gode nyheitene kjem her;


Dei som skal på "dyrebusstur" er SMÅ :)

Kviga som skal reise er 1 år og 3 mnd - ikkje nok med det - ho er DVERG! :)


Knøttet er og blir ein liten klump ho stakkar:)
Kalvane som er eit år yngre enn ho har snart teke ho igjen:)

I eit desperat forsøk på å finne på ulike grunnar til å la det
søte dyret leve har unnskyldningane vore mange;
snu bakdelen til fordel og starte nisjeproduksjon av feks
*dvergmelk
*dverg-ride-kyr
*berre det å få sjå ei dvergkyr kunne kosta dyrt
*dvergbiff (eh...)

Nei no får eg nesten lyst å ombestemme meg med å sende ho på tur,
får hoppe over til turkameraten Ferdinand.


Ferdinand er like gammal, men ikkje ideelt stor til å slaktast
så han vert grei å få på bilen - generelt grei er han og :)


Ferdinand ved sida av ei kyr, så ser ein kor liten han er :)

Altso grunnen til at Kåre Olav får ei slik melding om hyggelig slaktebiloppdrag
er at sist han var hjå oss å henta storfe så var det vel 5 stykker vi sendte.
Blandt anna okse og kyr - med horn.

Nesten stygt å le, men det var litt vittig:)
Kåre Olav er ALLTID smilande og blid - i strålande humør.
Men akkurat den dagen så var han litt anspent og ikkje så spandabel på smila :)
Gjekk plutselig opp for meg at det var kanskje ikkje så rart.
Han hadde fått meling om å hente 5 storfe, nokre med horn, deriblandt oksar
-og på tunet står eg, Katrine og Robin og ventar spent på han
(les 2 kjeringar og ein gutunge på 3 år:)

Så hadde eg ikkje vist at Rendedal Gard har snille dyr
- så hadde nok eg vore litt skeptisk og :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar