Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 14. juni 2013

Dyr i drift - av Ragnar Aalbu


Ein vakker vårdag, sikkert i begynnelsen av Mai.
Den dagen me køyrde sauer ut på Kvalheim.
Då stoppa me ved postkassen og tok med posten den eine runden.
 
Der låg det ein liten pakke med handskrift på - til meg :)
Er ikkje ofte ein får sånne spennande pakkar no til dags.
 

 
Oppi låg denna boka og ei lita helsing.
Eg vart så forsuppa og kjempeglad
- og det var ei sååååå morsom bok :D
 
Sendt heilt i frå Bergen, frå min tidligare kollega Anja.
Er det 8 år sia me jobba i lag på MS Prinsesse Ragnhild skal tru?! :)
 


 


 
 
Tusen hjarteleg takk Anja!
Den gleda masse:)  

3 kommentarer:

  1. Ser ut til å vere ei herleg bok også for oss vaksne som har att litt av barnet i oss. Du som tek såpass mykje bilde frå gardslivet, går du ikkje med ei sprø bok i deg? tekst og bilde frå garden?
    Per Robert

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja boka var kjempe artig:-) Eg har nok sikkert mange bøker i meg, tenker faktisk på det. Har ikkje heilt enda opp med om det skal være for barn eller vaksne:-)

      Slett
    2. Ja boka var kjempe artig:-) Eg har nok sikkert mange bøker i meg, tenker faktisk på det. Har ikkje heilt enda opp med om det skal være for barn eller vaksne:-)

      Slett