Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

tirsdag 5. februar 2013

Oppfølging - VINTERINNSLAG:-)

Skal me sjå kossen detta går; skravlesjuk i oslo, opplevelsesrike veker heime, kaffi og tidlig morgon - og den enda ganske nye smarttelefonen:-)
Tja her går det vist ikkje å legge bilder og tekst om kverandre, så mobil-blogg er nok berekna på korte innlegg :-)
 

 
Det var fantastisk å komme heim etter 2 mnd på jobb.
Spesielt kjekt var det å helse på dei nye dyra som var komne mens eg var vekke; minigrisungar, kalven Oleanna og dei 2 kaninene.
Så har mykje av frien gått til papirarbeidet rundt overdraginga. Eg er midt i "bli bonde" prosessen - kjempespennande og så kjekt! Kjenner eg er på god veg å være der eg skal være- BONDE :-) Heilt konge!
Fostertelling på sauene (ultralyd) :-)
Så no er foringsplanen og lamminga planlagd. 105 lam er venta;-)
Fjøsbesøk fekk eg og, morro med budeieselskap:-)
Planlegging av ombygging av fjøsen er godt i gang - også kriblande, tankefyllande og inspirerande;-)
Fekk ikkje besøkt alle eg tenkte då, men flott med tilflyttingsgruppa- då er me sosiale og kosar oss ilag samtidig. Tok meg 2 daga uten vekkerklokke :-) og 1 heil kosedag med gutane. Og så skogsdag med fattern gir sprudlende energi:-) begynner å boble berre eg tek verneutstyret på meg :-)
 
Den eine nye småen
 
Wiiiiii :)
 
Marita i djup samtale med sauene:)
 
 
Mælinda vart offer for testing av fotoeffektar:)
 
 
 
Oleanna -sjønn kvigekalv som eg skal ha maaaaaange fine år i lag med! :)
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar