Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

onsdag 2. februar 2011

Spennande dag

Idag er eg skrekkelig spent!
Blanda med med vemod og trist.



Det er den store dyrebuss dagen!!!!!!

Og 5 storfe skal på siste reis ut av fjøsen. Sukk.

Men fordelen er jo at - det me har dyr for - me får lønn for strevet.
Og det vert jo mindre arbeid og betre plass fram mot familieauke til våren.

Eg er så spent i magen at eg knapt klare å puste.
Korleis går det å løyse dyra??? Vil dei 600 kg sprette galne og ukontrollerande rund??
Vil dei gå inn på bilen eller blir det ein kamp?? Vert dyra redde er det all grunn til å verte redd sjølv!
Det at oksen og kyra har horn minkar ikkje spenninga mi - dei veit dei er der for å sei det sånn.
Eg håpar på at all dillinga og stellinga med dei har vore med på å lette denne dagen!

Eg har pynta og stelt dei til dei skal reise. Eg seier til dei at dei må jo være fine til dei skal på tur!
I går kveld hadde eg ein liten avskjeds runde. Lot dei "svake" triste følelsane få jobbe litt før eg skal tøffe meg i dag å geleide dei bestemt ut døra. Tok bilder av dei:

Viksdølingen kviler og ana fred og ingen fare

Han er så stor no at han må gjer jobben sin

Johannes og Ole

Raudkollegutane frå Tjugum:) 
I kjent stil med kamp og kos 

Kanskje hugsa dei at dei har køyrt bil før??? 

Downs

Og så Downs då! Nest etter Doris så har vel Downs vore den mest populære dama i fjøsen.
Men ho får så mange rare barn, så no er tida hennas inne... 

Mai frå Mæland

Kvige som nok er steril, ho kan ikkje gi oss kalv.
Ho har gått med 5 ulike oksar i sommar - så denna gongen får ikkje oksen skulda.

Tilslutt ein liten historie:
Gullord frå barnemunn :)

Eg får stadig kommentarar fra dei andre "vaksne" at eg forteller alt for mykje til ungane.
I helga hadde eg og Martinius 3 år ein fin samtale i fjøsen.
(Er så kjekt med gutane, å prate med dei :)

Eg fortalde han at dyrebussen skulle komme og at den skulle ta med noken av dyra til Førde.
Til Robin på 2 år er detta enn så lenge ei grei forklaring.
Men sjønte fort at den forklaringen trengte meir utdjuping til Martinius.

Eg nemnte ordet slakte - det har han mange relasjonar til iforhold til hjort - og det syns han er greit
Men når eg sa viksdølingen skulle slaktast så sa han
"NEEEEI! Då vil eg være med! "
Tante Nate: " NEi vi kan ikkje være med, kyr og oksar køyrer dyrebuss til Førde til eit stort slaktehus, så blir dei slakta der. Mamma kan vise deg kor det er hen"
Martinius: "Når dei blir slakta, då dør dei og så tek vi av dei skalet"

Heheh søtingen :) etter litt meir prating om det temaet tenkte eg at vi fekk vri samtaleemnet til noke anna :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar