Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 7. juni 2013

Årets lamming

Det er såå spennande å sitte å vente på at lamma skal komme :)
Kjekt tante har litt nødproviant til ventetida:)


 
Langbeinte Line - blir spennande å sjå kor stor ho har blitt til hausten :) 
 
 
Lammegjømme :)
Eg prøver å lage lammegjømme i kvar binge der sauer og lam går i lag.
Så lamma skal få trekkfri og lun liggeplass der dei får ligge i fred,
og kontinuerlig servering av kraftfor.
 
 Årets førstefødde:)
Det er alltid like superkjekt med det første og siste lammet som kjem :)
Detta er krysning mellom Norsk Kvit Sau og Spæl
 
Flaskelam som utolmodig og demonstrativt ventar på at melka skal verte varm:)
Dette lammet var liksom ekstra søtt, med veldig lange øyrer og klønete lange bein.
Kom springande mot meg som ein flagrande klossmajor:)
Eit lam som uansett kor sliten eg var, fekk meg til å humre og le - kvar dag :)
 
 
Nyfødde fine trillingar:)
I år har eg teke i frå alle sauene som har 3 lam - så alle går berre med 2.
Trilling mammaene har eg melka første dagane for å gi lamma råmelk,
så eg er sikker på at dei får nok.
I tilfellene der sauene ikkje har nok melk til lamma har eg supplert med råmelk eg har på lager.

Det er livsviktig for nyfødte lam å få tjukk og god gul råmelk første dagane.
Full i immunstoff mot sjukdom og masse livskraftige næringsttoff:)
Første timane har lamma ekstra store "opningar i tarmane" til å suge opp dette ut i kroppen :)
- lett forklart - :)
 
Når trilllinglamma har fått godt med råmelk eit par dagar flyttar eg den svakaste til heimelam bingen,
der er det trekkfritt, varmt underlag, varmelampe og fri tilgang på melkeerstatning og grovfor og kraftfor.
Då får dei to som er att hjå mamman sin rikelig med melk,
budeia slepp å gå rundt i bingane å fore ekstra med flaske og bekymre seg,
eller enda verre - oversjå nokon som får for lite melk.
Og sauen blir mindrebelasta med svoltne lam som heng i juret etter mat :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar