Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

søndag 31. oktober 2010

Søndagssukk!!

Seinast i går og ellers ganske ofte får eg spørsmål om 
"er du ALLTID like positiv?? Og ser ALLTID positivt i alt?? Og er ALLTID like glad??? " 
(med undring og eit snev av håp i stemmene til dei som spør)
Nå eg svarar vert dei enten letta eller skuffa når eg seier :
"Nei"


Klart er eg ikkje ALLTID det! :) Det kan no ikkje være mogeleg - Spør du meg! 
Men eg gir som regel lyd i frå meg når eg er positiv og ser positive ting og er glad 
-eller let meg glede av å fortelje det som gledar:) 
Og eg har ikkje så stor glede av å syte og spre negative vibbar:) 
(sikkert mest fordi eg likar best å få positive vibbar hjå andre:)

Når eg er sliten, veldig sliten - då er eg ikkje mykje positiv då! :)
Då let eg meg frustrere og negativisere på det meste.
Eg kan framleis stå på, være motiverande for andre - men eg motiverar ikkje meg sjølv. 
Eg har i det siste vore ....ein smule megasliten.....kan ein sei! 
Heime har det mest vore jobbing med det daglege nødvendige som må gjerast kvar dag, 
har ikkje hatt tid til forbetringar, utvikling, planlegge, ryddesjau i fjøsen, 
lang kosetid med dyra, dille og "framtidsretta" ting. 
Mest "berre" det daglege "må gjere" stellet og "brannslokking". 
Nødvendige "rutinar" som lang middagspause, kaffipause hjå naboen - "kjede seg" tid har falle vekk. 

Så no går dei tilsynelatande positive tankane mine slik: 
- eg er berre meg - eg har berre 24 timar i døgnet og x antal krefter - klart eg ikkje kan byggje opp ein gard, drifte garden samtidig OG skape ei attotnæring for å få garden til å gå i pluss! 
- med min"kapital" har eg pengar til å bygge... tja ein vegg..... 
- investeringar og arbeidet for å få "full drift" på garden har eg ALDRI mogelegheit til gjennomføre, eg kan komme godt på veg - kanskje eg klarar det og, men då er eg utslitt når eg når målet

- kan leige folk til å jobbe/hjelpe - men der og er det eit økonomisk tak ein plass
- ein kan be om dugnadshjelp - men kan ikkje "utnytte" folk meir enn......mogeleg. 
Hadde no ikkje NAV vore så hissig på å få folk i arbeid så hadde eg hatt fleire "ledige hender" :) 

Ja eg kan være ein smule "over-negativ" og! 
Men lika ikkje sei dei tankane høgt - dei vert liksom meir ekte med ein gong. 
Så har eg den negative budeia på ei side og den draumande "I have a dream" budeia på ei side
-og må sei at den negative er nok den mest reelle. 

Så spør eg meg - kvifor skal ein streve slik på - kva er vitsen?? 
Eg kan jo heller være ansatt og ha ein 8-16 jobb, 
ein katt og ein hund og ein hage - og MASSE fritid (og pengar:) 
Det er vel ei kjend sak at ein ikkje vert rik på pengar av å være bonde - på eit småbruk på Vestlandet. 
....... men no er eg ikkje så oppteken av å ha mest mogeleg pengar, så lenge eg har til melk og brød og nokre utskeielsar i ny og ne - så er eg fornøgd... 


Men så var det denne draumen då! 
Draumen om ein gard, ei smilande svettande bondejente, fjøs, masse dyr, frodige bøar, koselige stølar, steinplukking, slåttonn, potesetting, gylling og gjødsling, dyrefødslar og fine slakteresultat, godkjent slakteri på garden så dyra kan gå lukkeleg uvitande rett frå garden og til dyrehimmelen (ja dette er ein draum:), mange dyreslag og kvar søndag åpnar eg den flotte garden for besøkande og sel traktorvafler og gardsmat, legge seg om kvelden nøgd med dagen som har akkurat nok timar til godt dyrestell, forbetringar, papirarbeid, sittande matpausar og ein sup kaffi og løysing av verdsproblem med naboar. Laurdagen kan ein ta seg eit par glas vin med godt samvet om at ein kan sove litt lenger på søndag - og "ta livet med ro" 

BRRRRRRRRRRRRRRRRRRRRIIIIIIIIIIIZZZZZZZZZZZZZ


Det er ein gard med flotte stølar, 
og ei wannabe bondejente med "smil" 
- og posar under augene som vert kamuflert av bollekjakane - 
med ein familie som aldri får slappe av for denne liksom bondejenta (som ikkje ein gang er bonde) 
heile tida treng hjelp og skulle ha gjort noko
(kunne eg ikkje heller dryømt om å være prinsesse eller modell eller kassadame på Rimi?? )

Så no må eg -nok ein gang - kvile og ete så eg kjem meg ovenpå. 
Og -nok ein gang - ta ei avgjerdsle på om eg skal køyre på eller gi opp???!!!!!
Eg skal nok klare desse 12-17 timers dagane denna sesongen og, 
men eg kjenner jo det at det er ikkje noko fleirårsryme. 
Er ein del som seier eg må "roan" - får til tider kjeft :D 
"Eg høyrer det du seier, meeeeen....." :) 
Eg likar å jobbe, styre med noko stort sett heile tida. 
Det er liksom ein hobby - men ja - med måte:)

Håpa eg ikkje har sytt deg i dårleg humør no du lesar:) 
Eller skuffa over at eg ikkje er den positive Renate du innbiller deg eg alltid er:)
Eg er full av pågangsmot, energi og positivisme 
- men møter og den "reelle negative tankegangen" som eg kaller den :)

Det ER som eg som regel gjev eit bilete av HEILT FANTASTISK å ha tilknytning til ein gard.
Og alt ein gard kan tilby av "aktivitetar" og arbeid ELSKAR EG AV HEILE MITT HJARTE!!! 
Det gjer meg lukkeleg!!! Men nei - eg er ikkje ALLTID positiv og ser ikkje ALLTID positive sider. 
Men gledar meg til dei sprett på plass igjen - for å tenkje at dette kan ikkje verte framtid er ikkje morro! 

Eg nihelder framleis fast på draumen min med lilletåa :) 

God natt! 
Helsing Renate 
-som og kan tenkje i negative baner :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar