Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 22. oktober 2010

Vinter til gards

Jau då vart det vinter - skikkelig vinter :)
Kem hadde trudd det plutselig skulle komme så mykje snø - ja sjølv om det var meldt snø og sjølv om det var meldt store nedbørsmengder..... Eg for min del satsar på at det vert mildt og regn så eg finn att alt eg skal gøyme vekk til vinteren kjem :)

Grisene kosar seg vertfall med å komme seg ein tur ut i den mjuke snøen :)

Ein av grisungane - nærmer seg målet med livet



Ein til på oppdagelsesferd :)  



Dei er fryktelig støvete av jord/ flis frå "soverommet sitt. Får lyst å vaske dei  - søtare når dei er heilt rosa :)
Jobbar med å temje dei meir - har som regel servert dei mat frå traktor i år, og ikkje teke meg nok tid å kose med dei. Så ikkje alle som er glad i å bli tekne på - må venne dei til å få plassert hendene våre mellom augene :P

Robin kom på besøk i dag og, då skulle vi bygge snømann - eg og Katrine konkluderte med at det må være 15 år sidan sist vi gjorde det i lag - minst! :)

Arbeidskaren strevar på og rullar :)

Resultatet :)
Robin ville helst hatt gullerot nase - kor han no det enn har fått det i fra :) Men lo og syns det var morsomt med pote og :)

Og så måtte vi jo i fjøset - han er blitt minst like ivrig som meg no :) "komma fjøsen tante" :)
Og då sprett eg etter så klart.


Vi tok av sauebjellene, og så tenkte eg at Robin og Katrine kunne hjelpe litt. Katrine kryssa av på sauelista og eg ropte opp sauenummer og Robin streka på dei sauene vi hadde ropt opp :) Så fekk vi dobbelsjekka at alle sauene er komt trygt i hus :)

Her er vi i full aksjon :)
Sjølv om det tek litt ekstra tid når ein tek med seg nevøen på 2 år, så er det utruleg kjekt å sjå interessen vakse. Og kor flink han blir motorisk av å være med "å jobbe" - han har så breidt spekter i språk (kan masse "rare" gardsord som ikkje 2 åringar flest kan, han kan navn på mange av kyrne....) Og berre det å få kontakt med dyr - det syns jo fjøstanten er FANTASTISK :)

Dei lærer og å være snille med dyra - spesielt Robin har syns det har vore morro å sprette rundt så dyra reagerer og springer vekk. Men no er dei så vand med små gute bevegelsar at dei bryr seg ikkje om det lenger.
Når jobben var gjort idag og tanten var godt nede i kaffikoppen gjekk Robin i saueeta og begynte å kjefte på sauen og slå. Da vart tante streng og sa at detta var ikkje lov - på avstand! :)

hehe men Robin sin versjon seinare i kveld på telefon til besta var:

Besta: "eg ser på bilder du har laga snømann idag"
Robin: "ja og fjøs"
Besta: "Ka gjorde du i fjøsen da??"
Robin: "Slo sauen"
Besta: "Slo sauen?? "
Robin: "Ja, og da vart tante sint og slo meg - FY TANTE"

 HAHAHA er det mulig??? :D Vetle tassen! :)


Tilbake til sauemerking:) 
Hehehehe det vart eit morsomt resultat :)
Den eine sauen 8063 ho syns det var kult å bli sminka - eventuelt godt å bli kosa med :)

Robin har brukt sauen som tegneblokk :)
Det har forresten eg og lyst til! Det hadde vore VELDIG morsomt å klippe sauen i frisyrar og brukt spraymerkedusj og fargelagt ulla :) Veldig fristande :)
8063 er forøvrig ein veldig bra sau - i mine auge vertfall :) Kjempetam OG god slekt :) Ei av dei få med begge kvalitetar:)

Ellers fulgte eg opp Spamodusen i kveld - etter fredagsdusjen pleia eg hender og ansikt :) Smørte godt på med Spenol :D

Trur eg må skrive oftare - blir mykje fjas og tull og det morsomme og rare som vert forkusert på - "ALT" det fornuflige vert fortsatt liggande i "hemmelig" boksen :)
Får ta det igjen! For no må eg bruke litt kveldsenergi på litt fornuftig :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar