Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 17. september 2010

Fredagskos

Ja då var plutselig fredagen her igjen :)
Har hatt ein fin fin dag med masse jobbing og jabbing :)
Vaska fjøs på jobb idag så har uante mengda saumøk i augene - ja eg ønsker meg vernebriller med spyleveske og vindusviskarar :) Ja når eg var ferdig på jobb så var eg ferdig for å sei det sånn :) Men det hjelp ikkje å legge seg på latsida for det :)
Det skulle bli jentetur på Langehaugen for å sjå etter kyrne - men vi vart jaga der i frå av ein jegar som var på villspor :) hehe




På veg heim møtte vi ein sau :)
"Godag" sa sauen :) "Eg leitar etter Rendedal gard men eg trur eg har gått meg vill :) "
"Eg går no berre i klogga...." sa eg ".... og Malene her tripper rundt i kvite tøysko - men vi kan no vise deg vegen fordi! .. Neeeeeei vent spring no ikkje ned i det våte graset då 8050! Eg er så glad for å sjå deg, du er den siste sauen vi manglar"
"bææææææææ eg er redd!!! Eg er åleine, og har mista det eine lammet mitt - og sjølv om du ser snill ut med den blå bøtta og luktar godt sau - så er eg skeptisk" :D

Fortellerstemma: Etter eit par rundar på bøen gjekk sauen på vegen og Renate etter - i klogga. Men der kom det sjølvsagt ein bil å skremde sauen som var på leit etter flokken sin - opp i ei ur det bar - og så tilbake i vegen. Jammen gjekk ferden heimover dalen mot Rendedal gard. Det gjekk i eit forrykande tempo - utruleg at budeia klarte å halde farten i dei skoa :D Sikkert dei våte tjukkesokkane som gjorde susen.
humre humre. Når vi kom til Langeteig var det så mange sauer der at sauen ville parkere - kanskje er familien min her tenkte sauen! Karoline og mamma Rendedal kom også til for å hjelpe og Leif Magne skrudde av strømmen så budeia kunne krysse gjerdet og springe litt ekstra :) For ein stil :D
Sauen ville ikkje forlate artsfrendane - ho vart så glad for å sjå likesinna :)
Ein forbipasserande potensiell jegar stoppa "Da e da eg saie - saue e domme dyr!" Fekk endeleg Narve bevist.
Narve kunne det å møte for sau, med svikt i knea og lange armar frykta sauen å passere - men ho ville no likevel prøve - han såg tross alt ikkje så spretten ut.
Sauen tok ei finte og la på sprang - men sauen feilberekna mannen - han spratt etter og fata sauen. Med slik innlevelse at treskoen flaksa :) Mamma Rendedal hoppa til og la all si tyngde på - sauen skulle ikkje få sleppe:) Også ho hadde kloggtrøbbel :) hehehehe ........... men lammet freista å teste elektriskgjerdet - balla seg godt inn nettingen. Då såg rendalsbudeia sitt snitt og la inn ein sluttspurt "got ya! " :)
Me fekk dyra i hus - og på tross av litt ekstratrim står 8050 fortsatt med grøn skrift på sauelista:) Ho ættar nemlig etter ei god slekt
Snipp snapp snute - 8050 får mange flotte år til ute! 




Hahaha IGJEN manglar eg filmkamera - trur eg ønsker det til jul :) Bak ryggen min driv Malene med vanvittig dansing - alt fra breakdancing til ass shaking :) hehe Karoline som er litt meir urban enn oss lærer vekk - få flis i rumpa, hånda og håret dans :) hehe trur eg satte fram for mykje brus, chips og sjokolade i kveld :) HAHAHAHAHAHA KOR ER KAMERAET NÅR EG TRENGER DET???!!!!!!

Ja det var litt om dagen idag! Har jammen hatt mykje "fagprat" i kveld og. Det er så artig å diskutere og veksle erfaringar og tankar :) Sjølv om eg kjem litt til kort når vi kjem til traktor og utstyrbiten :) Igår kveld og fekk eg slik ein trivelig telefon :) Nei no er det kø på dataen her :)
Me talast ved! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar