Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

mandag 11. april 2011

Glidekrem, nystelte negler og reint sengetøy...

......no er det vår :)

Og klart for lamming :) Og spenninga stiger for kvar time!! Når poppar den første ut skal tru???

Garantert ikkje i måro - når eg kansellerte turen med Bondelaget til Oslo for å levere Bodstikka.
Eg rett å slett klarte ikkje å reise i frå dei høggravide damene i fjøset!
Får sjå dei brekande damene an på føremiddagen, om eg tek meg turen til Sogndal på Årsmøtet i Landbrukstenester i staden.

Tilbake til spenninga :) Desse damene eg snakkar om er sauene! Magane bular, jura veks og rompene vert større og raudare :)

I helga snekra vi ein ekstra sauebinge for å få litt meir plass:) Robin var flink å hjelpe besten å banke :)

Slik såg det ut når det var ferdig :) 

Med sauer i :) 

Eg snekra heilt på eigenhand og :) Nokre sauehyblar hehehe

Skikklig bra! :) Litt skeivt og sånn... men det er ikkje farlig! 
Sauene såg ut til å tykkje det var kjempestas! 

Det er første innretningen eg har snekra HEILT på eigenhånd i fjøsen :)
Eg er ikkje den flinkaste med hammar og spikar akkurat, 
det forrige eg spikra opp datt ned - og det var EIN planke :) 


3 kommentarer:

  1. Hehe, artig!! Vil også komme og kose med lammene!!

    SvarSlett
  2. ååå! fe me me kome å besøke lamba?

    SvarSlett