Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

tirsdag 30. juli 2013

Tantetid med Martinius :)

Den største tanteguten min Martinius
som blir skulegut til hausten :)
 


Her om dagen var me på blåbær-plukke tur,
så måtte me kitle oss gjennom bygg feltet på veg tilbake:)

 
I dag var lamma på rømmen, Martinius er blitt superduper flink
til å jage sauer :)
 

 
Her lokkar han dei med seg så dei skal gå på plass:)

 
 
Og så vanker det ein god porsjon med kos
når dei har vore flinke å komme på plass :)
 
 
 
 
Her er den mest rampete gjengen,
som gjekk til naboen sin jordbæråker.
Hadde ikkje Martinius vore med i dag hadde eg streva.
Godt med flinke nevø! :)
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar