Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

søndag 21. april 2013

Bondelunsj

forrige veke hadde me Bondelunsj på Fjordtun oppvestsenter
Eit samarbeid mellom Balestrand Bondelag, Sværefjorden Bygdekvinnelag og Vetlefjorden Bygdekvinnelag.
 
Heimelaga rundstyker, kjøtpålegg, ostar, kokt egg, grønsaker og kakao.
Og sist men ikkje minst; Gerd si gullerotkake:)
NYDELIG!!!!



Eit par av elevane hadde laga bordkort


 
 
På starten av 80 talet hadde Bondelaget ein bondefrukost kampanje på skulane, sidan den gong har Balestrand Bondelag i saman med Sværefjorden Bygdekvinnelag og Vetlefjorden Bygdekvinnelag laga dette til ein tradisjon.
Ikkje årleg, men nesten - har me arrangert Bondelunsj på Fjordtun Oppvekstsenter.
Bygdekvinnelaga har laga maten og Bondelaget har teke den økonomiske biten. Denne gongen fekk me støtte av Nortura til Gilde pålegg og egg - tusen takk!

Bygdekvinnene jobbar på for å få lunsjen klar til elevane har pause :)

 
Fjordtun oppvekstsenter lærer barnehageborna og elevane kvar maten kjem i frå, gjennom praktisk læring. Bokstaveleg tala frå jord til bord!
Barnehageborna dyrkar planter og grønsaker, elevane plukkar frukt og vidareforedlar det. Dei reiser på gardsbesøk for å sjå kor kjøtet og mjølka kjem i frå. Kvart år er dei på gardsbesøk hjå Leif Magne Vigdal og Susanne Nordheim Vigdal for å sjå på lamminga, dei har også ofte ein dag på hausten dei vert med å sanke sauene ned i gjen frå fjellet.
Dei har også fleire gonger vore på gardsbesøk hjå mjølkeprodusentane Anders og Gerd Mæland.
Bøndene var også spesielt inviterte på Bondelunsjen.

Kosa oss med god mat :)
 
Elevane arrangerar også vårutsal og marknadar der dei sel produkta dei har laga. Eller på eldrekafeen dei arrangerar nokre gonger i året og på julemarknasen bygdekvinnelaga arrangerar.
Elevane fortalde også stolt at dei har laga smør bl.anna.
Fjordtun oppvekstsenter er kjempegode bondevenner, dei gjev borna god innsikt, læring og haldningar til mat og norsk landbruk. Borna får frå dei er små lære kvar maten kjem frå og set pris på den! Så difor fekk dei ansatte på Fjordtun oppvekstsenter utmerkelsen "Bondevenn" frå Balestrand Bondelag.

 
Rektor Lars Hallvard Ese mottok prisen med begrunnelse.
 
 
 
 
Bygdekvinne Reidun fekk også Bondevennprisen,
i tillegg til eit krus som eg viste ho hadde så lyst på.
Ho er ein sann Bondevenn som alltid snakkar bøndene si sak,
og hjelper oss med å nå ut med informasjon til kvermansen :)
Ho stiller også alltid opp å arrangerer Bondelunsjen, som ho i år var pådrivar for å få til.
 

Andrine og Oda kosa seg på bondelunsjen :)
 
 
Rundstykkekunst :)
 
 
 
 
 
 
Eg fekk også snakke til borna om kor maten kom i frå,
kor viktig det er å vite kva me et.
Noko alle desse allereie viste, eg klarde ikkje å sette dei fast med eit einaste spørsmål :)
 
Ein kjempeflott lunsj som smaka forteffeleg i lag med fantastiske born og vaksne :)
Storkosa meg!
 
 
 Flotte og flinke Oddrun :)
 
 
 

1 kommentar: