Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 4. februar 2011

NEI dagen

Henger meg på vipsis og skriver om IKKJE ting idag!
Har litt behov for å syte litt på ein sånn NEI dag :) så vis du ikkje vil lese eit innlegg som ber preg av meir innhald på undersida av den nøytrale streken - så stopp her!!!

Men på den andre sida, så har eg ein tendens til å få andre til å le når eg forteller om NEI ting - så vis du har lyst å bli i godt humør av andre sin vrede - så FORTSETT!!! :)


La oss starte med starten på dagen - som enda ikkje har vara så veldig lenge.
Eg vakna med ein hovudverk av dimensjonar (hadde det no enda vore ein søndag, og det var forventa for at eg hadde vore misstenkelig morsom kvelden før - så skulle eg ikkje klaga)

Konkluderte med at det måtte være den usannsynleg stive nakken min som forplanta seg oppover - eg klemmer vel av ei blodåre eller noke :P
Igjen irriterer eg meg over at eg ikkje er flink å tøye ut. Den store dyrebussdagen tok eg ekstra i, og eg hadde ei lita stund noken hundre kg på skuldra.
Når den store oksemannen ikkje ville gå opp rampa, stilte seg godt planta med frambeina nesten inne på bussen og bakbeina litt lenger ned på rampa - då skulle den "mandige" Renate ta i eit tak (eit godt eksempel på at eg ikkje er ein stor sterk mann - manglar mykje på det gitt grrr)
Eg stilte meg bak oksen, skuldra godt plassert under rumpeballen til oksen med eit godt grep rundt låret og satte i å skubbe - oksen stritta i mot og eg følte ei stund at den liksom satt på meg. Jaja fekk han no oppå tilslutt - og det var bedre det gjekk så solig å sakte for seg enn at det var dramatisk.
Eg bør begynne å pumpe vekter :)
(var kanskje ikkje heilt god nakkebehandling å køyre t/r Bergen igår heller, det hjelpte vel sikkert ikkje på)

Eg heiv meg rundt i dagtidlig og bestilte masasjetime hjå Møyfrid, eg vil ha styr på denna oksenakken min som gjer meg mindre arbeidsfør med eit dundrande hovud. Så skal det bli orden på den saken!!

So da! Det var ikkje berre det kan du tru!
Eg gløtta med skepsis ut glaset for å sjå om det var blitt enda meir "winterwonderland" . Å jaaaaaaaa :D
40 cm ny fersk kram snø!!! Jippi! No kan vi lage snømann!!! :D DAH!!!
Fresen ligg strødd på banebrua i mange deler - det hadde vore greit å hatt den i bruk i dag!
Skjær + 40 cm kramsnø + 1 m høge brøytekantar frå før = tilnærma lik katastrofe.

Heldigvis har vi ei ny tøff 2,40 skuffe, så vert no litt hjelpen - men HALLO!!! Grumpf - frustrerande å jukke med ei snøskuffe og, og kor skal ein liksom gjere av all snøen - men men bedre enn ingenting!!! Og vi bur heldigvis på landet - så vi skal ikkje klage over at vi har problem med å bli kvitt snøen!!!
(hmmm hadde eg budd i byen trur eg eg hadde bore snøen inn i duskabinettet - og fått smelta vekk litt der :)

Jauda! Og så laga jo traktoren noken merkelige lydar - la meg heller kalle det ulydar - på tomgang som eg ikkje sjønner meg på.... Frustrerande å ikkje sjønne seg på ting! Som ein egentlig burde sjønt seg på!
Ikkje er militærgeir heime for å gi råd, og andre potensielle hjelpande "ekspertar" er på jobb.
Så paps kommanderte parkeringsordre. Trur ikkje han hadde sagt ring etter hjelp uansett da men :D
Så då snør det meir då! Og dessa herlige kramme snøflaka ligger spredd utover heile tunet og på gardsvegen og overalt. Likar ikkje å vente med å fullføre ting, og la det berre være slik!

Så slik gjekk det at Renate (meg altso) var gretten! Første gretne dagen i 2011!
Men ikkje så gretten at noken har merka det:) Så no legg eg det ut på internet så "alle" kan få merke det hehehe

Resten av dagen skal eg bruke på å bli strålande blid igjen og sprettande glad! Men helst ikkje såååå bolande glad at det fordampar glede - for det er i grunn litt slitsomt :)
Eg har rett og slett satt meg ned, prøver å innfinne meg med at det er ingenting eg kan gjere no!! Slapp av og bli kvitt skallebanken  - gjer INGENTING! :) (og nyt det:)  
No ventar eg på at fjellbjørka frå Vetlefjorden skal varme opp huset, så det bli varmt og koselig her!
Så skal eg koke meg ein av dei nye "by-teane" eg kjøpte i Bergen igår. Spennande :)
Kan legge ut bilde av dei - snasne boksar :)


Den blå boksen er eit nytt merke: LØV. 

Eg kjøpte Organic Herbal Tea - Relaxing- 
Eg smakte den i går kveld! Kjempegod!!! 
Rooibos, Eplebitar, sitronmelisse, apelsin og karamell aromaer :) mmmmm

Kusmi har og komme med mange nye smakar:) Eg kjøpte alt detta igår, med "unnskyldning" at eg kan jo gi noke i gave. Men er jammen ikkje sikker på om noken av boksane finn vegen ut av huset på prærien :) 

Eg kjøpte ein stor boks med Kusmi - Boost :) 
Luktar spennande:) 
"Surprisin blend of matè, green tea and spices that naturally stimulates the body and mind" 
Matè, grøn te, kanelbark, ingefær, kardemomme

Og så 
KUSMI TEA - Caramel :D 
hahaha sjønna ikkje koffor eg ikkje kjøpte ein liten boks av den for å smake først, 
den høyrer jo egentlig litt vel spennande ut :) 
Men kanskje den er god :) Eller kanskje eg skal gi den vekk hehehe

KUSMI TEA - LOVE
"Exquisite spicy blend that stimulates the senses" 
Svart kinesisk te med lakrisrot, guarana frø, rosa pepper og krydder:) 
OBS no åpna eg den for å lukte. Eg var vitterlig tenkt å gi den i presang til noken. 
Jajaja den lukta spennande - må smakes :D 

KUSMI TEA - BE COOL
"Calming and relaxing caffeine free blend" 
Eple, Jernurtblad, peppermynte, anisfrø, lakrisrot og nype. 
Mmmmm den høyrtes god ut :) 
Vips så var den åpna og skal definitivt smakes :D 

Sjå der ja! No er de mørke tordenskya over hovudet vekke og humøret sklir på plass :) 
Øy NORTURA!!!! :D 

Eg hadde heilt gløymt å sjekke Nortura si slakteweb etter vi sendte dyr
(søren og, no har det ramla noken terusk ned under tastaturet, så det vil ikkje skrive orntlig! Lukt aldri på te over tastaturet :) 
Veit ikkje om eg heilt er fornøgd eller missfornøgd med slakteresultatet. 

Downs stakkar fekk dårligaste klasse. 
Me hadde 2 sauer i nest beste klasse så det var bra! 
Og storeoksen var ikkje større enn 260 kg, det kunne vore bedre. 
Men men no er dei sende for denne gong, så får me gjere det bedre til neste gong det skal avgarde dyr! 

No får eg tutle meg rundt og blidgjere skrotten. 
Og glede meg til masasje hos Møyfrid! :) Så satsar eg på ein knall laurdag med god start på dagen :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar