Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 24. september 2010

Landbruksvikar, kusignal og kattungar



Igår kom eg heim ifrå kurs med Landbrukstenester på Vossestølen Hotel. Ein innhaldsrik 2 dagerstur med mykje sosialt, lærerikt og engasjerande innhald.
Hadde ikkje med meg kameraet beklagelegvis! Æsj - ja det var dumt! Hadde fått noken kjekke fotografiske minner då :) jaja
Er det forresten nokre av kursdeltagarane som har bilete tek eg gjerne i mot på mail: rendedal.renate@gmail.com :) 

Eg skulle absolutt hatt bilete av verten og eigaren av hotellet! Han Halvard - ein utruleg serviceminded mann full av karisma :) Han var fyllt til randen av gode historiar - og han las dikt til oss :) Det var ei pærle av eit hotell å bu på!
Halvard var i hine hårde dagar maskinentrepenør - og skulle i banken å låne peng til gravemaskin, ut att kom han som eigar av hotellet ! Fantastisk!
Og han lydde stort sett namnet sitt! :)

Ein potensiell avløysar:)


Landbrukstenester er firmaet eg jobbar i.
Eg er ansatt hjå Landbrukstenester Sogn - med ho Aud i spissen. Eg er landbruksvikar og avløysar.
Begge deler er mykje likt - eg går under begge "titlane" i fjøs.
Men er eg landbruksvikar er eg sjukevikar for ein sjuk bonde - det kan være akutt sjukdom hjå bonden eller forutsatt sjukdom som operasjon for eksempel. Og avløysar er på godt norsk det same som budeie eller taus... eg avlastar bonden så han eller ho kan ta seg fri (eller gjere andre ting på garden:) !

Mange lurar på kvifor eg ikkje startar opp for meg sjølv og jobbar som avløysar - eg hadde tent meir og bøndene hadde betalt "mindre". Ser ein så enkelt på det - så ja!
Meeeeen......
Før det første så er det veldig lett å berre jobbe, skrive timar og få betalt for det. (medan ho Aud styrer med rekneskapet, sender rekningar og den administrative biten)
Men i tillegg til løna får både eg og bonden gode forsikringar me slepp å kjøpe om eg hadde vore sjølvstendig. Eg får lovpålagd yrkesskade forsikring og ulukkesforsikring - så i verste fall om eg hadde vorte invalid (og sjansen er jo der så "uheldig" eller klønete som eg kan være:) så slepp bonden å legge ut dei sei 3 millionane for uhellet mitt:)
I tillegg får vi ansvarsforsikring - så skulle eg være så uheldig og drukne traktoren eller sende penecilin mjølk til meieriet - så betalar bonden berre ein eigenandel medan forsikringa til landbrukstenester dekkar resten.
Og DET er jo veldig godt å vite! :)
Ikkje nok med det så har eg nokon å henvende meg til på kontoret når eg treng nokon å prate med eller drøfte noko med  OG eg får reise på kurs med kollegaer i regionane rundt her. Oppdatere med fagleg og ha sosiale samkomme! Ja Landbrukstenester er absolutt ein trygg og kjekk arbeidsgjevar :) Eg står nok og litt sterkare i ei landsdekkande bedrift enn åleine når til dømes lønnsforhandlingar står på trappene:)

Ein avløysar frå Landbruksenester klarar til og med å handtere ei brunstig purke :) 

KUSIGNAL - eller kyrasignal som blir mest naturlig for meg å sei :) Utruleg kjekt kurs!
Det var Landbrukstenester Hordaland som arrangerte kurset for oss denne gongen - dei "inviterte" blandt anna Felleskjøpet til å halde kurset kusignal. Ein suksess! Mange av "signala" ein kan sjå på kyrne eller omgivnaden rundt er ting ein gjerne veit - men ein vert meir oppmerksam på det! Og handlar gjerne før ein ville gjort ellers!
Viste du :
*at ei kyr berre søv i 20 min i døgnet?? (og når då det å sove er for å kvile hjernen.....så seier det kanskje noke om hjenekapasitet.....nei fy meg! :) OG det trøstar meg med at eg treng minst 7-8 timar søvn:D )
*Men ho treng 14 timar kvile:)
*Og at hasesår (gnagsår på beina) gjer at det vert fleire kvite blodceller i blodbanen for å hindre infeksjon i såret - det kan og auke celletalet i mjølka (det er ikkje bra med mjølk med mykje celler i :)
*at det går med 22000 liter vatn for å produsere 1 kg kjøt (det er eit godt miljøvennleg argument for å produsere kjøt på vestlandet:)

Når eg er på kurs tenkjer eg alltid at: detta skulle bøndene "mine" fått vore med på og! Ikkje fordi dei er dårlige bønder - tvert i mot! Men det er alltid interessant å lære meir, åpne augene for ting ein ikkje ofte tenkjer på, få ein engasjemangsboost - i det heile - det er kjekt! :)

Så endelig PUS - eller KATTUNGA :D 


Har som eg har nemnt før 4 sjønne pusungar i hus! Mammaen gjømte seg og føda ungane ein lur plass - men vi fant dei til slutt :) Dei er ca 4-5 vekner no. Og utrulig tamme til å ikkje ha sett folk før! Dei var litt redde første kvelden - men no får eg knapt være i fred. Akkurat no ligger ein å søv på fanget mitt :) Han fekk ikkje plass i lag med dei 3 andre oppå internettdingsen :)

Kattemamman eller Kjetta som vi kaller ho, er ei utruleg god avslkatte :) Ikkje berre får ho 2 kull i sesongen (JIPPI:) men ho får alltid mange forskjellige mønster og fargar :)


Eg skulle ha sjekka kjønna på dei no, men dei søv så søt så vil ikkje forstyrre. :) FORDI - eg kan jo ikkje ha 4 kattar! Så har noken lyst på ein pus  er det berre å gi beskjed! Vi gir gladelig vekk så ikkje styggemannen må få dei :p


Dei eter tørrfor (og våtfor - men gir dei berre litt av og til så dei ikkje får ilt i magen) Og er allerede veldig flinke å gå på do - I dokassen! :) Dei bommar berre bittelitt :) Og det har berre sjedd rundt kassen - dei rakk nok ikkje fram :D


Han her kalla eg for Tuner :) (eg veit det ikkje er ein tuner han ligg på - men er kulare med tuner enn Internetboks - for eg kjem ikkje på det orntlige navnet :) Men no har dei andre sjønt at det er digg å ligge der og! :) Dei ender sikkert på tuneren til slutt når dei blir voksne :)


Dei er veldig leikne og aktive - om no det er positivt :) 
Dei klatrar opp i sofaen som om det skulle vore ein dørstokk, og hoppar nedigjen lett som berre det :)



Godt lynne, flotte eksteriør, god motorikk - som sagt : ei bra avlskatte med gode linjer :) 



Men har du aldri hatt pus før må du tenke deg godt om før du bestemmer deg for å ha ein! Det er ikkje berre å få ein pus i hus - det er nett som ein baby som trenger stell og mat og tilrettelagde omgivelsar - men det får eg ta ein anna dag, for no skal avløysaren ansett i Landbrukstenester Sogn på jobb :)

Ha ein fortreffelig helg :)

3 kommentarer:

  1. den kvite og gråe ligna på katten til Malene ;)

    -Miriam

    SvarSlett
  2. Du Renate, du renate, du kan kunsten å underhalde, det skal du ha! :)

    SvarSlett
  3. På neste kull med kattungar må du forresten bestille ein langhåra raud kattunge til meg;)

    SvarSlett