Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

tirsdag 2. november 2010

Eg ser lyset :)

No får eg være fornøgd med årets negative runddans :) 
Eg ser lyset i enden av tunellen!!! :) 
Tja det er jo ikkje slik at plutseleg er alle utfordringar fordufta - men eg har no løyst eit problem - så då kjem dei andre trillande etter tenkjer eg :) 
Hehe JAUDÅ tilbake til overpositiv :) 


Nei eg får setje meg ned å notere opp alle utfordringar som henger i lufta - og plukke frå kvarandre ein etter ein! 
- etterkvart som det vert mogeleg å løyse!
Og i mellomtida glede meg over alle små gledane som kvar dag sprett fram :) 

Eg vert nesten flau over Søndagssukket - slik ei syting då mann! Men eg viser og at eg ikkje BERRE tuller og fjaser og trur at det å drive gard berre er ein leik - men eg er ein liten smule realist også :) 

MEN JA DRAUMEN LEVER ENDA :)
I beste velgåande
Den inneheld både: 





Smilande svettande budeie, og gutar som kosar seg på besøk og med dyra :)


Knøttet på "terapi/trening/luftetur" og måtte kvile og kose med Robin


Steinplukking :)


Søndagsbesøk

Og utskeielsar :) 

No ventar det nydeleg mat i frå Fjordmeny AS på Gloppen Hotell
Me talast ved!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar