Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 2. februar 2011

Resultat av dagens spenning

JIPPIKAYEAY!!!! :D 

Det er ein så fantastisk følelse å klaske igjen 
slaktebil grinda bak siste dyret! 


Ein lettelse som egentlig er håplaus å beskrive. 

Hehehe stakkars slaktebilmannen - han Kåre Olav. 
Han svinga inn på tunet og der står 2 kvinnfolk og ein liten gutunge å ventar på han :) 
Og han viste han skulle hente oksar, nokon med horn. 

Idag var han ikkje lattermild og avslappa! :) 
Han har ein så smittande latter så eg og Katrine gleda oss til å fa besøk av han igjen :) 

Men det gjekk så strålande fint! 
Eg hadde ikkje drøymd om at det skulle gå så smertefritt! 
-sjølv om eg kjenner eg har teke litt i litt meir enn vanlig:) 
Kjenner leggen og sida er på veg å stivne godt! 
Det er no eg skulle ha rista laus med litt Zumba:) 

Viksdalsoksen tok vi på grime og ei maske over augene
- når dei ikkje ser så går det utruleg nok mykje lettare å få på bilen. 
Dei vert ikkje redde og engstelige da. 
Han streika litt opp rampen 
- det var vel då eg tok litt i for å få dei 650 kg ut av balanse så han skulle trakke noken skritt fram:) 
Kåre Olav drog i tauet og eg stod bak å skubba:) 

Downs var neste "mann" ut - ho og med maske og grime sidan ho og har horn. 
Trippa galant ut til rampa, men der snubla ho, så frambeina kom på kne. 
Då ville ho ikkje gå meir. 
Eg tok av ho maska så ho såg kor ho skulle sette føtene, og såg "kjentkyr" innpå bilen. 
Då røyste ho seg opp og gjekk fint inn på plass. 

Dei 3 siste, raudkolleoksane Johannes og Ole og kviga Mai
slapp me lause og jaga på bilen, då vert det litt sprett og hopp og tjo og hei. 
Men dei protesterte ikkje så mykje dei heller før dei spratt inn. 
Johannes såg nok sommarkjærasten sin Hjerte frå nabogarden inn på bilen
- så no får dei være i lag i evigheita - så søtt :) 
(Johannes var ei utfordring å halde heime på vår side av gjerdet i sommar :) 

Og så for 6 sauer - dei fekk køyre heis og stå i andre etasje. 
Det var litt tøft. 

Robin og Katrine var flinke å møte når vi skulle ha sauene ombord. 
Og så satt dei å følgte med når storfea for ombord. 
Og Robin var flink å vinke og sei hade til alle dyra. 

Nei no må eg hoppe opp av sofaen og ha meg på jobb. 
Eg seig sånn i sokkane når dyrebilen for - tek jammen mykje energi å gå å være spent og nervøs ein heil dag. 
Ja til dyrebilen tidleg om morgonen :) 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar