Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

lørdag 2. oktober 2010

Hjortejakt, triste nyheiter og gode naboar :)

Det har vore nok ei begivenheitsrik helg - både på god og vondt!
........skreiv eg FORRIGE helg :) Så eg får berre fortsetje med denna og innsjå at eg ikkje klarar å blogge kvar dag:) 

Begynner med det morsomme :) Jakt! Søndag var det plutseleg full action på walkie talkiane :)
Ein hjort hadde sett noke stygt noke og la på paling, og det var bratt og det var spenning og den var på veg mot postane. Det smalt så det ljoma i Vetlefjorddalen - så då var det vår tur! Vi skulle på hjortejakt :)



Robin , tante nate og fotograf mamma Katrine :) No var jakta avslutta og vi kunne komme i skogen til møtes med jegrane- vi var på vakt så vi kunne skyte, og vi såg etter spor og høyrde etter lydar :)



Den kommande jegaren er spent :) Vi har ei stund øvd på handtering av skytevåpen (i form av papirrulla og lignande) - aldri peike på folk, og vi må alltid stå bak skyttaren og så er det lurt å halde seg for øyra når det smeller - eventuelt bruke hørselvern:)




Får ta med litt forhistorie og:)
Geværet fekk Robin av onkel Trond når han var ganske så liten :)







Får slenge med eit par bilder av treninga og :)
Vi har skote på blink:)














Ja tilbake til jakta :) Vi var fortsatt på jakt - eg meiner vakt :)








Så kom vi opp til den nederste posten (han sat no egentlig å venta i tilfelle dei andre jaga føre seg noken hjorta nedover...... meeeen den sjansen spolerte vel vi :)

Robin fekk sitte i ei jakthytte for første gang :) Den var super å klatre i og - latteren klang så hjortane sprang 


Vi hadde ein fin skogstur i solskinnet:)


Lærte nye navn som blom og gran mens vi spent venta på hjorten og dei tøffe jegrane :) 
Vi skulle gå til møtes med narve og besten - sjølvsagt måtte jo det være hjorten som var lengst oppe - og lengst tid å gå i møtes til 
.......... 2! timar seinare - ENDELIG :) 

Ein av karane :)

 
Jeger Bom Bom er sliten :) Men får med seg litt slakting før middagskvilen skal takast :) 

DAGENS DYR: 


GAMLE ROSALINN

Stakkars dama hadde ein brå død på lørdag
- ho var høgt opp i ei bratt li og sklei  av på eit svaberg.
Sukk......"hadde ein berre....."
Det var trist, veldig vemodig og eit stort økonomisk tap!
Ho hadde brudd i ryggen og døydd brått - heldigvis.
Det er ei lita trøyst at me veit kor ho er og kva som har hendt,
me slepp leite meir.
Og den triste kalven hennas er så stor at ho klarar seg uten mamman.
Stakkars så den gret og møar etter mamma - mo.

Rosalinn er ei av 3 kyr me hadde att etter pappa sin mjelkekyrperiode.
Ho var fødd i 2002 - tippar eg (utan å sjekke i papira)

Her er eit bilde av ho og dei 2 andre som 2 åringar :)


Ho har hatt nokre kalvar :)





Dessa to bildene er av Downs som 1 og 2 åring :)
Kalv og kvige:)
Første oksekalven hennas:)

Fjordårets oksekalv - Erlend. Halvt Hereford og NRF
Ein stor flott brande som skal få leve og vekse seg litt større til Februar:)


Årets jente kalv - eller kyrkalv som me seier :)
Ho heiter Line, det var nabo Daniel som var jordmor til ho og fekk døype ho.
Eg kallar ho Daniella og så eg skal hugse det:)
Halv Hereford/NRF

Her er ho litt seinare på sommaren på Langehaugen - heimestølen.


Og så har eg lyst å fortelle om dei fantastiske naboane eg har rundt meg i Vetlefjorden! Og det er ikkje berre ein det kryr av dei :) 
Når eg skulle vekk i 4 dagar no passa det sånn at slaktebilen skulle komme samtidig for å hente 2 kviger - tyspisk! :) 
Men med MASSE god hjelp frå familien Mæland kunne eg reise på kurs uten å bekymre meg og vite at detta kom til å gå som i fot i hose! :) 
Dei var med å hente kvigene i Rendalen - og jaga dei lenger ned i bygda - det gjekk veldig fint! Har snille dyr:) Dei skulle få gå ute hjå dei til slaktebilen skulle komme.
Men flokktilhørigheita var eit minus denne gangen - dei VILLE fram igjen......etter nokre turar fram og tilbake på jordet i mellom oss - og ei stund med elvebading (stakkars kviga var heilt desperat etter å komme fram att, stod i elva leeeeeeeeeeenge før ho fant ut at det var ikkje så kjekt - ikkje veit eg heilt ka ho tenkte :) 
så satte me dei inn i Mælandfjøset. 
Der stod dei i 4 dagar til ende med fullservice; masse god mat, reine omgivelsar og heilt sikkert masse kos! Dei fekk iallefall leve i luksus sine siste levedagar :) 
Og så tok dei bryet med levere dei på slaktebilen - eller dyrebussen høyres litt betre ut:) 

Det å levere dyr på bussen er ei heisa påkjenning faktisk. Ein ting er at ein leverer dyr til slakt - det er dyr ein er glad i, det er dyr ein har stelt med i mange månedar eller mange år. Ein blir trist og føler seg litt som ein forredar. Men med mange års trening lærer ein  distansere seg og motivere seg til den dagen og følelsar blir eit ikkje tema. Men ikkje nok med det så er det eit heise adrenalinkick. Ein er såååååå spent på korleis dette skal gå - dette er dyr på 500 -900 kg (i "verste" fall) så ein har ikkje mykje å stille opp med mot dei. Og det å få dyra til å gå på bussen er ikkje alltid like enkelt, dyra kjenner mange luktar - den bråkar og det er oppoverbakke... Som regel går det greit - dei tripper inn på plass og når dei står innestengt ser dei på deg med spørsmål i blikket. Men frå ein slepper dyra til dei står på plass held ein pusten og tenker kvart sekund "kva kan i verste fall hende no" ...."og kva gjer ein om dei ..." 
Spesielt "spennande/skummelt" med oksar som står på bås :)

SÅ TUSEN TAKK FOR HJELPA ANDERS, GERD OG GEIR ANDERS :) Både fysisk og mentalt :) 

Så om ikkje det var nok, så spratt plutselig Anna inn døra i går kveld når eg kom att. Ho ville overraske meg med å ta oppvasken min før eg kom att - det rakk ho ikkje. Men hjalp meg i timesvis med vask og rydding eg ikkje rakk å gjere før eg for på tur :D Klarte å finne litt mat her og der i huset så eg fekk laga eit måltid til ho - med dessert :) 

Leif Magne og Susanne fortjena og eit eige kapittel - men får ta det att :) Begynner å krible i føtene og vil ut og jobbe no:) Og gå å helse på dyra :) 

Ellers var eg 4 dagar på Gullfunn :) øyøyøyøy DET var saker det :) To be continued..... :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar