Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

mandag 13. september 2010

God mandag morgen :)

Tid for kaffi og røyk og surfing på nettet,
med heimebakt brød er magen mettet ( det vart faktisk ikkje så verst, var saftig og smakte fremdeles ferskt:)
Er ivrig og har futt i kroppen, treng vel engentlig ikkje meir kaffi i koppen.
Pønsker og tenkjer dagen lang
no har gardspipa fått ein anna klang.
Kiker på løysningar for ulike fjøs
no skal kyrne få gå løs :)
Tenkjer og på å bygge slakteri
så kan grisene bli slakta bra skal eg si:)


Apropo slakeri så er detta bøddelens veka
skumlebilen kjem og hentar alle lamma - eg e ein svekar.
Klarar ikkje finne ein unnskyldning for værlammet Tommy
han e so fin og snill og utrulig tam - eg seier til meg sjøl "han er berre eit lam"
usj! :P

Nei no må eg begynne å reagere
dagen er i emning og har ting å gjere:)

Ha ein strålande dag - alle i lag :)
Hei og hopp livet er topp :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar