Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

mandag 28. mars 2011

Marsoppdatering

No er det jammen lenge sidan eg har blogga!
Har verkeleg savna det og har tenkt mykje på alt det aktuelle stoffet eg kan legge ut, men har ikkje prioritert tid til det gitt!!
Men no er eg ufokusert og litt småkaotisk i topploket, så eg fant ut at eg fekk avkoble litt med med rendalsbudeia for å komme inn på rett spor att :)

Eg har nok så mykje på hjartet at eg får begynne på nærmaste fortid og sjå kor langt bak eg kjem før eg må jobbe med "orntlige" kontorting igjen :)

Får begynne med

MIA MÆLAND RENDEDAL 



Mia kjøpte vi frå Mæland Gard i haust. Ho har laga naturbarn i lag med ein Mælandsokse :) 
Så kalven som kom er ein ekte Mæland :) Men flytta til Rendedal Gard :) 
Så då er det naturlig at kalven heiter Mælinda! 

Mælinda Rendedal :) 
Fersk og enda våt kalv :) 



Mælinda er ei skikkelig søt lita jente :) 




Ho klarar enda ikkje drikke unna all mjelka mamsen produsere, 
så eg har melka av litt og frose ned. 
Alltid kjekt å ha råmjelk og mjelk liggande til både kalving og lamming:) 

Men sjølv om kyra Mia er supersnill, så har ho noken bittesmå spenar som er litt bale å mjelke
- så greiast å få det ut på andre måtar. 
(Er redd for jurbettennelse:) 

Eg tenkte Làrus - oksekalven som var sist avvent kunne få seg litt mjelk - og samtidig lette trykket på mia. 
Men den gong ei. Det var 2 grunnar til at han ikkje ville ta på seg den oppgåva; 

1: Han var redd for den vetle nye skapningen som var komme i bingen


2: Han er blitt ungdom og hormonell, så han tenkte på andre ting enn å drikke mjelk gitt! :) 


Så plan B - har alltid plan B :) 
KNØTTET så klart :) 

Veit ikkje om de hugsar Knøttet - kalven som var fødd i fjord - 
som faktisk er ein sjarmerande DVERG!!! :) 

No kunne ho endeleg gjere nytte for seg :) 


Knøttet dusa ikkje 
- ho gjekk rett igang med å hjelpe meg og kalven og gjere slutt på mjelkesprengen :) 
Med ein innleving som skulle vore premiert :) 








Kan vel sei det slik at premien var å få gjere jobben :) 

Ellers var eg og pappa på skitur her om dagen - 
såg kva jobb som ventar oss - og kva naturens lune har gjort den siste tida... 


Nydelig vintervær og skare. 
På veg over myra på Langehaugen.
Meir eller mindre all skogen på fjellsida har komme ned over skogsvegen 


Her står eg rett under skogsvegen og tek bilde


Er nok på vegen skogen ligg - treng vertfall ikkje bruke vinsj for å få den ned no da. 
Og så får vi godt beite her - det er bra! :) 
Men veldig synd at den VELDIG høge spraken er teken og :( 


Her står vi oppå Stølsskreda - sånn cirka på vegen - 
så vert ei stund til vegen vert tøya... 


Bildet under viser Stølsskreda frammantifrå, skjelden den slår framover slik... 



Og så var eg og Anna på ein "gjere kverdagen spennande tur"
Vi klatra opp på Obsagilja på Mel
-fekk høgdeskrekk og latterkrampe og så sklei vi ned att:) 
Her er bilde frå skreda og ned mot husa 




Nei no er det ikkje lenge att før kontortida er over for dei som har ekte kontortid
- så skal eg få ta i folk får eg legge frå meg kosen og ta det att seinare :) 

2 kommentarer:

  1. Endelig tilbake:)

    Har lagt en award til deg i bloggen min, som du kan ta i et ledig øyeblikk!

    God helg til søte deg :)

    SvarSlett
  2. ååååå så spennede :) Då skal eg jammen gå inn der før eg skribler litt meir her :)

    SvarSlett