Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

mandag 20. september 2010

Tullungen Linda

Detta har vore ein mandag uten det alt for høge aktivitetsnivået - men har lagt mykje planar for morgondagen då :)

I morgon i morgon men ikkje idag :)     

Jaja smådyra har fått masse godt stell da - lille kaninga Tussi fekk kamba pelsen sin til og med :) 


cf5zag< - vetle pusen fekk skrive:) Har fått 4 alldeles nydelige nøster i hus, i den perfekte sjarmerer i senk alderen :) Skal ta bilder og legge ut i morgon :) Eg kan ikkje ha  alle - så håpar nokon har lyst på pus:) Kjetta er ei bra avlskatte - ho får alltid masse kattungar i forskjellige mønster og fargar :)
Eg er ikkje heilt vand med pusungar enda, tok dei inn til meg lørdagskvelden. Dei er ca 4-5 veker og mora fekk dei på hemmelig plass, så dei var småredde. Det var Karoline og Miriam som var på kattungejakt i helga og fant dei.
Dei får bu i gangen min i eit stort hundebur, så dei har det fint:) Når eg har vore heime idag fekk døra til buret stå ope så dei fekk springe i gangen. Og bli kjend der.
Etter leiking og springing i gangen (for noken herlige lydar potane deiras lagar på parketten:) la dei seg til å sove, eg gjekk forbi inn på badet. På veg tilbake holdt eg på å trakke på ein - med kloggar på :/ Søtingen hadde sprunge etter meg og stod med søte auger å såg opp på meg :) naaaaaaaaaaaaaaw :)

Var på kurs i partering av hjort igår, det var lærerikt og spennande! Det var Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortesenter på Svanøy som underviste! No gjenstår det berre masse trening  - så har meldt meg frivillig til å bistå i haust :) Og at det vert skote ;)



DAGENS DYR: 

TULLUNGEN LINDA
Tullungen vart fødd på Mæland, og Linda Beate var jordmor. Mamman til tullungen heiter Tulla :) 
Vi trengte sårt ei ammehjelp - så då var det godt med gode naboar som kunne selgje oss ein kalv:) 
Tullungen vart fødd seint i mars eller tidlig i april i år - ei fantastisk lita jente! Gledar meg MASSE til mange gode år med ho! 
Når eg kjem i skogen møøøar ho så nusselig - og kjem springande for å få kos og mjøl :)


Her var Tullungen på flyttefot :) Det syns ho var litt skummelt og kaldt - så ho fekk låna jakka til anders :)


Tullungen på sin første springtur på Rendedal gard :) Pleier sleppe kalvane ut å springe nesten kver dag frå dei er eit par veker til dei får gå ute på sommarbeite:) Det har dei så godt av, blir mykje lettare å handere når vert store - og syns ikkje det er så skummelt å gå inn og ut. Og så storkosar dei seg når dei får ut å springe da - det er ein fryd å sjå på :)


Tullungen i full firsprang med vennane sine tidlig i mai :)

Jøyemeg så tida går! No ventar jobb og mjølking :)


2 kommentarer:

  1. Åååå helledussen, har Tullungen Linda fått eit eige innlegg i bloggen din? Du kan tru jordmora er stolt og rørt! :) Tullungen vart fødd 10. april, ei helg då to andre kalvar hadde tenkt at dei skulle sjå dagens lys på Mæland. Travelt, men veldig kjekt! :) Moro å sjå og høyre at ho er frisk og rask -at ho kom til ein god heim har eg aldri vore redd for! :)

    SvarSlett
  2. Klart Tullungen Linda måtte få eitt eige innlegg - og fleire blir det nok:) Hehe søta! Skal gjer alt eg kan for at ho får det bra :)
    Ho er faktisk yndlingskalven! Sjarmtrollet :) Men så er ho litt lita og spe stakkar- så vi har funne på vårt eige triks for at ho skal få ete masse mjøl uten at dei andre merkar det :)
    Ikkje mange som er ledarku sitt første leveår heller :)

    SvarSlett