Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 19. februar 2011

Måneskinn

Jammen kom vi oss ut i det fantastiske måneskinnet :)
Fullmåne og greier :) Stjerneklart, ikkje ei sky på himmelen. 2 meter snø og skare som bærer oss med litt pudder oppå. 6 minus - friskt og godt :)



Det er eit fantastisk syn når månen står opp og lyser opp dei ruvande fjellsidene! Ikkje minst når vi endelig ser den kiker fram bak Trollakyrkja :) Klar og full og stor! Kastar klare skyggar :)
Jammen bur vi i paradis :)

Eg fekk ikkje teke bilder av det flotte synet i kveld, mobilkameraet tok ikkje på seg sånn nattefotografering.

Vi køyrde fram på stølen - på Langehaugen, og gjekk innover der skogsvegen går
- i mellom granskog og lauvtre. Pudderet gav nok motstand til at vi fekk varmen:)

Eg har ikkje før i kveld fått inspisert Stølsskreda som eg har høyrt rykte om har gått.
Fyttikatta den var diger! Den ruva godt i terrenget:)
Vi fant ut vi skulle løfte spaserturen vår til å bli ein ekstremspasertur - skredvandring :)
(sidan det er så kaldt og stabilt vær er faren for at det kjem igjen liten)

Snøballar, bresprekklignande sprekker - plutseleg forsvant føtna under deg, og vi hadde eit par morsomme fall :)  Vi klatra høgare og høgare på skreda - det var topp etter topp. Eg har ikkje sett den skreda så stor før (men no er ikkje eg så gammal heller da :)
Mine estimatar i nattelyset så trur eg den kan være 50 meter høg og mange hundre meter lang.

Vi satte oss på toppen av skredet - når vi innsåg at å gå over heile kunne bli ein strabasiøs tur.
Vi skulle jo tilbake og :)
Der hadde vi flott utsikt over lysløypa og dei fengande fjella :)

Så då SIGLA vi ned igjen! Hysterisk morsomt :D Eg fekk gleda av å være sist  - så eg fekk morroa av å sjå dei andre sigle, og så var bana godt oppkøyrt når det var min tur :) WIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIII :)

Før vi vendte nasen heim satte vi oss på hyttetaket og drakk solbærtoddy og sola oss i glansen av månen :)
AKK!!!! Det vert brent fast i minnebokja :)

Susanne vert blind av blitsen :) 

Anna klarte å sitte i ro lenge nok til at eg fekk bilde :) 


Tommy kjemper med solbærtoddy posen :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar