Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

tirsdag 23. april 2013

Skulle berre nett

Idag har eg vore utsending for kommunen på generalforsmling.
Så då brusa eg fjøra og lukta blomster til og med
(noke som er unormalt på denna tida av året:) )
 
Kom heim i frå møte og tenkte når eg først hadde blafrande flott hår, smykke,
var godluktnde, hadde møtekleda på og generelt tolte dagens lys
- så skulle eg på møtet på Grendahuset.
 
Skulle berre nett....

 
 
.....innom fjøsen og sjå at alt stod bra til, var stille og rolig, ingen fødslar på gang...
 
 
 Men den gang ei:) Her hadde vetle kalven komme :)
Og morsommheitene med: "stiletthælar i fjøsen"... vart plutselig realitet:)
Kalv overlevert til mor så fekk eg hive meg i kjeledressen
 
 
 Og bytte ut stiletthælar med støvlar :D
 
 
 Og sørge for at kalven fekk masse god råmelk og at alt er som det skal :)

 
Tingeling skal ho heite;)
Så no fekk vi enda ei kolla, raud belties kvige - etter Rendalskyrne
(men det får bli ein anna historie)
 
No skal dyra få kveldsmat
og kanskje budeia får ta seg ein cowboystrekk til kvelden:)
.....i lammesesongen gjeld det å sove når det soves kan ... :)
 
 
 
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar