Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

torsdag 21. oktober 2010

Budeia vart satt på prøve

Idag har vore ein dag med .... ja la oss kalle det utfordingar! 
Huttemegtu snøen kom på meg som julekvelden kom på kjerringa
Og alt eg tok i og gjorde endte berre opp med vas
Pluss at grisene gjorde ugagn x antal gonger ..... 
tolmodigheita vart sett på prøve mange gonger i løpet av dagen
Noken dagar skal vel være slik..... 

Tommy fotograferte årets første vintersnø

Det begynte no egentlig så flott med ei fin økt på jobb - som vanleg.
Men sidan det så balla det seg heilt for meg - og oppå alt kom snøen 
Det var ei veldig lang historie gjort veldig kort :) Er vist ikkje så pratesjuk i kveld :)

Noko av dagens trøtte trøbbel og kløneri skuldar eg på 
desse kåte karane som remja utafor soveromsglaset mitt inatt

Jaja eg fekk vertfall god hjelp til å ta inn sauene som vassa i snø
Sprøtt kor mykje snø det plutselig kom - det begynte først kl 12 og kl 15 er bileta tekne. 
Ja til store nedbørsmengder hehe - meinte regn :P


Tommy går ivrig og målretta for å finne sauene:)

Noken som vart glad for å sjå oss
Nemen Tommy og Anna då - de jagar jo feil veg :D


Eg tok nesten ein Katrine :) Sjekk søtingen med snøball skjegg til venstre:)
Fysj kor skitne sauene er. Såg ikkje så verst ut når dei hadde tørka i kveld.
Hehe er eksdama til Tommy som er så gal - ho nr 90016 :)
Det er bestevenninda til Katrine :)
Ho er ein god sau forøvrig - fortener ein dagens dyr merksemd - men ikkje idag :) 


Når eg fekk tid/ måtte ete frukost i 14 tida i dag las eg gårdsdagens VG
Hehe då dukka dagens horoskop opp :D



Konkludera med at detta vart ein høgst spesiell dag! Heilt rett! 
Og den vippa langt over på den ikkje ønskelege dag - lista:) 
Men denna forelskelsen såg eg ikkje mykje til gitt 
- hadde ikkje tid å tenke i dei baner, ikkje at eg hadde tid å treffe nokon å forelske seg i da :D . 
Hmmmm men var no ganske romantisk vær å sanke sau i da :D hahaha
Doris var ikkje så sjarmerande heller med all ugagnet ho fant på 
- men det skjedde MASSE rart ja :D

Ingen grunn til å jobbe meir enn høgst nødvendig du lissom!!!! 
Idag var det nødvendig med 8 - 22.30 dag, 
og hadde eg vore meir uthaldande så hadde lenger vore nødvendig.
Phu! Det kjem ein dag i måro og! 
Og den må starte tidleg! :) 


Så eg får bruke sjølvdisiplinen og komme meg til køys 
Gledar meg til å vakne I MORGON! :) 

(noken som har sett morgendagens horoskop??? :)

2 kommentarer:

  1. Hø? Jaga me feil veg:O

    SvarSlett
  2. hehe nei eg var berre litt morsom :D Vi skal jo over brua på bildet der :P De var så flinke så :)
    Og morro å ha dikka med - Renate vart glad! :)

    SvarSlett