Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

tirsdag 26. oktober 2010

Tjapp oppdatering

...som og blir uten bilder - men det kjem.

I 7 tida i går morgon fekk eg telefon frå den snille "avløysaren" min mamsen:) Dows skulle kalve :)
Det tok ikkje lange tida før ho la seg ned å trykte - eg for rundt å svirra og gjorde meg klar:)
Såg nett i beina - det er alltid like spennande; er dei styggelig grove og store så det blir ein hard og grufull fødsel eller er det noken nusselige klauer som kiker fram?! Eg var og ekstra spent på denna kalven - er tydeligvis rare genar etter ho Downs - alle har blitt rare på eit eller anna vis:)



Tente meg ein røyk og fylte i kaffi - rakk nesten ikkje å bli ferdig med kaffikoppen før kalven plumpa ut. Passelig liten - nett som ein fjert for Downs som har hatt fleire kalvar før :)
Den såg nydelig perfekt og normal ut! Sprek som berre det!
Drog kalven fram til fjeset til Downs så ho fekk sleike den - herlige mammalydar frå ho. Stolt som berre det.
Allerede no byrjar dei å kommunisere:) Kalven hostar og harkar og rister av seg slim :)

Eg tok fram mjølkebytta å mjølka Downs. Det er viktig at kalvane får råmelk i seg tidleg. Helst innan 2 timar.
Når dei er nyfødde har dei store opningar i tarmane som tek opp dei store partiklane i råmjølka med antistoff og viktig næring (igjen var dette veldig grovt fortalt:)
Og til fortare dei får i seg mjølk, til fortare får dei krefter og energi og varme.
I tillegg hadde eg jobb som venta å meg - så slik sett måtte eg også gi kalven så eg var sikker å den var mett og god når eg for.

Spenning 2 - står kyra i ro så eg får mjølke?? Dette er jo ikkje mjølkekyr - så er ikkje alltid dei likar det like godt, men eg fer no å tafsar på dei titt og ofte - så dei skal være vand med det :)
OG spenning 2,5 - drikk kalven??
Det er ein veldig god indikasjon på kor sprek kalven egentlig er, om sugerefleksen sit inne med ein gang.
(Knøttet for eksempel drakk ikkje sjøl/fekk ikkje sugerefleks det første døgnet)

Og jada!!! Downs stod fint som berre det - mjølka 2 liter gul, tjukk, skummande perfekt råmjølk på null komma niks - og kalven sugde som berre det i det smokken kom i munnen på han :)

Knøttet har fått gå laus i lag med Downs - i manko på båsar fekk ho kose seg fri i binge:) Eg rekna med det kom til å skje - og jommen meg så tok eg Knøttet på fersken idag. Med ein skummande munn med hovudet mellom beina til Downs såg ho uskuldig opp på meg :)
Det er for så vidt greit - Downs har rikeleg med mjølk til den nyfødte -  så eg slepp å engste meg for jurbettenelse om ein kalv til drikk.

Meeeeen Knøttet har altso blitt så utrulig tjukk og feit. Trillande rund! :) Ho er jo så lita, faktisk dverg. Men et og et og et og et:) Trur faktisk ho er rundare enn ho er høg! :) Trill rund mage :)
Så den næringsrike mjølka er liksom ikkje nødvendig, ikkje mjølk i det heile. Så idag vart ho satt på bås stakkar lille - på slankekurbås :) (Ho har sjølvsagd store protestar mot det - griner høglytt:)

Men eg er ikkje berre slem - lille Tullungen Linda fekk bytte plass med Knøttet :) Ho dansa gladeleg rundt i fjøsen før eg slapp ho inn i bingen :) Ho er fortsatt lita og sped og nusselig - så ho kan gjerne feite seg litt opp på mjelk :)

Men no er kaffikoppen min tom og klokka går - og "skravla" og! Hei og hopp!! :)

2 kommentarer:

  1. Herlig fødselshistorie da :)
    Du er utrolig snill med dyra dine, Renate :)
    Skikkelig hønemor :)
    Kjempegøy å lese om budeie-livet her inne, du skriver kjempebra!

    SvarSlett
  2. Takk for koselig kommentar Maichen :) Ja dyra er liksom babyane mine :) Stor klem! No får eg kompansere for frustrerte REnate og skrive eit positivt innlegg! :)

    SvarSlett