Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

søndag 10. oktober 2010

Kvardagsblogg og kyraklypping

Har fått kommentarar på at detta er ein triveleg blogg om kvardagen på ein gard, denna veka har det vore skikkeleg kvardag - med dagar eg ikkje vil ha kvar dag :)

Eg har hatt ei typisk være på etterskot veke, alt eg har gjort skulle vore gjort vertfall igår... Ein stressande tilstand egentleg - så det var godt med helg så eg skulle få gjort unna "MÅ GJERAST" tinga. Berre bruke dagen idag og, så kan eg starte på mandagen med utkvild kropp og ikkje på etterskot - trur eg :)
Og sleppe å jobbe frå 6 om morgonen til 10 tida på kvelden for å få unna alt. Det var i meste laget kjente eg - i vertfall berre med eit par timar pause i mellom ...... Slik skal eg ikkje ha det kver veke :)

Men no har alle dyra det bra - alle storfea er inne og er vand med rytmen der.Doris og Gerda bur i lag i barselhuset og har det sosialt, heimekoseleg og lunt der (litt for gjørmete der dei trakkar mest - men mykje grønt areale har dei og) Grisungane har flytta til haustbeite under fjøsen, har fått seg hustak over hovudet - lun stor seng og tørr eteplass. No er det berre att sauene, tenkte å ta inn dei som skal til slakt å fore dei godt. Sauene har det fint ute enda - ikkje all verden med energirikt for, men dei har store areal å gå på - så dei velgjer det grøne framfor hermetiert for :)



Kalvane og mødrene er vand med ammeslutt - det var noken dagar med grining. Og avgjeldninga gjekk fint!
(Avgjeldning = når kyrne sluttar å mjølke/produsere mjølk. Det er fare for jurbetenelse når ein plutseleg sluttar å mjølke/amme kyrne - mjølkebønder pleier å gjere avgjeldningsprosessen over tid. Det gjorde me og i fjord med amminga - slapp kalvane laus så dei fekk syge. Sjeldnare og sjeldnare.
Ein bakdel var at det var uroleg mykje lenger i fjøsen. Og dyrlegen sa det skulle gå bra med brå slutt - mjølka som alt er produsert vert broten ned til sukker att og ført tilbake til kroppen ((VELDIG grovt forklara:))
Og ved å åpne spenekanalane og la kalvane amme sjeldnare og sjeldnare er det større sjansar for at ein slepp inn bakteriar i juret, så då håpa eg på at nedbrytningsprosessen av mjølka gjekk som den skulle og minska bakteriefaren.

Labbi og Hjerteknusaren i vår når dei fekk fri tilgang på pupp



Eg har klypt alle dei vaksne storfea denna veka. Me har berre båsfjøs, så det er stor sjanse for at møka havnar der dyra legg seg. Og dette klistrer seg på pelsen og blir eit uggent lag på låra til dyra.
Ein ting er ubehaget med å ha bæsjen klistra på seg - men det stivner og blir klumpar som sikkert luggar og er vondt å ligge på - dei kan få sår av det. Stakkars dyr!!
Har slite mykje med møk på dyra før - men med klypping er det MYKJE bedre. Kjøpte saksa til dei til jul i fjord - så då var det liksom for seint til at eg fekk så bra resultat.
Til og med oksane er tørre og reine! Dei og står på heilt golv dei og - og med tissen midt under magen er det umulig for dei å ikkje tisse i senga :) Men når dei er kortklipte og får nok flis så har dei det så bra alikavel :)
Ikkje nok med det - dei har enda fleire fordeler ved å bli klypte:) Det er mindre sjangse for at det vert midd og andre smådyr i pelsen som klør - eller sagflis og rusk og flass og sånn :)

Viste du at kyrne faktisk kan få ca 5 cm lang pels??? Det er vanligast med 1-2 cm, og det er jo langt nok til at ting og tang blir liggande ved hårrota :)

Og det er ein fryd å klyppe dei - sjå kor glad dei blir - det er så tydeleg at dei nyter det. Ser ut som ein skikkeleg kløbefrielse :) Eg blir litt lei meg når eg fresar vekk den flotte buskete halen - men den kan havne i bæsjen og klaske det opp på ryggen - så den får gå den og :(

Klypte den lange flotte pelsen til Hetleguten og, han var no prioritet nummer 1. Eg får bruke han som:

DAGENS DYR  
så de veit kem eg snakkar om:)

Helteguten

Han e både sjønn OG tøff! :) Han er rasen Belted Galloway - kjøttferase som stammar frå Scotland.
Kjøpte han av Karina Hetle Solheim og Ståle Hetle - Fosseheimen Naturpark i Viksdalen, i sommar.


Hetleguten helsar på dei nye damene sine :) Og flokken han skal passe på:) Gledar meg til kalvane kjem til våren - små bamsenøster på ca 30 kg med bustete bamseøyrer :)

Eg har ikkje klart å komme på koseforhold med han i sommar - han kjem til mjølbøtta og er ikkje redd folk. Men fysisk kontakt med oss tobeinte klarar han seg fint uten :) Så vi var spente når vi skulle sette han inn på bås og få halsband på han - men det gjekk kjempebra.
Han hadde nok trivdes best ute heile vinteren med sine 20 cm lange vinterpels han får. Når han så stod på bås tenkte eg han skulle klappast på å temjast :) Men han klaskar ut bakfoten og "seier" at det klarar han seg fint uten :) Men eg hadde vel ikkje vorte så fornøgd heller om det kom noken eg ikkje var heilt trygg på bakfra og begynt å ta på meg :)
Så eg var igjen fryktelig spent på klyping av han - han måtte som sagt klyppast, såg for meg med skrekk og gru kor mange kg drit som kune feste seg på den lange pelsen. Eg starta saksa og begynte som alltid på halerota (det er der dei klør mest :) og då løfta han fint halen og "sa" detta kan eg like :)
Fekk tilog med klypt han under magen uten problem. Eg var sjølvsagt forsiktig sida han ikkje er heilt komfortabel med meg - hehe eg tenkte at ja no tek eg forholdsregla og står på avstand - mens eg stod overskrevs over Johannes oksen som låg å kvilte i mellom meg og Hetleguten :D

Skal ta eit bilde av han, fekk ikkje klyppe fra knea og ned - så han ser ut som ein puddel :)


Apropo blogg og tilbakemeldingar - detta har gått over all forventning:)
Ikkje berre får eg skrive alt eg har på hjartet utan stopp, men det er nokon som lik det eg skriv og :) Eg fekk jobbtilbod som bloggar (og har ikkje gløymd deg, men er litt hektisk no, så det må vente litt :) Og Sogn Landbrukstenester klistra like godt ein link til bloggen på heimesida si :D
Eg er egentlig forundra over at nokon orkar å lese over alt skravlet mitt :) Eg er ikkje akkurat kortfatte - eg prøver men det ser ikkje slik ut :)

No får eg hive meg rundt å begynne å jobbe. Dyra skal få mat og stell, kalvane skal klyppast ferdig idag og eg har lyst å ta litt Renate tid i skogen å rydde beite - hogge skog og krattskog og kose meg ute - det er avkopling :) Og fornuftig til sommaren når det kjem noken ekstra grastustar :)
Ha ein fortreffeleg søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar